Hopp til innhold

Forskarar meiner dei har avslørt Banksy

Den britiske gatekunstnaren Banksy kan vere avslørt. Britiske forskarar gjennom eit forskingsprosjekt kome fram til ein teori om kven som skjuler seg bak kunstnarnamnet.

BRITAIN-ART-AUCTION-BANKSY-EBAY

Kven som skjuler seg bak kunstnarnamnet Banksy kan vere avslørt.

Foto: CARL DE SOUZA / AFP

Ved hjelp av ein kombinasjon av matematikk, kriminologi og geografisk profilering, hevdar britiske forskarar at dei har funne ut kven den mystiske gatekunstnaren Banksy er, skriv The Guardian.

Forskarane har kartlagt kvar bilda til Banksy, og analysert dette opp mot ei rekke andre data. Konklusjonen er at det sannsynlegvis er kunstnaren Robin Gunningham, som blant anna har studert ved ein kunstskule i Bristol, som skjuler seg bak kunstnarnamnet.

APTOPIX MIDEAST ISRAEL PALESTINIANS FRANCE

Fredsdua på Vestbreidda skal vere eitt av kunstverka til den britiske gatekunstnaren Banksy.

Foto: Kevin Frayer / AP

Politisk

Banksy er kjent for sin politisk ladde gatekunst, og har blitt verdskjend, trass i at ingen har klart å få stadfesta kven han er.

Han har hovudsakleg vore aktiv i London og Bristol, men det er funne bilde fleire stader i verda som har blitt kreditert Banksy. Blant anna i Los Angeles og på Vestbreidda.

Eitt av prosjekta han har fått merksemd for i det siste er trivselsparken Dismaland utanfor Bristol sydvest i England, som var open for ein periode i fjor haust. Ifølge kunstnaren skulle parken vere «ein festival av kunst, underhaldning og anarki for nybyrjarar».

BRITAIN-ART/ A seaside "funfair" is seen behind a wall in Weston-super-Mare, southwest England

Trivselsparken Dismaland var eit stort kunstprosjekt i regi av Banksy.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

Analysert som ein infeksjon

Geografisk profilering er ein metode som er kjent frå kriminologien, men som i dag blant anna blir brukt for å studere infeksjonssjukdommar.

Forskarane analyserte plasseringa til ei rekke kunstverk i London og Bristol, og samanlikna dette med andre opplysningar dei har om kunstnaren. For eksempel kvar folk som har blitt skulda for å vere Banksy bur. Ut frå desse data har dei kome fram til ein sannsynleg identitet.

BRITAIN-MIGRANTS/BANKSY/ A worker carries a board to cover a new graffiti mural attributed to Banksy, opposite the French embassy in London

Eit Banksy-bilde ved den franske ambassaden i London blei fjerna i januar.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

– Sikker på at det er han

Ein av forskarane, Steve Le Comber, seier til BBC at han er sikker på at dei har funne ut kven som skjuler seg bak kunstnarnamnet.

– Eg vil bli overraska om det ikkje er Gunningham, sjølv utan våre analysar. Men det er interessant at funna våre støttar opp under ein slik teori.

Advokatane til Banksy skal ifølge BBC ha teke kontakt med forskarane fordi dei var redde for korleis funna skulle bli presentert. Det skal ha resultert i at ei pressemelding blei stoppa, medan rapporten er publisert utan endringar.

Gunningham har tidlegare avvist at han er Banksy, men har ikkje kommentert påstandane offentleg denne gongen. Men la dette ut på Facebook-sida si for ei veke sidan, då dei første rapportane om forskingsresultata kom:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)