Hopp til innhold

Forskar på gras for å få meir miljøvenleg ku-promp

FURENESET (NRK): Verdas kyr og sauer skal rape og prompe på ein meir miljøvenleg måte. Dette er målet til eit internasjonalt forskingsprosjekt med utspring frå Vestlandet.

Synnøve Rivedal

LEITAR ETTER DET BESTE FÔRET: Synnøve Rivedal og andre forskarar prøvar å finne den grasfôrblandinga som gjev minst mogleg metanutslepp når kyr og andre drøvtyggarar rapar og prompar.

Foto: Bård Siem / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Det knirkar i dørene i kjellaren i den gamle forskingsstasjonen på Fureneset i Fjaler i Vestland. Ei maskin durar og skaper vind, slik at gras tørkar. Stasjonen er ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Lengst inne finn forskar Liv Østrem det ho leitar etter; eit utal ulike typar silofôr innpakka i vakuumplast.

– Vi prøvar å finne eit grovfôrprodukt som skal redusere metanutsleppet frå drøvtyggarane mest mogleg, fortel ho.

Liv Østrem

GRASFÔR i VAKUUMPLAST: Ein del av forskingsprosjektet er at kyrne skal prøveete desse ulike fôrblandingane, fortel forskar Liv Østrem.

Foto: Bård Siem / NRK

Østrem løftar fleire plastpakker ut av eskene. Enkelte pakker er harde, medan graset i andre pakkar er lett og luftig.

– Vi testar ulike grasartar, kor ofte det bør slåast, kor tørt graset bør vere og vi brukar ulike typar ensileringsmiddel, fortel den røynde forskaren.

De leitar rett og slett etter ein type silofôr som gjer at rapen og prompen frå kyr og andre drøvtyggarar ikkje skal vere så skadeleg for miljøet?

– Ja, det kan du seie.

Østrem viser til at grassurfôr blir produsert på mange ulike måtar, noko som fører til stor variasjon i kjemisk samansetjing, gjæring og korleis det blir fordøya.

– Dette påverkar igjen metanutsleppa. Det er difor av avgjerande betyding å finne ut av dette.

Store utslepp frå landbruket

Då stasjonen på Fureneset vart oppretta i 1938 var fokuset jord- og plantekultur.

– No har vi stor aktivitet på miljøspørsmål og reduserte klimagassutslepp, fortel Synnøve Rivedal, leiar for stasjonen på Fureneset.

Ho viser til at landbrukssektoren står for 8,6 prosent av dei totale norske klimagassutsleppa og at metanutslepp utgjer nesten halvparten av utsleppa frå landbruket.

Også på verdsbasis utgjer metanutslepp frå landbruket ein vesentleg dei av dei totale Kjøtproduksjon står for rundt 11–14 prosent av alle klimautsleppa i verda. Og då er traktoreksos og aggregatdiesel til å varme opp fjøsa medrekna.klimagassutsleppa.

Synnøve Rivedal observerer slått på Nibio Fureneset.

STÅR BAK STORE UTSLEPP: Landbruket står bak 8,6 prosent av dei totale klimagassutsleppa i Noreg. På forskingsstasjonen på Fureneset eksperimenterer dei med ulike grasblandingar som skal gje minst mogleg klimagassutslepp frå drøvtyggarar.

Foto: Bård Siem / NRK

Skal «prøveete» ulike blandingar

Neste år går forskinga over i ein ny fase, då kyr skal «prøveete» ulike fôrblandingar.

– Då skal forskarar ved Universitetet på Ås (NMBU) teste metanutsleppet frå kyrne etter at dei har ete ulike typar ensilert grovfôr, fortel Østrem.

– Trur du de vil greie å finne ei fôrblanding som redusere metanutsleppa i stor grad?

– Det er i alle fall håpet, at vi kan finne faktorar som påverkar, slik at vi finn det rette fôret.

Turid Vange

MINDRE METANUTSLEPP i FRAMTIDA?: Går det slik forskarane håper, vil utslepp frå kyr og andre drøvtyggarar bli mindre miljøskadeleg.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Forskingsarbeidet er eit samarbeidsprosjekt mellom Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås (NMBU), Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), forskingsinstitusjonar i Sverige, Danmark og Canada og meieriselskapet Tine.

– Det er lite internasjonal forsking på området og resultata kan få stor verdi også internasjonalt, seier Østrem.

Resultata frå forskinga skal vere klar innan utgangen av 2023.

Zero ventar i spaning

Marius Holm i miljøstiftinga Zero ser med stor spaning fram til resultata frå forskinga.

– Landbruket har for store klimagassutslepp i dag og all forsking som kan bidra til å redusere utsleppa er av det gode. Eg er spent på kor mykje dei greier å redusere metanutsleppa, seier han.

Leder Marius Holm i miljøorganisasjonen Zero.

VENTAR I SPANING: Det vil vere veldig bra dersom forskingsprosjektet resulterer i lågare klimagassutslepp frå landbruket, seier Marius Holm i miljøstiftinga Zero.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK