Hopp til innhold

Bli med på gatekunsttur i Stavanger

Den årlege Nuartfestivalen i Stavanger utvidar nå med guida turistturar. I sommar kan dei som vil vera med på omvisning i Stavanger.

Nuartomvisning frå september 2015

Då Nuartfestivalen arrangerte gatekunsttur i september 2015, møtte mange opp i Stavanger.

Foto: Nuartfestivalen

Nuartfestivalen har i 15 år bidratt med kunst på fasadar rundt om i Stavanger. Alt frå dei små og diskret plasserte kunstverka, til dei skikkeleg store, som dekkar ein eller fleire vegger på svære bygningar.

Gatekunst i Stavanger sentrum

Gatekunst 'martin' i Stavanger sentrum.

Foto: Nuartfestivalen

Kvar laurdag klokka 14 gjennom sommaren, kan turistar og andre interesserte vera med på ein guida rusletur for å sjå og lære meir om gatekunsten.

Det skjer i Stavanger, som etter Nuartfestivalen si eiga meining, har blitt til "eit av verdas leiande reisemål for gatekunst".

Møt opp klokka 14

Omvisningar startar frå turistinformasjonen på Domkyrkjeplassen kvar laurdag klokka 14. Neste tur er komande laurdag, og så fortset turane fram til 15. oktober.

Gatekunst i Stavanger sentrum

Gatekunst 'etamcru' i Stavanger sentrum.

Foto: Nuartfestivalen

Forteljarane tar sikte på å læra deg om koreis denne kunstformen oppsto og å vise deg kor mykje spennande "street art" du kan finne i sentrum av Stavanger.

Eit rikt utval

Lista over namna på gatekunstartistane som er representerte i Stavanger sentrum, viser at det finst mange kunstverk å kikka på.

Artists include the likes of Dabs Myla, Dan Witz, David Choe, Dolk, DotDotDot, Eine, Ella & Pitr, Evol, Faith 47, Hush, Isaac Cordal, Levalet, Logan Hicks, Martin Whatson, Neils Shoe Meulman, Nick Walker, Pure Evil, Pøbel, Roa, Swoon, Vhils and many more…

Gatekunst i Stavanger sentrum

Gatekunst 'dotdotdot' i Stavanger sentrum.

Foto: Nuartfestivalen

Kostar å vera med

Prisen for omvisninga er 150 kroner for vaksne, 100 for pensjonistar og studentar, gratis for barn under 11 år og mulighet for å kjøpa familiebillett dersom ein er mange saman på tur.

På omlag 1.5 timar, i gode sko, blir du betre kjent med gatekunsten i Stavanger.