NRK Meny
Normal

– Dette kan me leva av etter olja

Miljørørsla rosar Hydro si avgjerd om å produsera aluminium med verdas laveste utslipp av CO2. Dei håper revolusjonen held fram.

Hydro Karmøy

Gjennom teknologipiloten på Karmøy vil Hydro utvikla verdas mest energi- og klimaeffektive teknologi for aluminiumproduksjon, med det minste CO2-fotavtrykket i verda.

Foto: Hydro

– Dette er ein veldig god nyheit, og eit veldig godt døme på grøn teknologi, seier dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, Håkon Fossmark.

Håkon Fossmark

NØGD: Håkon Fossmark, dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø

I går kom beskjeden om at Hydro skal bruka 3,9 milliardar kroner på å bygga eit anlegg som skal produsera aluminium med mykje mindre utslepp enn i dag.

– Det er eit godt døme på kva me kan leva av her i distriktet når olja er i ferd med å fasast ut, seier Fossmark.

Mindre CO2-utslepp

Hydro sitt pilotanlegg på Karmøy er den største investeringa i fastlandsindustrien, utanom olje og gass, på ti år, og gir 50 nye arbeidsplassar.

– Pilotanlegget vil føra Hydro på Karmøy fremst i utviklinga av energieffektiv og klimavennleg teknologi, sa olje- og energiminister Tord Lien (Frp) i går .

Håkon Fossmark i Naturvernforbundet gir statsråden rett i at satsinga er rekordgrøn.

– Det vil vera verdas mest miljøvenlege måte å produsera aluminium på, slik sett vil ein spara masse CO2.

Årdal metallverk inne

Hydro har sidan 2004 arbeida med å utvikla teknologien, som heiter HAL4e, på eit testsenter i Årdal.

Foto: Hydro Aluminium

Håper satsinga held fram

Fossmark påpeikar likevel at det også er viktig at energien som skal brukast i det nye anlegget, kjem frå fornybar energi som ikkje har gjort for store inngrep i naturen.

Men han rosar politikarane for å ha gjort det attraktivt for industrien å velja miljøvennlege alternativ. Framtida ser lys ut, meiner han.

Marius Holm

Marius Holm leiar miljøstiftinga Zero.

– Dei har i alle fall gitt oss lovande signal så langt, så me håpar på at satsinga held fram på dette.

10 prosent meir effektivt

– Dette er eit steg på vegen mot framtidas aluminiumsproduksjon, seier Zero-leiar Marius Holm.

Zero er ei stifting som jobbar med å avgrensa menneskeskapte klimaendringar. Han fortel at den nye måten å produsera aluminium på reduserer energiforbruket i denne industrien med 10 prosent.

– Det er viktig å kutta energiforbruk i aluminium, fordi det er ein ekstremt energiintensiv produksjon. Aluminium er eit miljøvenleg materiale, men det må lagast med effektive prosessar, og det er det Hydro prøver å få til her, seier Holm.