NRK Meny
Normal

Frikjent for Dale-drapet

Tsjetsjenske Aslan Masakov (22) har i dag blitt frikjent for Dale-drapet. Han beklagar likevel det som skjedde på Dale asylmottak 15. februar 2012.

Juryen i Gulating lagmannsrett meiner den 22 år gamle hovudtiltalte i Dale-drapssaka ikkje er skuldig i drap.

SJÅ VIDEO: Slik reagerte Aslan Masakov på å bli frifunnen for drap for andre gong.

Knivdrap ved Dale asylmottak i Sandnes

Ambulanse på plass etter masseslagsmålet på Dale asylmottak, der 19 år gamle Arman Palani blei drepen med kniv.

Foto: Ronny Hjertås
Advokat Svein Kjetil Lode Svendsen

Advokat Svein Kjetil Lode Svendsen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

22-åringen som var sikta for drapet på Arman Palani ved Dale asylmottak i februar i fjor, blei i januar frikjent for drapet i Jæren tingrett.

Saka blei anka av aktoratet, og nå har Gulating lagmannsrett kome med ankedommen.

Har sona 320 dagar

Dommen i lagmannsretten blei den same som i tingretten. Dei frifinn med andre ord tsjetsjenaren for drap, men meiner han er skuldig i lekamsskading av bror til avdøde.

– Eg er veldig glad for at retten trudde på det eg sa, og at det rettferdige har vunne fram for andre gong, seier Aslan Masakov til NRK.no like etter dommen.

22-åringen har alt sona 320 dagar i varetekt, og har derfor truleg gjort opp for seg.

– Eg føler eg har fått straffa mi og er ferdig med den. Nå vil eg halda fram med livet som eg har byrja på, seier han.

Forsvararen til Masakov, Svein Kjetil Lode Svendsen, er også nøgd med dommen.

– Me er letta over dommen. Det var ei tragisk hending, men det er godt at ein som ikkje har gjort eit drap ikkje ender opp i fengsel, seier forsvarar til tiltalte, Svein Kjetil Lode Svendsen.

Innrømma knivstikking

Det var kvelden onsdag 15. februar den unge kurdiske iranaren, Arman Palani, døde etter å ha blitt stukken i brystet med kniv. Dette skjedde etter eit masseslagsmål på asylmottaket på Dale.

Aktor kalla dette for eit gjengoppgjer mellom tsjetsjenarar og kurdarar.

Alderen til Palani blei først oppgitt til å vera 17 år, då han blei drepen. Etter politiet har etterforska saka går ein nå ut frå at han var 21 år.

Fem unge tsjetsjenske menn måtte møta i retten då saka skulle opp i Jæren tingrett. Den eine av dei var tiltalt for drap.

Den då 21 år gamle tsjetsjenaren innrømma at han knivstakk Palani, men har aldri erkjent straffskuld for drap, sidan hen meiner at knivstikkinga skjedde i nødverje.

– Det starta med eit skeivt blikk på Amfi. Deretter blei mange involvert etter kvart, så det var lite som skulle til. Det er sjølvsagt trist at slikt skjer, og det er trist å miste folk på denne måten. Eg beklagar sjølvsagt og kondolerer sjølvsagt, men det er sanninga som har kome fram, seier han i dag.