Hopp til innhold

Angrep på taxisjåførar kvar andre månad

Ein drosjetur i Sandnes, søndag morgon, enda med slag og kvelartak. – For Sandnes Taxi skjer dette i gjennomsnitt ein gong kvar andre månad, opplyser dagleg leiar.

Styreleiar i Sandnes Taxi, Lars Alsåker

Lars Alsåker er styreleiar i Sandnes Taxi.

Foto: Erik Sergio Auglend / NRK

Ein 32 år gammal mann gjekk til angrep på drosjesjåføren etter ein tur til Lutsi i Sandnes, tidleg søndag morgon.

Mannen skal ifølge politiet ha slått taxisjåføren i ansiktet fleire gonger. Han skal også ha tatt kvelartak på sjåføren, under sjølve køyreturen.

Sjåføren hadde merke etter slag i ansiktet, då politiet kom til plassen.

32-åringen blei tatt av politiet og sett i arresten, skulda for lekamsskading.

Skjer heile tida

– Heldigvis, om eg kan få bruka eit slikt ord, så var det ikkje ein sjåfør frå Sandnes Taxi det gjekk ut over denne gongen. Det seier Kay Hustoft, som er dagleg leiar i drosjeselskapet.

Kay Hustoft, dagleg leiar i Sandnes Taxi

Sjåførane slit både psykisk og fysisk etter at dei har vore utsett for angrep, seier Kay Hustoft, dagleg leiar i Sandnes Taxi

Foto: Sandnes Taxi

Men han kan vise til mange slike overgrep på eigne sjåførar berre dei siste månadane.

For ikkje lang tid sidan var det ei kvinne som gjekk til åtak på sjåføren med kniv frå baksetet.

Før det brukte kunden balltre mot sjåføren. I desember i fjor var det to tilfelle av at sjåføren blei trua med handvåpen.

Les også: Politiet vil ha kameraovervåkning i drosjene

– I gjennomsnitt skjer slike hendingar kvar andre månad, og me har berre 140 bilar i vårt drosjeselskap, seier Hustoft.

Får ikkje lov til å bruka kamera

Sandnes Taxi har gåande ein krangel med Datatilsynet om bruk av overvakingskamera i taxibilane sine.

Lars Alsåker, Sandnes Taxi

Lars Alsåker, styreleiar i Sandnes Taxi, vil gjerne installere overvakingskamera i drosjebilane i sitt selskap.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Dei meiner det delvis vil hindre angrep på sjåføren, og dersom det skjer, vil gjere det enklare å oppklare i ettertid.

Les også: Dropper kamera-påbud i stavangerdrosjer

– Men Datatilsynet meiner at det er overvaking av sjåførane og seier nei, fortel ein frustrert dagleg leiar.