NRK Meny
Normal

– Eg har sett krig, men dette er det verste eg nokon gong har opplevd

Aslan (22) blei angripen med ei kjøtøks i eit masseslagsmål på eit asylmottak i fjor, noko som enda med at han drap ein person i nødverje. Nå åtvarar han om at liknande episodar kan skje igjen.

Aslan (22) blei angripen med ei kjøtøks i eit masseslagsmål på eit asylmottak i fjor, noko som enda med at han drap ein person i nødverje. Nå åtvarar han om at liknande episodar kan skje igjen.

►SJÅ VIDEO: Aslan Masakov (22) er både i Jæren tingrett og i Gulating lagmannsrett frifunnen for Dale-drapet. Retten meiner han handla i nødverje då han stakk den avdøde med kniv. Han er dømt for medverknad til vald i same sak. Dette har han sona for. Her fortel han korleis han opplevde det som skjedde.

Utanfor politihuset i Stavanger sit 22 år gamle Aslan Masakov på ein benk. I fanget har den unge mannen, som opphavleg kjem frå Tsjetsjenia, fleire plastposar med namnet sitt på.

I posane ligg mobiltelefonar, ein GPS og den bærbare datamaskinen hans. Ting som har

Aslan får ting tilbake

Her har Aslan fått tilbake tinga sine frå politiet etter meir enn eitt år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

ligge hos politiet i snart eitt og eitt halvt år.

– Det er veldig kjekt å få dette tilbake. Eg har ringt mange gonger til politiet, men det har vore litt forvirring, og dei har trudd at tinga tilhøyrde nokon andre. I dag fann dei ut at det var mine ting og eg kunne endeleg koma og henta dei, seier han.

Hovudtiltalt for Dale-drapet

Årsaka til at politiet har hatt tinga hans er at Aslan i fjor blei hovudsikta og seinare tiltalt for drap.

Han hadde erkjent at det var han som knivstakk ein ung kurdar utanfor Dale asylmottak i Sandnes onsdag 15. februar 2012. Den unge asylsøkaren frå Kurdistan døydde seinare om kvelden.

Knivstikkinga skjedde under eit masseslagsmål mellom kurdarar og tsjetsjenarar. Saka, som fekk namn Dale-drapet, vakte stor oppsikt i heile landet.

Det var då tilståinga kom at politiet tok seg inn i heimen til Aslan og sikra seg alt av digitale spor. Mobiltelefonane til familiemedlem blei også tatt.

(Saka held fram under biletet)

– Handla i nødverje

Drap ved Dale asylmottak i Sandnes 15. februar

15. februar i fjor blei ein ung mann drepen utanfor Dale asylmottak. Politiet leita etter gjerningspersonane heile natta.

Foto: Ronny Hjertås/Erik Waage / NRK

I dag er det ein fri mann som opnar plastposane med tinga sine i. Han blei først frifunnen for drapet i Jæren tingrett og nå er han også frifunnen i Gulating lagmannsrett.

Dei slår fast at Aslan handla i nødverje etter å ha blitt angripen med ei kjøtøks under eit masseslagsmålet.

Vidare blei Aslan dømt for medverknad til vald i same sak. Han fekk fem månader fengselsstraff, som han har sona medan han sat varetektsfengsla i Kristiansand og Stavanger.

Aktoratet kan ikkje anka skuldspørsmålet, men dersom dei meiner straffeutmålinga eller saksbehandlinga har vore feil, kan dei anka saka til Høgsterett. Fristen for å anke gjekk ut 8. oktober og saka blir ikkje tatt vidare.

Har flytta frå Stavanger

Sjølv om Aslan er fri sonar på mange måtar både han og familien hans framleis for det som skjedde februarkvelden i fjor. For då familien Masakov kom til Norge for ti år sidan blei Stavanger heimbyen deira. Nå er den ikkje lenger det.

– Me kjenner oss ikkje trygge her. Derfor har familien min flytta til Austlandet, og eg har flytta til Nord-Norge, fortel han.

– Det finst tre måtar å løysa eit problem på i heimlandet mitt; vald, pengar eller våpen.

