Hopp til innhold

Torbjørn er den einaste som har søkt på denne lærlingplassen i Oslo

Berre 56 elevar i Noreg vil vere ferskvarelærling i butikk. – Bransjen roper etter folk, seier Torbjørn.

Torbjørn Frisch Moe vil være ferskvarelærling i butikk

Etter to år på restaurant- og matfag er Torbjørn klar for å starte som lærling.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Etter to år på restaurant- og matfag er Torbjørn klar for å starte som lærling.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Det er siste praksisdag for elevar på kokk- og servitørfag på Etterstad vidaregåande skule i Oslo. Torbjørn Frisch Moe er i full sving saman med dei andre elevane for å presentere eit festmåltid.

Han får ikkje problem med å finne lærlingplass neste år.

Torbjørn er nemleg den einaste som har søkt om lærlingplass innan ferskvarehandel i heile Oslo.

– Det er jo fint for min del, for då får eg fleire moglegheiter, seier han, medan han skjer opp eit saftig kjøttstykke.

Likevel er han bekymra for yrket han no skal gå inn i.

– Matvarebransjen roper etter folk med utdanning, seier Torbjørn.

Ikkje alle treng å arbeide like hardt for lønningane sine Fylkespolitikere gir seg selv feite lønnstillegg i skjul

Høyres fylkestingsgruppe i Viken. Bildet er tatt i 2019 i Ås.

Ikkje nok lærlingar

Ferskvarehandelfaget er ei samanslåing av faga butikkslaktar og sjømathandlar.

I år har Meny plass til 100 lærlingar.

Men på landsbasis er det berre 56 personar som har søkt seg til faget.

Dei siste fem åra har det på det meste vore 86 lærekontraktar innan butikkslaktar eller sjømathandlar. Det er med andre ord lenge sidan bransjen fekk dekka behovet sitt.

Ferskvaredisk på MEny Tveita

Det er ikkje nok folk til å gjere dette arbeidet.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Trist om faget skulle bli borte

Ein som merkar mangelen på lærlingar er ferskvareansvarleg Thord Kleiven Antonsen på Meny Tveita. Akkurat no har han berre ein lærling som driv med sjømat.

– Eg skulle gjerne hatt nokon som driv med kjøtt også, men det har ikkje vore mogleg. Det har vore fleire år med veldig låg tilvekst av lærlingar, seier Antonsen.

Thord Kleiven Antonsen på Meny Tveita

For 15 år sidan gav praksisplass i butikk meirsmak. Ferskvareansvarleg Thord Kleiven Antonsen er veldig glad i yrket sitt.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Sjølv er han veldig glad i faget, som han har drive med sidan han var 16 år.

Opphavleg drøymde han om å bli kokk, men etter ei utplassering i bedrift, var det ikkje prat om å drive med noko anna

Antonsen trur noko av problemet ligg i at folk ikkje veit kva yrket går ut på.

– Det er eit fantastisk morosamt miljø. Vi arbeider med tradisjonar, råvarer, sal og alle dei blide kundane som er her. Det er trist at faget mitt kanskje blir borte om nokre år.

Les også Velger vekk fagbrevet for studiekompetansen

Sørgjer for smakebit av faget

I Oslo er det berre Etterstad vidaregåande skule som tilbyr restaurant- og matfag. Rektor Elin Stavrum trur mangelen på lærlingar innan ferskvarehandel, har med at faget er ein del av restaurant- og matfag, utan at folk er klar over det.

Elevane er rett og slett ikkje informert før dei har søkt seg til vidaregåande.

– Dei blir jo informert av oss, og får ein smakebit gjennom praksisplassar, men det er ikkje noko dei har tenkt på frå før, seier rektoren.

Rektor ved Etterstad videregående skole i Oslo, Elin Stavrum

Skulen samarbeider med næringslivet for å sjå kvar behovet er, og korleis dei kan informere elevane best.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Ho meiner dette faget ikkje er åleine om å slite, sjølv om det kjem ille ut.

– Vi har ei utfordring nasjonalt med å få elevar til å velje yrkesfag, spesielt innan restaurant- og matfag. Eg skjønnar at bransjen er bekymra.

Somme yrkesfag gjer det likevel veldig bra Elever risikerer å ikke få plass på yrkesfag

Torbjørn treng derimot ikkje å vere bekymra. Medan han serverer pannacotta som siste rett i praksismiddagen, kan han glede seg til nye eventyr ute i butikk til hausten.

– Håper det smaker, smiler han blidt til rektor.