Hopp til innhold

Moderniserer turisthytter for millionar

Tidlegare i år fekk Den Norske Turistforening 50 millionar i gåve. No er arbeidet med å modernisere turisthytter på Austlandet i gang. Målet er å få fleire ut på tur

Øivind Smidesang jobbar dugnad for DNT på Solheimstulen turisthytte

Alt skal ut! Øivind Smidesang kastar ut restar av det gamle sanitærrommet på Solheimstulen turisthytte.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Lyden av spikrar som må gi tapt for brekkjarn blandar seg med støy frå ein kraftig støvsugar og taktfaste meiselslag.

– Eg driv og tek opp eit golv.

Vivi Abelsen stønnar medan ho bankar laus på betongen i det som ein gong var eit badegolv på Solheimstulen turisthytte.

Vivi Abelsen riv eit gammalt bad på Solheimstulen turisthytte

Vivi Abelsen riv eit gammalt bad på Solheimstulen turisthytte.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Dette er det fjerde laget! Veronica Sandal har kasta seg over ein vegg som skal rivast. Det går unna. – Kjempegøy!

Trufaste dugnadsarbeidarar har reist til fjells for å rive turisthytta innvendig. For knapt to månader sidan, overtok DNT Drammen og omegn den hundre år gamle hytta med 20 soverom.

Solheimstulen ligg i Jønndalen i Nore og Uvdal kommune. Dette er porten til Hardangervidda frå aust. Ein strategisk viktig plass for Turistforeininga.

Solheimstulen er utgangspunktet for mange turar i Hardangervidda nasjonalpark

Solheimstulen er utgangspunktet for mange turar i Hardangervidda nasjonalpark.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Pengegåve på fleire millionar

Tidlegare i år fekk DNT 50 millionar frå Sparebankstiftelsen DNB i gåve. Pengane skal over tre år brukast til opprusting av vertskapshytter i Viken og Innlandet. Målet er å legge til rette for fleire som vil ut i norsk natur.

Dag Terje Klarp Solvang

Dag Terje Klarp Solvang er generalsekretær i DNT.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Ifølge generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, er mange av desse hyttene veldig gamle, og dermed tungvinde å drive. Pengane kjem difor godt med. Planen er å modernisere drifta og utvikle hyttene, slik at fleire let seg freiste til hytteferie.

8 millionar er øyremerka Solheimstulen.

– Det er mange pengar, men det er ei stor hytte, seier Johan Fegri.

Han er driftssjef i DNT Drammen og omegn. Fegri ser at det er mykje å ta tak i når 850 kvadratmeter skal pussast opp.

Drifts- og eiendomsansvarlig i DNT Drammen og omegn, Johan Fegri på Solheimstulen turisthytte

Johan Fegri er drifts- og eiendomsansvarleg i DNT Drammen og omegn.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Taket lek, alle glas må skiftast, kjøkkenet må flyttast opp frå kjellaren og me må utbetre sanitæranlegga.

Etter at dugnadsgjengen har fjerna fleire generasjonar med dekke på golv og vegger, dukkar det opp tømmer og tregolv som skal få nytt liv. Fegri fortel at det har vore turisttrafikk i nesten 200 år på denne staden.

– Me har respekt for historia her. Dette blir difor ikkje ei ny hytte der alt er i vater. Her skal me pusse opp etter den gamle stilen, og prøve å bevare det som mange turistar vil kjenne seg att i.

Det er lite som er i vater i den 100 år gamle Solheimstulen turisthytte.

Det er lite som er i vater i den 100 år gamle hytta.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Bilveg til døra og innedo

Dei fleste hyttene til DNT ligg utanfor allfarveg, men hit er det bilveg til heilt til døra. Johan Fegri trur dette vil gjera det enklare for fleire å komme seg til fjells.

– Her er det fint og trygt for barn å starte friluftskarrieren sin. Og for dei som ikkje er så gode til beins, vil dette vera eit godt alternativ. Først og fremst skal det vera godt for folk å bu her. Det skal vera gode senger og triveleg. Det er stadig nokon som spør om det er innedo på hyttene våre. Det blir det her, lovar Fegri.

Den eldste delen av Solheimstulen turisthytte er 100 år gammal

Den eldste delen av Solheimstulen turisthytte er 100 år gammal. Hytta er porten til Hardangervidda frå aust.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ikkje mogeleg utan dei frivillige

Målet var å gjenopne til vinteren. Problemet er at det verken finst fagfolk eller trevirke å få tak i om dagen.

– Me treng snikkarar til å byggje opp att det me har rive ned og handverkarar som likar å jobbe med gamle bygningar, seier driftssjefen.

Håpet er at dei kan ønskje turistane velkommen sommaren 2022. Men for å få til det, er ikkje 8 millionar kroner nok. Fegri lovprisar den iherdige dugnadsgjengen, og seier DNT aldri hadde våga å satse på eit slikt prosjekt utan dei frivillige på laget.

Lusj for dugnadsgjengen fra DNT på Solheimstulen turisthytte

Dugnadsgjengen frå DNT samla rundt lunsjbordet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Sjølv i «korona-året» 2020 bidrog frivillige med nesten 640.000 dugnadstimar, viser tal frå DNT. Det er ifølge foreininga naturleg nok lågare enn året før, der det vart lagt ned nær 850.000 timar med frivillig arbeid.

Flere nyheter fra NRK Buskerud