Hopp til innhold

Mann tiltalt for medverknad til sjølvmord

50-åringen frå Austlandet skal ha hjelpt og rettleidd kvinna til å ta sitt eige liv.

Strömstad gjestehavn med Skagerack i bakgrunnen.

I Strömstad i juni 2023 tok ei kvinne sitt eige på eit hotellrom. No er mannen i 50-åra tiltalt for medverknad til sjølvmord.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

Ein nordmann i 50-åra er tiltalt for å ha hjelpt ei kvinne å ta sitt eige liv på eit hotellrom i Strömstad i Sverige i juni i fjor.

Ifølge tiltalen skal mannen ha møtt kvinna i ein by i Østfold før dei reiste vidare til eit hotell i Strömstad. På hotellrommet blei kvinna støtta og rettleia i sjølvmordet av mannen.

Éin månad etter sjølvmordet blei 50-åringen varetektsfengsla og sikta i saka.

VG omtalte tiltalen først.

Les også Kvinne siktet etter dødsfall i Fredrikstad

Ytterdør

Nektar straffskuld

Den avdøde kvinna tok ifølge tiltalen ei stor mengde tablettar og alkohol. Tablettane fekk ho av den tiltalte mannen i forkant.

Mannen kom til hotellrommet 15 minutt etter at kvinna inntok dei første tablettane. Han blei verande til stades til ho mista bevisstheita og ikkje lenger hadde livsteikn.

Advokat Gaute Nilsen representerer den tiltalte, og seier mannen erkjenner dei faktiske forholda, men nektar straffskuld.

Les også Lurte til seg millioner fra hjelpe­trengende kvinne

Tæpping, det nye ordet for kontaktløs betaling

Ukjend relasjon

– Vi får klargjere dette nærare i hovudforhandlinga. Klienten min ønsker ikkje å ha noko førehandsprosedyre i samband med saka, så det får vi komme tilbake til når saka skal opp, seier Nilsen.

Nilsen ønsker heller ikkje å seie om det har vore ein relasjon mellom klienten hans og kvinna.

Strafferamma for medverknad til sjølvmord er frå 8 til 21 års fengsel. Rettssaka skal opp i Søndre Østfold tingrett i Halden 27. og 28. juni i år.

Helge Karlbom er bistandsadvokaten til den avdøde kvinna. Han ønsker ikkje kommentere saka.

Les også Døde etter fall fra bygning: Trusselsiktet mann løslatt

Fasaden av et betongbygg. I forkant er et fortau.