Hopp til innhold

Varmerekorden har stått støtt i 50 år

NESBYEN (NRK): 20. juni 1970. Det er så varmt at lufta dirrar. Asfalten nærmast smeltar bort, og bygda sett varmerekord for andre dag på rad. 50 år seinare er rekorden framleis deira største stoltheit.

Varmerekord i Nesbyen.

Akkurat her vart varmerekorden sett i 1970. No er det truleg landets varmaste klestørk. F.v. Jarle Hermundsgård og Dag Smestad.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Borghild Syversen er lokal vêrobservatør for Meteorologisk Institutt. Ho blir brått rikskjendis når ho melder om varmerekord for andre gong. Det heile startar med at ho les av 35,2 gradar på vêrstasjonen i Nesbyen 19. juni.

Så sprengjer ho skalaen endå ein gong. Dagen etter, 20. juni 1970, viser gradestokken svimlande 35,6 raude.

Og det er altså dette talet som framleis står som nasjonal varmerekord, og veletablert varemerke for den vesle bygda i Hallingdal.

Den nøyaktige plasseringa for varmerekorden i Nesbyen.

Her stod den historiske vêrstasjonen som leverte varmerekorden i Nesbyen i 1970. No er stasjonen erstatta med eit over snittet hurtigtørkande tørkestativ. F.v. Jarle Hermundsgård og Dag Smestad.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Steikte egg på asfalten

Det ryktast at folk prøvde å steike egg på asfalten – så varmt var det.

Lufta var brunleg, nesten som ørkenluft. Det var like før det vart fata morgana, eller luftspeglingar, seier Dag Smestad.

Han står midt på plenen, utanfor huset sitt i Nesbyen. Det var her vêrstasjonen stod, den gongen bygda sveitta seg inn i historiebøkene som landets varmaste stad.

Nøyaktig plassering for varmerekorden er hagen til familien Smestad i Nesbyen, der den lokale vêrstasjonen stod i 1970.

Nøyaktig plassering for varmerekorden er hagen til familien Smestad i Nesbyen, der den lokale vêrstasjonen stod i 1970.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Så varmt at lufta dirra

Kampen stod mellom Nesbyen og Gvarv i Telemark. Nesbyen vann til slutt. Den gamle norgesrekorden frå 1901 vart slått med to tidelar.

– Den dagen var det veldig varm luft over store delar av Sør-Norge. Tørr luft, lite vind og mykje sol. Og dermed vart det godt over 35 gradar her, forklarar statsmeteorolog John Smits.

Står støtt etter 50 år

Nesbyen ligg nedst i ein dal omringa av bratte fjell. Lufta kjem seg liksom ingen veg. På særs solrike dagar blir lufta så varm at ho til slutt står stille. Og dermed bikkar temperaturen gjerne 30–35 gradar.

Jarle Hermundsgård var, og er, nærmaste nabo til tomta der den gamle målestasjonen stod. Han hugsar godt den varme junidagen i 1970.

– Eg hugsar då meldinga kom på nyheitene om kvelden. Dei sa det på radioen. Då var det verkeleg. Det var stas, seier Hermundsgård.

Gjekk i skjul

– Folk sat i kjellarar rundt om, fordi dei synest det var ubehageleg å vera ute. Sjølv sprang eg rundt berrbeint for å kjenne kor varm asfalten var. Men det var heilt umogleg. Då brann du deg, seier Arne Ole Lindahl.

Journalist Arne Ole Lindahl i Hallingdølen har skrive tallause saker om Nesbyen og varmegradar opp gjennom åra.

Journalist Arne Ole Lindahl i Hallingdølen har skrive tallause saker om Nesbyen og varmegradar opp gjennom åra.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Lindahl har vore journalist i lokalavisa Hallingdølen i ei årrekkje. I arkivet sitt har han ein fullstappa konvolutt med påskrifta "Nesbyen, varmegradar".

– Eg har skrive mange kilometer om Nesbyen og varmegradane, seier han.

Nåde dei som bøller med rekorden

Mest kritisk har det vore dei gongane varmerekorden har vore nær ved å ryke.

– Nesningane hegnar om varmerekorden. Dei er veldig stolte av den. Nåde dei som bøller med rekorden, flirer Lindahl.

Statsmeteorolog John Smits ved den nye målestasjonen på Nesbyen.

Statsmeteorolog John Smits ved den nye målestasjonen i Nesbyen.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Etter 50 år har varmerekorden nærmast fått legendestatus, blant både bygdefolk og meteorologar.

– Me får sjå kor lenge rekorden blir ståande. Det er jo global temperaturstigning på gang. Før eller seinare blir rekorden slått. Men førebels verkar det jo som om den står ganske bra, seier Smits.

Global temperaturstigning eller ei. Nesningane krysser like fullt fingrane for at dei får halde på varmerekorden i minst 50 år til.