Hopp til innhold

Tiltakspakkane har effekt i byggebransjen

Bygg- og anleggsbransjen i Rogaland har fått meir å gjera. Tiltakspakkane frå staten får mykje av æra for oppsvingen.

Bygg og anlegg

Det har blitt travlare tider i bygg- og anleggsbransjen i Rogaland.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

På ein byggeplass i Rogaland møter NRK Simon Njærheim. Han er dei mange som ikkje fekk læreplass i oljeindustrien.

– Eg fekk svar frå dei som eg søkte på ganske fort, og det var som regel nei frå dei fleste, seier Njærheim.

Simon Njærheim

Simon Njærheim er glad for å ha fått læreplass.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Men læreplass har han likevel fått, og no får han opplæring i å leggja asfalt.

Veg- og anleggsfirmaet Lemminkainen blei redninga. For det går betre i bygg- og anleggsbransjen, mykje takka vera tiltakspakkane frå staten.

– Tidene var gode i fjor, og ganske gode i år. Årsaka er pakken som har kome nå, med kommunane og staten som dei største kundane, seier avdelingssjef ved Lemminkäinen, Stian Sele.

Fleire byggeprosjekt i gong

Stian Sele

Stian Sele i Lemminkäinen meiner tiltakspakken har bidrege til meir arbeid.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

For eitt år sidan vedtok regjeringa å gi øyremerka krisepengar til kommunar på Vestlandet. Pengane skulle brukast på vedlikehaldsarbeid for å få folk i arbeid.

Sandnes og Stavanger fikk til saman 130 millioner, og fleire av prosjektene er i full gang.

I Sandnes meiner dei at dei har greidd å velja prosjekt som sysselsettar mange.

– Me såg på prosjekt som kunne gi ei sysselsetting innanfor ulike bransjer, og me har greidd å involvera både bygg og anlegg, elektrikarar, malarar og rørleggarar, seier rådmann i Sandnes kommune, Bodil Sivertsen.

Lågare arbeidsledigheit

I dag kom det nye ledighetstall. NAV-sjefen i Rogaland gler seg over at arbeidsledigheita i fylket stabiliserar seg. Og han meiner tiltakspakkane har spelt ei rolle.

Truls Nordahl

Direktør i NAV i Rogaland, Truls Nordahl, trur tiltaktspakkane har hatt ein effekt.

Foto: Inger Johanne Stenberg/NRK

– Me trur at ein del av det viser igjen ved at det blir lyst ut adskilleg fleire stillingar innanfor bygg og anlegg, seier direktør i NAV i Rogaland, Truls Nordahl.

Og dette ble også redninga for Simon Njærheim, som ikkje syns det er dumt at oljejobben glapp.

– Nei, eg er berre glad for at eg fekk meg jobb.