Aslan (22)

Når Aslan nå har henta tinga sine hos politiet er han ferdig med pliktene sine i Stavanger for denne gong. Han blir berre ei natt til før han reiser tilbake til Nord-Norge.

Bil og seng får han låna av eit søskenbarn, men bilen får han ikkje start på når han skal reisa frå politistasjonen med tinga sine.

– Me må visst reisa og henta startkablar, seier han medan han vrir om nøkkelen i eit siste nyttelaust forsøk på å få start på bilen.

Aslan stig inn i NRK-bilen og seier ja til å bli med ein tur til Dale-asylmottak i Sandnes før me hentar startkablane. Han blir aldri kvitt tanken på det som skjedde der februarkvelden i fjor uansett.

– Det var på 21-årsdagen min det skjedde. Derfor kjem eg aldri meir til å feira bursdagen min, seier han.

– Kvifor ikkje?

– For meg er det slik at eg er ein del av det som skjedde. At eg var på Dale førte til at han døydde og eg klandrar sjølvsagt meg sjølv. Eg kjem aldri til å gløyma at han døydde av det stikket eg påførte han. Derfor kjem eg aldri til å feira nokon ting som helst den dagen.

Det byrja som eit blikk

I dommen frå tingretten kan ein lesa at Dale-drapet byrja som ein bagatell. Eit skeivt blikk på kjøpesenteret Vågen 33 i Sandnes, dagen før drapet, sette i gang ei rekke hendingar som vidare førte til drapet.

Blikket blei utveksla mellom to unge gutar. Ein tsjetsjenar og ein kurdar, som ikkje hadde møtt kvarandre før. Blikket blei til eit slag, som blei til fornærmingar på telefon. Vidare blei det til eit oppvaskmøte, som gjekk frykteleg gale.

Ifølgje tingrettsdommen er det «etter norske forhold uforståeleg» at tilsynelatande bagatellar blei til ei så alvorleg sak.

Aslan, som blei involvert i konflikten på eit seinare tidspunkt, kallar saka i dag for meiningslaus. Likevel har han ei forståing for korleis noko så lite kan bli så stort i eit miljø av utlendingar.

– Har all verda med tid

– Konflikten oppstår mellom to asylsøkjarar, som ikkje har noko betre å gjera enn å henga i sentrum. Dei har ingen plass dei skal vera. Ikkje skule, ikkje jobb og ikkje trening. Dei har all verda med tid til å analysera eit blikk, og henga seg opp i det, seier han.

Sjølv går han sitt nest siste år på studiespesialisering på prestisjeskulen St. Olav vidaregåande skule i Stavanger når dette skjer. Han er med andre ord del av eit vanleg norsk skulemiljø på dagtid og eit miljø av norske tsjetsjenarar om kveldane.

Han meiner at nordmenn og utlendingar har ulike måtar å oppfatta eit blikk på.

– Nordmenn er vande med å sjå på folk utan å tenka noko over kva det betyr. Dei kikkar på folk og står lenge og ser, utan at dei gjer noko utav det. Ein utlending med mykje fritid, som kjem frå eit krigsherja land, tenker kanskje heller; kvifor glor han på meg? Har han eit problem? Vil han ha bråk?

Fekk nummeret til han som slo

Det skeive blikket, som blei utveksla på kjøpesenteret i Sandnes 14. februar, førte altså til at den unge tsjetsjenaren, som då budde på Dale asylmottak, blei slått.

Etter å ha blitt slått bad han kurdaren som slo han om telefonnummeret hans. Han fekk telefonnummeret og gjekk.

Seinare på dagen oppsøkte han ein tsjetsjensk ven, som snakka betre norsk, og fekk venen til å ringa kurdaren for å avtala eit møte.

Venen ringde, men det var ein annan kurdar som tok telefonen. Likevel blei det ein amper samtale mellom dei to.

Det blei sagt ting tsjetsjenaren oppfatta som skjellsord om mora hans. Dermed stod nå hovudkonflikten mellom to som ikkje var involverte i den opphavlege konflikten frå kjøpesenteret. Tsjetsjenaren i denne konflikten er ein ven av Aslan.

Blei med for å leita

Å koma med fornærmingar mot ei mor er noko ein i visse miljø tar svært ille opp. Det tsjetsjenske miljøet i Stavanger og Sandnes, som Aslan var ein del av, er eit slikt miljø.

