Hopp til innhold

Kalte inn til gjengoppgjør på SMS

Tre tsjetsjenarar nektar for alle tiltalepunkta mot dei i etterkant av drapet på Dale asylmottak. To av dei tiltalte har ikkje møtt opp i rettssaka som byrja i dag.

Dale-rettssaka

I dag byrja rettssaka om drapet på Dale 15. februar i år. Politiet er synleg til stades.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tormod Haugnes

Tormod Haugnes er aktor i Dale-rettssaka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kvelden 15. februar i år blei 17 år gamle Arman Palani knivstukken og drepen utanfor Dale asylmottak.

I dag byrja rettssaka der fem menn er tiltalte for å vera involvert i det som skjedde på drapsdagen. Ein av dei, ein 21 år gamal mann, er tiltalt for sjølve drapet, som skjedde med kniv.

Møtte ikkje opp

Politiet er synleg til stades i Jæren tingrett i Sandnes, og sjekka fleire av dei som går inn i rettssalen.

Dette grunnar i konfliktane som har vore i etterkant av drapet. Politiet har gitt eit bilete av at det handlar om eit gjengoppgjer mellom tsjetsjenarar og kurdarar.

Etter rettssaka hadde starta fekk også politiet noko å gjera med ein gong. To av dei tiltalte var ikkje å sjå på tiltalebenken. Ein av dei utan gyldig fråvær.

Dermed har politiet blitt sendt ut for å pågripa mannen på Dale asylmottak, mannen er tiltalt for å ha truga ein kurdar med kniv.

Dei som var til stades byrja alle med å avvisa alle punkta dei er tiltalte for. Det vil sei drapet, valden eller å ha hindra andre i å hjelpa den drepne.

Dale-rettssaka

Politi sjekka fleire personar før dei fekk sleppa inn i rettssalen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Masseutsending på SMS

Då aktor Tormod Haugnes hadde si innleiing i rettssaka, kom det fram at ein SMS var svært sentral dagen då drapet skjedde

Den drapstiltalte skreiv ein SMS til fleire av sine venar, etter dei hadde kome i konflikt med den drepne og broren hans:

«Hei, kompisar, avtalen er kl 08.00 om kvelden vi møtes hos meg på parkeringa, som i går.»

Det dei skulle gjera, og lukkast med, var å leita opp dei to kurdarane for å få dei til Dale, for å gjera opp mann mot mann.

Konflikta mellom dei grunna mellom anna i ein telefonsamtale, der ein tsjetsjenar og ein kurdar sa stygge ting om mødrene til kvarandre.

Ifølgje aktor skværa dei også opp på Dale, utan bruk av vald.

– Dermed kunne historia voret veldig annleis enn den er i dag, seier Haugnes.

Då tsjetsjenarane skulle gå tilbake oppdaga dei at det kom fleire kurdarar til Dale.

Konflikten eskalerer

Dermed eskalerer konflikten med trugslar, vald og bruk av kniv.

– Det finst mange forklaringar på den vidare gangen, men det er nok på det reine at kurdarane blei jaga på flukt, dei var også i undertal, fortel Haugnes.

Etter dette skal slåstkampen som resulterte i drapet på Arman Palani ha skjedd.

– Æreskodeks

Haugnes peikar også på at det har vore svært vanskeleg å etterforska saka. Han fortel at det finst ein type æreskodeks i miljøet, som gjer det vanskeleg å få dei i tale.

Under innleiinga til aktor ser alle dei tre tiltalte rolege og avslappa ut, og dei nektar straffskuld for absolutt alle punkt.

Drapstiltalte erkjenner at han har drepe, men at dette skjedde i naudverje.

Det er sett av to veker til rettssaka i Jæren tingrett.