NRK Meny
Normal

– Uhaldbart for hotelltilsette

Fellesforbundet i Stavanger har fått grove eksempel på at arbeidskvardagen har blitt uhaldbar for hotelltilsette fordi det skal sparast til beinet på grunn av nedgangstidene i oljebransjen.

Victoria Hotel

Victoria Hotel i Stavanger sentrum er blant dei som merkar nedgangstidene. Sidan oktober i fjor har dei hatt ein nedgang i belegget på 20 til 25 prosent.

Foto: Øystein Otterdal

– Eg kan ikkje seia kor det kjem frå, men eg har konkrete eksempel på at folk må gjera jobbar dei ikkje er tilsette for å gjera. Det meiner me er ei farleg utvikling, seier Emma Wathne.

Emma Wathne

Emma Wathne, Fellesforbundet Stavanger.

Foto: Øystein Otterdal

Ho har seks års erfaring med fagforeiningsarbeid i Fellesforbundet Stavanger. Wathne har sett grove eksempel på at arbeidskvardagen har blitt uhaldbar for hotelltilsette. Ho har ikkje opplevd liknande svikt i hotellbransjen.

– Det er veldig annleis enn for eitt år sidan. Det er ein heilt annan stemning enn det me er vane med. Optimismen har blitt litt fortrengt for pessimismen, seier Wathne.

Svikt på 20–30 prosent

Dårlege tider og mindre aktivitet i oljebransjen fører til nedgang og nedbemanning på stavangerhotella. Etter ein lang periode med høgt belegg og høge prisar, opplever sentrumshotella ein svikt på 20–30 prosent.

Wenche Salthella

Wenche Salthelle i NHO Reiseliv på Vestlandet.

– Hotellbransjen i Stavanger har hatt ein omsetnadssvikt dei siste månadane. Det er ein alvorleg situasjon for fleire av hotella, seier Wenche Salthelle i NHO Reiseliv på Vestlandet.

Hotella i oljehovudstaden har lagt bak seg ein lang periode med høge prisar og høgt belegg. Men nå har nedgangstidene i oljenæringa også nådd hotellsengene og konferanseromma.

Det fører til nedbemanning og permitteringar. Og det er særleg sentrumshotella som merkar dei dårlege tidene.

– Dette er veldig uvant for hotellnæringa i Stavanger. Dei har vore bortskjemde i mange år med å ha høg aktivitet i oljenæringa. Det har tidlegare vore nesten umogleg å få hotellrom i Stavanger tysdagar og onsdagar. Det er ikkje noko problem lenger, seier Salthelle.

Har kutta fem årsverk

Victoria Hotel i Stavanger sentrum er blant dei som merkar nedgangstidene. Sidan oktober i fjor har dei hatt ein nedgang i belegget på 20 til 25 prosent.

Catrine A. Vedøy

Catrine A. Vedøy, direktør ved Victoria Hotel.

Foto: Øystein Otterdal

– Me merkar at det er nedgang i innbookingar på rom, at det går litt ned på mat- og drikkesalet og i talet på kurs og konferansar. Det er direkte knytt til oljenæringa me merkar det for det meste, seier hotelldirektør Catrine A. Vedøy.

Dei dårlege tidene går også ut over dei tilsette. Det siste året har hotellet måtta kutta fem årsverk.

– Det er ingen oppseiingar. Me har hatt to permitteringar og så har me ikkje erstatta dei som har slutta, forklarer hotelldirektøren.

Oppgang i Haugesund

Hotelldirektør Reidar Westre

Hotelldirektør Reidar Westre, Scandic Maritim.

Foto: Rosa Iren Villalobos

Mens stavangerhotella slit, har det vore oppgang i hotellbransjen i Haugesund. Dei store hotella melder om ein oppgang på mellom 10 og 35 prosent dei første fire månadane. Scandic Maritim har hatt ein oppgang på 35 prosent i år i forhold til i fjor.

– Eg trur ikkje me er så påverka av oljeservicenæringa. Me har litt fleire bein å stå på og har fått inn både landsmøte og mindre konferansar, seier hotelldirektør Reidar Westre.