Hopp til innhold

Berre éi kvinne søkte som sentralbanksjef. Men det gjorde også fleire ukvalifiserte menn

Pizzabakar Jon Stokka (21) er blant dei som har søkt på jobben som sentralbanksjef. Og det er ingen overrasking at det er flest menn i søkerbunken, meiner karriererettleiar.

Jon Stokka (21)

Pizzabakar Jon Stokka (21) var ein av dei som konkurrerte med tidlegare statsminister Jens Stoltenberg og visesentralbanksjef Ida Wolden Bache om jobben som sentralbanksjef.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Tysdag var søkarlista til ny sentralbanksjef klar. 22 personar har søkt, blant dei er Nato-sjef og tidlegare statsminister Jens Stoltenberg, og visesentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Men kven er dei 20 andre?

Det er mellom anna ein pensjonist, baker, student, bussjåfør og røyrleggjar.

Men ein felles ting har desse resterande 20 søkarane: Dei er alle menn.

Sende søknad for tull

Og blant dei er Jon Stokka frå Sandnes. Han står oppført som bakar i søkarlista, men er eigentleg student og jobbar hos Pizzabakeren i Bergen.

– Me var ein kompisgjeng som tenkte dette kunne vere kjempegøy. Så blei det meg då, seier 21 år gamle Stokka.

Jon Stokka (21)

Førebels har ikkje sentralbanken teke kontakt med Stokka om søknaden

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Han skreiv ikkje søknaden sjølv, men seier at det stod at erfaring som leiar og odelsgut kunne kome godt med i jobben.

– Eg slår Jens Stoltenberg på gardserfaring i alle fall, seier han og ler.

Førebels har ikkje sentralbanken teke kontakt, men elles har han vore populær sidan søkarlista vart kjend, fortel Stokka sjølv.

Ein av dei andre som også søkte på stillinga var rørlegger Tor Ingar Loftus frå Gressvik i Fredrikstad

Få kvinner

Om nokon søkjer for tull eller ikkje går det an å spekulere i på offentlege søkarlister. For her kan ein sjå både namn og stilling på dei som ønskjer ny jobb.

Ida Wolden Bache, seniorøkonom i Handelsbanken

Ida Wolden Bache er per i dag visesentralbanksjef, og har søkt på jobben som sentralbanksjef. Saman på søkarlista er det berre mannfolk med ikkje fullt så relevant yrkeserfaring.

Og ofte viser listene til toppjobbar det same:

Tilbake i 2012 blei Thor Gjermund Eriksen tilsett som ny kringkastingssjef. Han fekk jobben over fire andre: Ein programdirektør, to arbeidssøkarar og ein lærling.

Det gav merksemd, mykje fordi det var ingen kvinner på lista.

Godt partytriks

Olav Brostrup Müller

Olav Brostrup Müller er kultursjef i Lillehammer, men i 2013 skreiv han eit innlegg om menns sjølvtillit rundt jobbar. Han trur det at kvinner opplever meir hets, sjikane og kritikk spelar inn.

Foto: André Løyning / Cappelen Damm

I anledning denne søkarlista skreiv Olav Brostrup Müller blogginnlegget «Med kuken på rette staden» tidleg i 2013. Her skreiv han at det ikkje var noko i vegen med menns sjølvsikkerheit:

For blant norske menn heter det fortsatt «Hvorfor ikke søke?». Blant norske kvinner, derimot, er spørsmålstegnet byttet ut med et utropstegn og caps lock («HVORFOR IKKE SØKE!!»).

Og rundt åtte år etterpå meiner han teksten framleis er relevant.

– Eg har same tankar nå. Her er det openbert mange som synest dette er eit godt partytriks, og det er ikkje overraskande at det berre er menn, seier Müller.

Høgare sjølvtillit hos menn

– Det er litt trist at me snart er i 2022 og kommentaren min til dette er at dette ikkje er så rart, seier Gro Ingeborg Ousdal Solheim om søkarlista til sentralbanksjef som berre inneheld ei kvinne.

Gro Ingeborg Austdal Solheim

Gro Ingeborg Ousdal Solheim jobbar som karriererettleiar. Ho trur damer generelt har mindre tru på seg sjølv, men håper og trur dette er på veg til å snu med generasjon Z.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Ho er karriererettleiar i Viken fylkeskommune, og har jobba innan karriererettleiing sidan 2006, både i Viken og i Rogaland.

Ho har sett at det generelt er høgare sjølvtillit hos mannlege jobbsøkarar enn hos dei kvinnelege.

– Det er forska på at menn ofte tenkjer «Eg kan noko av dette, og kan lære resten». Medan damer tenkjer meir «Eg kan ikkje dette, så då kan eg ikkje søkje», seier Ousdal Solheim.

– Kvinner har meir respekt

På Twitter har ikkje søkarlista for sentralbanksjef gått umerkande hen.

«Kor får mannfolk sjølvtilliten frå?» og «Ønskjer meg sjølvtilliten til bakaren som søkte på jobben som sjef i Noregs Bank til jul» er to innlegg som har fått mykje respons.

Sjølv synest Stokka det var skuffande at det berre var ei kvinne på søkarlista saman med han.

Og om det faktum at det nesten berre er menn som søkar, enten det er på tull eller ikkje, viser han til noko han sjølv leste på Twitter.

– Eg såg ein gøy tweet om at kvinner har meir respekt for andre folks tid. Og at derfor kan det vere så mange useriøse menn på lista.