Hopp til innhold

Bussbrannen i Sarpsborg: – Vi har nokre hypotesar

Østfold kollektivtrafikk ventar på teknikarar som skal undersøke bussbrannen i Sarpsborg. I Nedre Glomma er bussane innstilte denne veka òg.

Bussbrann Sarpsborg

Fleire bussar er totalskadde etter bussbrannen i Sarpsborg

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Ein kan vel berre førebu seg på at situasjonen kjem til å bli den same denne veka, seier Børre Johnsen.

Han er dagleg leiar for Østfold Kollektivtrafikk, og fortel at passasjerane i Nedre Glomma-regionen må belage seg på enda ei veke utan rutebussar.

Det kjem fleire teknikarar og ingeniørar i morgon, som skal prøve å finne ut kor den direkte feilen er, seier Johnsen.

Måndag førre veke tok ein gassbuss fyr i Sarpsborg. Brannen starta i ein buss på ein oppstillingsplass ved Bede, men spreidde seg raskt til fleire parkerte bussar.

Brann Sarpsborg

Brannvesenet jobbar med å sløkke bussbrannen i Sarpsborg 22.jan

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Det er foreløpig uvisst korleis brannen starta. Busselskapet Nobina har derfor tatt alle gassbussar i Nedre Glomma-regionen ut av drift.

Sidan har alle ordinære bussruter vore innstilt i Sarpsborg, Fredrikstad, Råde og Hvaler.

Les også Over 150.000 innbyggere uten buss på ubestemt tid

Bussbrann Sarpsborg

Politiet etterforskar

Politiet har rutinemessig oppretta ei straffesak etter brannen.

Dei har gjennomført avhøyr av fleire vitne, men kjenner foreløpig ikkje til kva som var brannårsaka.

Vi har nokre hypotesar, men dei har vi ikkje fått verifisert enda, seier etterforskingsleiar Ellen Brekke.

Politiet ventar på nærare undersøkingar frå dei involverte selskapa.

– Vi ventar på nokre rapportar som dei involverte firmaa lagar etter kvart, seier Brekke.

Framleis utan buss

Over 150.000 innbyggarar i Sarpsborg, Fredrikstad, Råde og Hvaler er ramma av innstillinga.

Rutebuss kjører med snø rundt

Rutebussene i Nedre Glomma-regionen har vore innstilt over lengre tid.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

Busselskapet Nobina kan framleis ikkje seie kva som var årsaka til den omfattande bussbrannen i Sarpsborg førre måndag.

Marknadsdirektør Karine Nordseth seier til NRK at dei heller ikkje veit kor lang tid granskinga vil ta.

Totalt hadde busselskapet Nobina 85 gassdrivne bussar, i tillegg til 65 elektriske bussar.

Dei elektriske bussane er no omprioriterte til skulebussar, slik at færrast mogleg skuleelevar blir ramma av innstillingane.

Les også Åtte gassbusser totalskadd i storbrann

Bussbrann Sarpsborg

Les også Axel blir forlaten på busstoppa: – Det er veldig ubehageleg

Mann sitter i rullestol på innsiden av en buss.