Hopp til innhold

Vernepleiar dømt for vald mot utviklingshemma mann

Ein psykisk utviklingshemma mann skal ifølge dommen ha vorte utsett for truslar og vald av vernepleiaren.

Fasaden til Fredrikstad tinrgrett også kjent som Søndre Østfold tingrett

IKKJE LENGER VERNEPLEIAR: Den dømde får ikkje jobbe som vernepleiar dei neste fem åra, ifølge dommen frå Søndre Østfold tingrett.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

Den tidlegare vernepleiaren er no dømt for truslar og grov kroppskrenking mot ein psykisk utviklingshemma ung mann.

Vernepleiaren var ansvarleg for mannen, då han jobba ved ein kommunal omsorgsbustad i Fredrikstad.

Over to dagar hausten 2022 skal fornærma, som ikkje klarer å snakke, ha blitt utsett for vald ved omsorgsbustaden, og på turar i nærområde.

Mannen er dømt til 120 dagars fengsel. Men halve straffa blir utsett med ei prøvetid på to år.

Han mistar òg retten til å jobbe som vernepleiar i fem år, og må betale 25.000 kroner i oppreising til offeret, og 6.000 kroner i sakskostnadar.

Fredriksstad Blad omtalte dommen først.

  • Les saka om kvinna i 70-åra frå Fredrikstad som lurte til seg minst 2,8 millionar kroner frå ei eldre hjelpetrengande kvinne.

Gjekk for langt

Mannen erkjente straffskuld på dei fleste tiltalepunkta, men meiner det ikkje var dekning for å tiltale han for ei grov kroppskrenking.

Ifølgje dommen er kroppskrenkinga grov fordi fornærma vart utsett for sterk smerte, og fordi valden er gjort mot ein forsvarslaus person og har karakter av mishandling.

– Han har ingen planar om å anke verken skuldspørsmålet, utmålinga av erstatninga eller sakskostnadene, seier forsvararen hans, advokat Tor Magnus Fagermo.

Offeret blei ifølge tiltalen lagt i bakken fleire gonger, før mannen, som no er dømt, sette seg på han og pressa ned brystkassa hans.

Han skal òg ha trua med å kaste den fornærma ned i eit brenneslekratt, og trua med juling for å få den utviklingshemma mannen til å vere stille.

– Han har prøvd å etterleve ei opplæringsform han hadde tatt del i, der ein brukar ei form for avstraffingsmetode for å få ein ønskt effekt på uønskt åtferd. Så hadde han vel gått noko langt då han prøvde dette ut, seier advokat Fagermo.

Les også Lege tiltalt: Skal ha sendt inn falske krav for 900.000 kroner

helfo, fasade fredrikstad, dokka 6

Kollega reagerte på maktbruken

Det var ein kollega av mannen som reagerte på det han meinte var bruk av overdriven fysisk og psykisk makt då dei to jobba saman i eit team, skriv Fredriksstad Blad.

I retten sa kollegaen at den fornærma hadde synlege merker på kroppen frå det som blei gjort mot han.

Retten påpeika at den fornærma er ein person som er heilt avhengig av bistand døgnet rundt, og var forsvarslaus og sårbar.

Les også Tiltalt for hatefulle ytringer under pride

Skjermbilde av en direktesending på TikTok der det står «To kjønn», «Gando», «skyt de».

Vurderer å anke erstatningsbeløpet

Bistandsadvokat Hans Henrik Pettersen meiner det var viktig å få ein fellande dom i saka.

– Dette er eit viktig område med store mørketal, seier han.

– Vi er fornøgde med ein fellande dom, og utgangspunktet for vurderingane som er gjort av retten for domfelling.

– Samtidig vurderer vi å anke oppreisingserstatninga, ho ser litt låg ut.

Petteresen og den fornærma la i utgangspunktet fram eit krav om ei oppreisingserstatning på i overkant av 50.000 kroner.

Forsvarsadvokat Fagermo seier klienten hans ikkje har noko å seie på det økonomiske ansvaret retten har pålagt han.

– Det følgjer eigentleg av systema til lova at om ein blir funnen skuldig i den typen lovbrot, så følgjer det òg med eit erstatningsansvar på kjøpet.

Les også Mann tiltalt for medverknad til sjølvmord

Strömstad gjestehavn med Skagerack i bakgrunnen.