Hopp til innhold

Vårteiknet som kan forsvinna

Dei fleste kastar seg over av-knappen på klimaanlegget og lukkar vindauga når dei passerer. Skikkeleg møklukt kan gjera det vanskeleg å pusta. Men ei ny maskin skal gjera møka betre på lukt og meir klimavenleg.

Ein traktor køyrer over eit jorde med ein gjødselspreiar som sprutar ut møk.

Gylling skjer ofte på våren, men og ut over sommaren avhengig av kva som blir dyrka på jordet.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Om me ikkje fjernar lukta eit hundre prosent, so lukter det vesentleg mindre, fortel dagleg leiar i N2 Applied, Carl Hansson.

Dagleg leiar i N2 Applied, Carl Hansson, står framfor eit jorde og ein traktor.

Carl Hansson, dagleg leiar i N2 Applied stiller rett ved jordet når den nesten luktfrie møka blir spraya.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

På ein verkstad i Svene i Flesberg har bedrifta utvikla ei ny maskin for å behandla møk. Med vanleg husdyrgjødsel går deler av næringsinnhaldet tapt i gassar som metan og ammoniakk, som er med på å skapa den intense lukta. Den nye maskina utfører ein prosess for å hindra dette.

– Her kjem den ferske møka inn.

Hansson peiker til eit av røra på maskina. Møka går gjennom ein prosess der dei tilset nitrogen og senkar pH-verdien. Dette skal stabilisera møka, fortel han. Nitrogenet som blir lagt til aukar næringsinnhaldet i møka, då grunnstoffet er viktig for plantevekst.

Maskina som behandlar møk med nitrogen.

Den nye maskina deira kan no ta unna det ein middels stor gard med kyr produserer av møk.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Gjer forsøk på effekten

Selskapet har i tre år gjort feltforsøk på effekten av maskina si. I år gjer dei testar i Noreg og andre land, noko dei har planar om å fortsetta med, fortel Hansson.

– Det held ikkje å seia at det fungerer, me må bevisa det.

So langt viser resultata deira eit potensial for 27 % mindre klimautslepp. Spesielt ammoniakk, som landbruket slepp ut mest av i Noreg, blir kraftig redusert.

Rådgjevar i Norges Bondelag, Elisabeth Sæther, står framfor ein monteringshall. Nokre små grupper står i bakgrunnen.

Elisabeth Sæther, rådgjevar i Noregs Bondelag, meiner politikarar bør på bana for å gjera det lettare for bønder å bruka slik ny teknologi.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Landbruket i Noreg stod, ifølgje Miljødirektoratet, for 4,4 av dei totale utsleppa på 50,3 millionar tonn CO₂-ekvivalentar i 2019. Det er den største kjelda for utslepp av metan, lystgass og ammoniakk. Alle desse gassane gir den nye møka reduserte utslepp av.

– Er det noko me jakter i landbruket akkurat no, so er det gode løysingar, fortel rådgjevar i Noregs Bondelag, Elisabeth Sæther.

Ho trekk fram at det kan vera positivt både økonomisk og klimamessig for bønder å ta i bruk ei slik maskin. Fungerer den bra kan det og redusera bruken av kunstgjødsel.

– So kan ein heller bruka meir av si eiga møk, so er det ei utruleg god løysing for bønder. Men det krev at bruk av teknologien til N2 Applied er konkurransedyktig på pris.

To brune tankar ved sida av kvarandre. Ledningar heng ut av dei.

I staden for å ha sin eiga møkakjellar nyttar N2 Applied to store tankar til å lagra møka. Den eine har fersk møk frå bønder i lokalområdet, den andre ferdig behandla møk.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Møk – det nye industrieventyret?

Bedrifta er framleis i oppstarten og går no i gang med siste runde med pilotmaskiner før dei startar med sal.

Raymond Robertsen, statssekretær i Kommunal- og Moderniseringsdepartementet.

Raymond Robertsen, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fekk sjølv hogga over eit tau for å markera opninga av pilotprosjektet.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Regjeringa er jo oppteken av at me skal skapa nye jobbar i heile landet. Og dette treff veldig godt, skaper nye arbeidsplassar i distriktet.

Teknologien i seg sjølv verkar lovande meiner Raymond Robertsen, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Dette har potensialet til å bli eit nytt industrieventyr i Noreg. Og då kan vi eksportera god og viktig landbruksteknologi.