Hopp til innhold

Millionar ville lære om Elizabeth då ho døydde – det førte til drama på Wikipedia

Hundretusenvis av klikk og ein eigen innsatsstyrke som skreiv historie i sanntid. Det vart drama bak kulissene på Wikipedia då dronning Elizabeth II døydde.

Bilete av dronning Elisabeth II på ein blå bakgrunn. Oppå biletet ligg eit linjediagram med ein graf som går rett oppover.

Dagane etter dronninga gjekk bort gjekk besøkstala til artikkelen om ho på engelskspråkleg Wikipedia opp med over 17.000 prosent.

Foto: POOL / REUTERS / NRK

Dronning Elizabeth II døydde om kvelden 8. september. Like etter 19.30 vart det offentleggjort.

I løpet av nokre sekund var Wikipedia-artikkelen om ho oppdatert med at ho var gått bort.

I minutta etterpå var hundrevis av wikipedianarar i gang med å endre alle «er» til «var» i artikkelen. Ein eigen innsatsstyrke, London Bridge task force, fordelte arbeidsoppgåver og oppdaterte tekstar der dronninga var nemnd.

(Operasjon London Bridge var namnet på planen den britiske stat hadde for kva som skulle skje då dronninga gjekk bort.)

I dei to dagane etter nyheita kom, gjekk talet på sidevisingar på artikkelen om ho opp med 17.439 prosent samanlikna med dagane før. Over 13,5 millionar var inne for å lære meir om den no døde dronninga.

Og med like mange meiningar som det er wikipedianarar som ville redigere artikkelen – vart det drama.

Redigeringskrigen

I sekunda og minutta etter dronninga døydde kjempa wikipedianarar om å vere først ute med oppdateringar eller å endre ord til fortid.

Då oppstod det konfliktar når folk redigerte kvarandre sine endringar – sokalla redigeringskrig.

Fleire som ikkje likte dronninga ville også skrive at ho var ein forferdeleg person. Nokre av desse vart utestengd med det same for det dei skreiv.

– Det var heilt grufullt. Det vil alltid vere nokre slike folk, spesielt ved døden til slik ein kjend figur, seier Steven Pruitt til NRK.

Han var til stades i artikkelen om dronninga då det sto på som verst.

Pruitt er verkeleg ei stjerne blant wikipedianarar. Han har dei siste 18 åra gjort over 5 millionar små og store endringar på leksikonet, og har soleis gjort fleire redigeringar enn nokon andre.

Nær ein tredjedel av alle engelskspråklege artiklar har han redigert på eitt eller anna vis.

Steven Pruitt

Steven Pruitt, eller Ser Amantio di Nicolao, som han heiter på nett, har gjort flest redigeringar av alle til det engelskspråklege Wikipedia – over dobbelt so mange som neste person på lista. Og ja, biletet er henta frå Wikipedia.

Foto: Fuzheado

Men nettrolla som skreiv useriøse «fakta» om Elizabeth, vart fort handtert av andre wikipedianarar.

Seinare dreia diskusjonen – for det vart sjølvsagt ein diskusjon – seg meir om no kong Charles skulle kallast Charles III eller Charles III av det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Då vart diskusjonen meir seriøs og sakleg, seier Pruitt.

– So det er veldig mykje wikibyråkrati, men det gjer verkeleg meining, seier han.

Wikipedia-tull førte til joike-utfordring Trygve Slagsvold Vedum omtalt som joiker Fred Buljo: – Vi har jo begge litt lite hår

Trygve Slagsvold Vedum

«Livet etter døden»

Russell Goldenberg er journalist i eit nettmagasin som driv med datajournalistikk. I 2018 skreiv han ein artikkel kalla «Livet etter døden på Wikipedia» i The Pudding. Her synte han korleis lesartala på artiklar om kjende folk går rett i vêret når dei døyr.

– Eg merka ein trend der dei mest leste artiklane om personar kvar dag lét til å vere nokon som nyleg hadde gått bort, seier han til NRK.

Dømet han nytta i artikkelen på nokon som var svært «populære» etter dei døydde, var Prince. Han fekk 11 millionar sidevisingar på to dagar. Elizabeth II fekk over 13,5 millionar.

– Eg er nysgjerrig på kvifor folk går til Wikipedia-sida for slik ein kjend person når dei døy. For min eigen del, om eg leitar etter informasjon om kva som skjedde, ville eg sett til nyheitene.

So stort er Wikipedia faktisk Skrev ut hele Wikipedia

Wikipedia

Han er fascinert av fenomenet med livet etter døden på leksikonet, men skulle gjerne hatt endå meir data for å sjå nøyaktig kva det er folk les om i artiklane om nyleg døde kjende personar.

– Eg har ingen god hypotese for kvifor lesartala går slik opp. Eg ville aldri tenkt på å klikke meg til Wikipedia først, seier Goldenberg.

Dronning Elizabeth vert gravlagd 19. september.

Denne artikkelen er inspirert av ein Twitter-tråd av brukaren «depths of Wikipedia» driven av Annie Rauwerda.

Ytring Sannheten og Wikipedia

Wikipedia 1

Flere nyheter fra Rogaland