– Dette ligg langt bak i kulturen til det tsjetsjenske folk. Me har stor respekt for familien og spesielt for mora. Dette lærer me også gjennom religionen vår. Det står i Koranen at ein skal ha stor respekt og kjærleik overfor ei mor, forklarar Aslan.

Han meiner at å krenka ei mor derfor er å krenka æra til vedkomande og seier at æreskoden er svært viktig i dei aller fleste tsjetsjenske miljø.

Då Aslan blei spurt om å leita etter kurdaren som skulle ha kome med skjellsorda sa han derfor ja til dette. Same dagen som det skeive blikket hadde blitt utveksla reiste dei ut i bilen til Aslan for å sjå etter kurdaren.

– Det var ikkje som om det var ein stor leiteaksjon, men me såg etter han slik at dei to kunne ordna opp seg i mellom. Slike fornærmingar mot familien blir ikkje gløymde. Finn ein ikkje personen tenker ein berre at ein prøver i morgon. Slik held det fram heilt til ein støyter på personen ein dag uansett.

– Men kvifor blei du med på dette?

– Eg hadde ingen hensikt eller grunn til å vera med. Eg blei spurt sidan eg hadde bil og lappen.

Dei køyrde rundt i Stavanger, men fann ikkje kurdaren denne kvelden.

ABC-bygget på Dale asylmottak

Det var utanfor ABC-bygget på Dale asylmottak masseslagsmålet gjekk føre seg. Dale var tidlegare eit psykiatrisk sjukehus.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Synfaring på Dale asylmottak

Det var fleire polititenestemenn til stades under synfaringa på Dale asylmottak tysdag 11. desember 2012.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det skulle aldri ha skjedd

Frå Sandnes sentrum har vegen blitt smalare på veg mot Dale.

Dei svære bygga på austsida av Gandsfjorden var før i tida eit psykiatrisk sjukehus. Nå tener institusjonsbygga som mellombels heim for utlendingar som vil søka opphald i Norge.

Me parkerer bilen. Går gjennom ein mørk tunnel. Kjem ut på ein parkeringsplass, som er nabo til ein barnehage. Trass lyden av fuglesang og barneleik er Aslan svært alvorleg.

Det var her det skjedde.

– Det var verkeleg, verkeleg meiningslaust, og det skulle aldri ha skjedd, seier han.

Ifølgje dommen var det om lag 14 tsjetsjenarar og seks kurdarar til stades. Kor mange som deltok i masseslagsmålet under lyset av to gatelykter den mørke februarkvelden er uvisst.

Stod og såg på

Ifølgje Aslan var han berre der som sjåfør og for å sjå at venen hans skværa opp munnleg med kurdaren han var i konflikt med.

– Alt skulle eigentleg slutta med at dei tok kvarandre i handa. I staden kom det fleire folk til, og plutseleg var det ein stor slåstkamp på gang. Eg tenkte at eg ikkje ville ha noko ting med dette å gjera. Derfor blei eg ståande på avstand og sjå på, fortel han og viser kor han stod.

Han hadde ein kniv i handa. Denne meiner han at han henta då det gjekk opp for han at kurdarane hadde kniv.

– Me høyrde nokon ropa at dei andre hadde kniv og eg blei redd, fortel han.

Men for å få svar på kvifor han i det heile hadde knivar med seg i bilen, må me endå ein gong tilbake til dagen før drapet.

(Saka held fram under biletet)

Aslan tilbake på drapsstaden

Det var på denne sida av tunnelen, som går gjennom ABC-bygget, masseslagsmålet gjekk føre seg.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Frykt for Hells Angels

Aslan meiner nemleg at knivane var med på grunn av frykt for Hells Angels.

Han viser til ein episode som står forklart i dommen, som på ein måte står for seg sjølv, men som spelar ei rolle for det totale samansette bilete.

Tsjetsjenaren, som hadde blitt slått på Vågen 33, hadde seinare møtt ein afghansk ven som trengde hjelpa hans.

Afghanaren skulle møta ein etnisk norsk mann han var i konflikt med på Sandnes gamle jernbanestasjon. Han ville ha med seg tsjetsjenaren i tilfelle situasjonen utvikla seg til slagsmål.

