NRK Meny
Normal

Tilbake der drapet skjedde

I dag var den drapstiltalte 21-åringen i Dale-saka tilbake på gjerningsstaden på Dale asylmottak. Her prøvde han å overbevisa retten om at han handla i nødverje då han knivstakk 17 år gamle Arman Palani slik han døde.

Svein Kjetil Lode Svendsen

Svein Kjetil Lode Svendsen meiner at den drapstiltalte klienten hans har fått synt godt fram at han handla i nødverje.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

På dag nummer to i rettssaka etter drapet som skjedde på Dale asylmottak 15. februar i år, flytta heile retten ut av salen.

Med minibuss og politibilar blei alle skyssa dei ti minutta det tar å køyra frå Sandnes sentrum til Dale, der det skulle vera synfaring på åstaden.

– Var førebudd på at det kunne bli tøft

Det viktigaste spørsmålet retten må ta stilling til er om den 21 år gamle tsjetsjenaren, som er tiltalt for drap, handla i nødverje eller ikkje.

Tilbake på åstaden forklarte han for retten kor han stod og korleis det gjekk føre seg då det fatale knivstikket skjedde.

– Eg meiner forklaringa hans stemmer med funna som er gjort. Slik eg ser det må retten legga til grunn at klienten min handla i nødverje, sa advokaten til den drapstiltalte, Svein Kjetil Lode Svendsen, etter synfaringa.

– Korleis er det for den tiltalte å vera tilbake på gjerningsstaden reint kjenslemessig?

– Han har vore der ein gong før, men det er alltid tøft for han å koma tilbake til åstaden. Han har likevel vore førebudd på dette nå, og visste at det ville bli tøft, seier Svendsen.

Sentrale bevis

I tillegg til forklaringa til den drapstiltalte viste åstadsetterforskaren i politiet kor dei har funne dei mest sentrale bevisa i saka.

Hovudsakleg handla dette om knivane, kjøtøksa, bloddråpar og bevis som ein sigarettsneip, ein lighter og eit par hanskar.

Aktor i saka, Tormod Haugnes, meiner synfaringa har vore viktig for å kasta lys på alle sider i saka.

– Det er lettare å setja seg inn i situasjonen om ein er ute og ser på ein åstad. Det er greitt nok med fotografi, men desse lyg litt, for på eit fotografi kan ein ikkje sjå på avstandar, hellingar og slike ting, seier Haugnes.

Berre tre tiltalte

På synfaringa, som i retten i går, var det berre tre av dei tiltalte i Dale-saka som var med.

Ein er utvist frå landet, men ein er i området og har ikkje gyldig fråvær. Derfor har også politiet leita etter denne mannen i dag, som i går, men utan hell.

Heller ikkje advokaten hans, Per Ivar Hessen, har lukkast med å få fatt i han.

– Eg veit ikkje meir enn at han ikkje har lovleg fråvær. Og eg kjenner ikkje til kvifor han ikkje møter opp, seier Hessen.

Denne personen er tiltalt for vald med døden til følgje eller uaktsamt ha vore skuld i ein annan persons død. Han er også tiltalt for trugslar og vald.

– Ut frå aktor sin varsla påstand kan saka gjennomførast utan at klienten min er til stades. I byrjinga av neste veke vil det nok likevel bli vurdert om klienten min si politiforklaring kan lesast opp, seier Hessen.

Det er totalt sett av to veker til rettssaka i Jæren tingrett.