Hopp til innhold

Vernepleiar tiltalt for vald og truslar mot utviklingshemma mann

Påtalemakta meiner valden har karakter av mishandling. No må vernepleiaren, som hadde ansvar for den unge mannen, møte i retten.

Fasaden til Fredrikstad tinrgrett også kjent som Søndre Østfold tingrett

Fornærma skal ha blitt filma mens han skreik. Videoen blei deretter delt på Snapchat, ifølge tiltalen.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

Ein vernepleiar er tiltalt for vald mot ein ung utviklingshemma mann. Vernepleiaren hadde ansvaret for mannen, då han jobba ved ein kommunal omsorgsbustad i Fredrikstad.

Over to dagar hausten 2022 skal fornærma, som ikkje klarer å snakke, ha blitt utsett for vald i bustaden og på turar i nærområdet.

Fleire gonger skal den utviklingshemma mannen ha blitt lagt i bakken. Vernepleiaren skal deretter ha sett seg oppå han og pressa ned mot brystet hans.

Ved eitt høve blei fornærma slengd i golvet, før han fekk eit kne i ryggen, slik at han ikkje klarte å bevege seg, ifølge tiltalen.

Vernepleiaren skal også ha pressa ein sokk mot eller inn i munnen til den utviklingshemma mannen fleire gonger.

Les også Lege tiltalt: Skal ha sendt inn falske krav for 900.000 kroner

helfo, fasade fredrikstad, dokka 6

Trua med brennesle

I tiltalen kjem det fram at vernepleiaren skal ha løfta opp fornærma, halde han over brennesler og trua med å kaste han ned i brenneslene dersom han ikkje slutta å skrike.

– Han sa også at han ville kaste [fornærma] inn på soverommet, der ingen ville sjå eller høyre han, og at han skulle få vondt eller juling dersom han ikkje var stille.

Den fornærma blei skremt av hendingane og fekk synlege skadar på kroppen, står det i tiltalen.

Bistandsadvokat Hans Henrik Pettersen ønsker førebels ikkje å kommentere saka.

Karakter av mishandling

Påtalemakta meiner kroppskrenkinga er grov fordi fornærma blei utsett for sterk smerte, og fordi valden er gjort mot ein forsvarslaus person og har karakter av mishandling.

– Alvoret i saka blir skjerpa ytterlegare ved at den tiltalte er helsepersonell som var sett til å hjelpe og ta vare på den fornærma, seier politiadvokat Borghild Fjeld Gylvik.

Dei kjem til å be om at den tiltalte mistar retten til å jobbe som vernepleiar.

– Politiet har også vore i kontakt med Statsforvaltaren og Statens helsetilsyn som har tilsyn med helsepersonell.

Les også Forvaringsdømte «Thomas» (27): – Uten behandling, kan jeg ikke bli løslatt

En mann med rutete skjorte ser ut av vinduet på besøksrommet i Halden fengsel.

Brot på teieplikta

Vernepleiaren er også tiltalt for brot på teieplikta, fordi han har delt éin eller fleire filmar og bilde på Snapchat av den fornærma som skreik.

Det er ikkje kjent korleis vernepleiaren stiller seg til skuldingane.

Tor Fagermo blei utnemnd som forsvarer for vernepleiaren måndag denne veka. Han har førebels ikkje vore i kontakt med klienten sin. Derfor kan han heller ikkje kommentere saka.

En mann med grått hår og skjegg ikledd en beige frakk og skjerf. Bildet er tatt fra brystet og opp.

Tor Fagermo forsvarer vernepleiaren.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

Jobbar ikkje lenger i kommunen

Vernepleiaren er ikkje lenger tilsett i Fredrikstad kommune. Det opplyser etatssjef for friskliv og meistring Ingeborg Anette Mjelde.

I ein e-post skriv ho at den tiltalte berre var tilsett i ein kort periode. Etatssjefen ønsker ikkje å seie noko om korleis kommunen har handtert hendingane, eller korleis dei fekk vite om dei.

– Sidan saka er behandla som ei personalsak, kan vi ikkje uttale oss om dette.

Ingeborg Anette Mjelde

Etatssjef for friskliv og meistring Ingeborg Anette Mjelde.

Foto: Fredrikstad kommune

På generelt grunnlag skriv ho at kommunen har rutinar for å gjennomføre bakgrunnssjekk av alle som blir tilsette.

– Vi innhentar referansar i alle tilsettingssaker, og i nokre saker blir det også innhenta politiattest.

Rettssaka skal etter planen gå over to dagar i Søndre Østfold tingrett i april.

Les også Christian ble nesten drept: – Politiet gambler med livet mitt

En mann som viser frem et sår etter et knivstikk. Såret er like ved hans venstre bryst.