Då dei kom til togstasjonen blei dei ifølgje dommen møtt av mange nordmenn. Fleire av dei visstnok skal ha vore tilknytt Hells Angels.

Både afghanaren og tsjetsjenaren blei banka før dei kom seg unna.

Denne episoden blei det snakka om då tsjetsjenarane seinare var samla på parkeringsplassen til Svithun vidaregåande skule, der dei jamleg hang ut for å prata og røyka.

– Det blei sagt at det var medlem av Hells Angels til stades, noko som gjorde oss nervøse, fortel Aslan.

Her skjedde dei enkelte hendingane

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Dale-drapet» i nytt vindu

Fant kurdaren på kafe

Dagen etter, altså drapsdagen, var den tsjetsjenske venen til Aslan på Elixia treningssenter i Sandnes. Der såg han to nordmenn han meinte hadde vore med i slagsmålet på jernbanestasjonen dagen før. Han slo til dei begge.

– Me stolte på han og han stolte på oss. Ingen hadde planar om at dette skulle bli ein slåstkamp.

Aslan (22)

Politiet fekk fatt i tsjetsjenaren som slo og viste han vekk frå Sandnes sentrum. Dermed måtte han halda seg på Dale asylmottak denne dagen.

– Då me fekk høyra om dette blei me redde for at me også kanskje kom til å koma i konflikt med Hells Angels. Kanskje dei ville ta hemn. Derfor la me knivar i bilen min før me endå ein gong reiste ut for å sjå etter kurdaren.

Denne gongen fann dei kurdaren som skulle ha kome med dei grove fornærmingane mot venen til Aslan. Han var på Kafe 24 i Pedersgata i Stavanger.

– Han blei invitert inn bilen, og sa ja. Dei skulle skværa opp, fortel Aslan.

– Ingen tenkte at dette skulle bli eit helvete

Dei måtte køyra til Dale asylmottak sidan den tsjetsjenske venen til Aslan var utvist frå Sandnes sentrum.

– Og kurdaren blei med inn i bilen?

– Me stolte på han og han stolte på oss. Ingen hadde planar om at dette skulle bli ein slåstkamp. Ingen andre skulle blanda seg enn dei to som var i konflikt, for då kunne det gå veldig gale.

Det har likevel kome fram i etterforskinga at kurdaren hadde gøymt ein kniv i ermet på genseren sin då han sette seg inn i bilen. Retten er heller ikkje overbevist om at knivane til tsjetsjenarane berre var med på grunn av frykt for Hells Angels.

Aslan på si side meiner at det var tilfelle og fortel vidare at stemninga var roleg då dei køyrde opp til Dale.

– Ingen tenkte at dette skulle bli eit helvete eller at nokon skulle bli drepne. Ingen tenkte på det i det heile tatt, seier han.

– Løyser konfliktar annleis

Denne måten å ordna opp på kan for mange virka fjern. Men Aslan fortel at mange utlendingar har med seg ein heilt anna konfliktløysingsmodell frå heimlandet sitt enn den ein er vande med i Norge.

– Me tar det aldri med politiet i Tsjetsjenia. Politiet er ikkje som her. Der borte gjer dei som dei vil. Me løyser problem mellom oss sjølve. Det finst tre måtar å løysa eit problem på i heimlandet mitt; vald, pengar eller våpen, seier han.

– Korleis kan ein unngå å hamna i slike konfliktar?

– Ein kan unngå det heile tida, med å vera venleg. Ein kan seia unnskyld det var min feil. Sjølv om personen du er i klammeri med er sint eller hissig kan du vera venleg. Berre eit smil kan forandra på han også.

Dødeleg stikk

Onsdag 15. februar, i titida om kvelden, stod altså Aslan og såg på slagsmålet som skjedde framføre han. I lomma hadde han ein kniv. Ein kniv han påstår at han henta etter det gjekk opp for han at dei andre hadde kniv.

I den ferske dommen frå Lagmannsretten kan ein lesa at Aslan blei angripen frå kort hald av ein kurdar med kjøtøks. Ifølgje Aslan hadde kurdaren øksa heva høgt over hovudet.

– Då eg såg dette forsto eg at det var veldig farleg. Han kunne drepa meg med eitt hogg. Eg tenkte berre at eg måtte reagera og at ein av oss kom til å døy, fortel han.

Han skal deretter ha tatt eitt steg til sida og unngjekk sjølv å bli råka av hogget. Samstundes stakk Aslan med sin eigen kniv.

– Det var eit så uheldig stikk at det trefte han i hjarta og skar over blodårer, fortel han.

Sjølv hadde det ikkje gått opp for han at han var uskadd.

– Eg tenkte at eg sikkert var i sjokk. Derfor byrja eg å bevega meg, men så merka eg at eg var ok. Eg var ikkje treft. Men så tenkte eg på kurdaren, seier Aslan.

Han kikka på kniven sin og retta den opp mot ein av lyktestolpane.

– I det dårlege lyset kunne eg skimta eit tynt lag med blod. Då eg så såg etter kurdaren kunne eg ikkje sjå han lenger, fortel Aslan.

Leste om det som hadde skjedd på nettavisene

I retten har det kome fram at kurdaren som blei knivstukken sprang vidare ut gjennom tunnelen i ABC-bygget, men falt på graset utanfor. Her blei han slått av ein tsjetsjenar medan han låg døyande på bakken.

– Ingen visste på dette tidspunkt at mannen som låg der hadde blitt stukken i brystet. Men me kunne høyra at han pusta rart. Mannen som slo blei dregen vekk av andre tsjetsjenarar og eg ropte at nokon måtte ringa ambulansen, fortel Aslan.

Då Aslan køyrde heim leste han på nettavisene at ein mann var død. Han forstod etter kvart at dette truleg var personen han hadde stukke.

– Eg har sett krig, men dette er det verste eg nokon gong har opplevd.

– Tenker du mykje på han som døydde denne kvelden?

– Ja. Eg vil aldri kunne viska vekk det bilete eg såg framføre meg den kvelden.

– Kondolerer

I dag ser Aslan på det som skjedde som eit meiningslaust tap av eit menneskeliv.

Han håper ikkje at saka fører til hat mellom to nasjonalitetar.

– Eg kondolerer til familien og ønsker at det skal vera fred og venskap mellom tsjetsjenarar og kurdarar framover. Ei misforståing som dette må ikkje føra til hat, seier han.

– Det er klart at alle asylsøkjarar frå krigsherja land kjem til Norge for å få beskyttelse. Dei vil ha eit fredeleg og stabilt liv. Det må ingen gløyma, legg han til.

Ifølgje bistandsadvokaten, Hugo H. Dybwad, er brørne til den avdøde prega av hendinga og sterkt usamde med konklusjonen til lagmannsretten.

– Dei er sjølvsagt sterkt prega av det dei oppfattar som eit heilt unødvendig drap på sin bror, skriv Dybwad i ein e-post til NRK.no.

Utover dette har ikkje familien meir dei vil kommentera i saka.

Nekta for å ha vore på Dale

I vekene etter episoden på Dale venta Aslan på å bli henta av politiet, men melde seg ikkje sjølv. Då politiet endeleg kom og tok han nekta han først for å ha vore på Dale.

– Angrar du på dette nå?

– Nei, du kan ikkje angra på slikt. I første møte med politiet hadde eg ikkje advokat eller nokon ting. Når du er ung og aldri har vore med på noko slikt kjem du i ein tilstand der du ikkje veit kva du skal sei eller gjera. Du tenker at politiet skal fengsla deg, at dei vil skulda alt på deg og du veit ikkje korleis du skal koma med sanninga du sit på.

Men etter kvart snakka han meir og meir, og i mai kom tilståinga.

– Det har forandra heile livet mitt. Først mista eg alt eg hadde oppnådd i Norge. Eg lurte på korleis eg skulle planlegga framtida mi i fengsel. Viss eg kjem ut om 12–13 år. Kven vil ha meg då? Kven kan eg gå til? Eg tenkte at heile livet gjekk tapt på grunn av ein krangel og ein slåstkamp på Dale, som fekk eit tragisk utfall.

Drøymer om å bli advokat

I denne krisa bestemte han seg for å følgja det største målet han hadde i livet: Å bli advokat.

– Dette er eit mål eg har hatt sidan eg var 17 år. Derfor fullførte eg utdanninga frå fengsel. Då eg kom ut fridde eg til kjærasten min. Ho sa ja og blei med meg til Nord-Norge, der studerer me statsvitskap, fortel han.

Etter kvart håper Aslan å koma inn på jusstudie.

I Nord-Norge har han ikkje anna sosial omgang enn med kona si. Han har heller ikkje særleg kontakt med dei andre som var involverte i Dale-saka.

Alt handlar nå om å nå målet sitt.

– Kva slags advokat vil du bli?

– Om eg klarer det vil eg bli advokat for dei som kjem til Norge. Eg vil kjempa for at dei som verkeleg treng opphald i Norge skal få det. Og at dei raskt blir integrerte i det norske samfunn.

Det siste er svært viktig for han.

– Jo raskare ein får opphald og arbeidsløyve, jo raskare blir ein integrert. Det er gjennom arbeid og skule ein blir integrert i eit samfunn. Ein blir ikkje integrert når ein berre går rundt på butikkane i byen eller har 300 norsktimar saman med andre utlendingar.

(Saka held fram under biletet)

Aslan får endeleg start på bilen

Med hjelp av startkablar fekk Aslan gang på bilen utanfor politistasjonen i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Liknande episodar kan skje

Me køyrer tilbake frå Dale til politistasjonen med startkablar. På første forsøk får han start på bilen. Den går på tomgang og ladar batteriet medan me tar ein siste prat før han reiser.

Sjølv om Aslan aldri vil gløyma det som skjedde på Dale 15. februar i fjor må livet gå vidare.

Han håper at det ikkje vil skje liknande hendingar i framtida, men ser ikkje vekk frå det dersom det ikkje blir fleire tilbod for asylsøkjarar i Norge.

– Tsjetsjenarar som kjem til Norge og ikkje har noko å gjera går i sentrum. Kurdarar som kjem til Norge utan noko å gjera går i sentrum. Det same gjeld pakistanarar og alle andre som kjem her utan noko å gjera. Dei kjem til sentrum og treff kvarandre der, og der kan det fort oppstå konflikt.

At Dale-saka blei ei drapssak var mykje på grunn av tilfeldige enkeltståande episodar. Men det som starta det heile, det skeive blikket og slaget, skjer heile vegen ifølgje Aslan.

– Folk går i kvarandre med skuldra. Ein tenker at den andre skal flytta seg. Så tenker den andre at det ikkje er han som skal flytta seg. Så krasjar dei saman og der brakar det laus. Politiet blir blanda inn og ein blir dømd for lekamsskading og kjem dermed inn i ein kriminell spiral, forklarar han.

– Er det spesielt blant utlendingar dette skjer?

– Stemninga er ofte dårleg mellom utlendingar utan noko å gjera på. Det var tilfellet i denne saka og det er tilfellet på Dale asylmottak nå.

– Kva meiner du med det?

– Mange har opplevd stress, krig og undertrykking. Når ein sit inne med alt dette og kjem til Norge, klarer ein ikkje endra seg, sjølv om ein ser att alt er annleis her. Så lenge ein ikkje blir inkludert i samfunnet.

Han kjem med eit tenkt tilfelle for å illustrera.

– Ein tsjetsjenar kjem til Norge i dag. Han tenker på at han ikkje har noko å gjera, han har ikkje opphald, jobb eller pengar. Dette påverkar han sjølvsagt. Han blir ein ikkje-optimist, forklarar Aslan.

Vegen frå denne tilstanden til å blåsa ei lita sak ut av proporsjonar er kort, meiner han.

– Når det då oppstår ei lita konflikt kan det vera nok til å få han til å klikka, og det kan skje på få sekund. Han er som ei tikkande bombe av aggressivitet og negativitet, og kan sprenga når som helst, seier Aslan, som ei siste åtvaring før han sett seg inn i bilen han lånar av søskenbarnet.

I morgon reiser han tilbake til Nord-Norge for å halda fram med utdanninga si.

Ein dag håper han at han kan kjenna seg trygg i Stavanger slik han kan busetja seg her saman med kona si. Gjerne som advokat.