Hopp til innhold

Tangering av historisk varmerekord blei ikkje godkjend

Sidan 1970 er det Nesbyen i Buskerud som har hatt varmerekorden i Noreg. I helga trudde ein at Laksfors i Nordland laurdag nådde opp på nett same temperatur, men den målinga vart ikkje godkjend.

Målestasjon i Laksfors

Målestasjonen i Laksfors då klimaforskar Reidun Gangstø Skaland var ute for å samle data for å bekrefte temperaturmålinga.

Foto: Torleif Helle Gangstø Skaland

CO₂ i atmosfæren
423,3 ppm
1,5-gradersmålet
+1,06 °C
Les mer  om klima

Denne helga kom ei varmebølgje blåsande frå Afrika og over Nord-Europa. Det førte til tropenetter i alle retningar og varmerekordar over heile landet.

Laurdag trudde ein at Laksfors i Nordland målte laurdag 35,6 grader og tangerte med det varmerekorden frå 20. juni 1970 i Nesbyen i Buskerud.

Etter å ha undersøkt saka nærmare har Meteorologisk institutt underkjent denne målinga, bekreftar Mai-Linn Finstad Svehagen hjå instituttet til NRK. Nesbyen står dimed framleis att med varmerekorden i Noreg.

– Det var for mykje grus og vegetasjon kring målestasjonen. Det vert då varmare enn det hadde blitt utan dette. Difor kan vi ikkje bruke den som temperaturmåling, seier direktør for observasjonsdivisjonen hjå Meteorologisk institutt Cecilie Stenersen.

Laksfors

Trass dei brusande stryka var altso Laksfors Noregs varmaste stad på laurdag – like varm som Nesbyen var i 1970 – trudde ein.

Foto: Lotte Nygård-Forsmo

Fleire faktorar spelte inn

Det er fleire ting som førte til at målinga vart underkjend. Temperaturmålarane Meteorologisk institutt nyttar skal mellom anna alle vere to meter over bakken og temperaturdøgeret avsluttast kl. 19, uansett.

Målestasjon på Laksfors

Målestasjonen på Laksfors står like ved jernbana. Mellom anna mengda vegetasjon kring målestasjonen og grus på bakken som kan vere ei kjelde til undervarme.

Foto: Torleif Helle Gangstø Skaland

Om målingar er godkjende avheng av mellom anna vegetasjon kring målaren, plasseringa i terrenget og kva underlag målaren står på.

Vi har vurdert flybilete, dokumentasjonsbilete og bileta vår klimaforskar tok i går og kome fram til at denne målinga ikkje vart godkjend, skriv Svehagen til NRK i ein e-post.

Mykje vegetasjon under stasjonen har ført til at målinga som vart gjort sikkert var lik ei reell kjensle av varmen der og då, men at det med forstyrrande faktorar ikkje kan reknast som representativt for eit større område.

Laster Twitter-innhold

– Litt dumt

– Då vi var so nære var det jo litt dumt å ikkje få førsteplassen, seier Graneordførar Bjørn Ivar Lamo.

AP-ordføraren seier han forstår instituttet måtte ta avgjerda dei gjorde, sidan dei har kvalitetskriteria å følgje.

– Vi har jo fått litt merksemd allereie, og det er jo positivt, seier Lamo.

Ordfører Bjørn Ivar Lamo i Grane

Ordførar i Grane, Bjørn Ivar Lamo, tek ikkje so tungt på at rekordtangeringa glapp. Han er nøgd med dei medieoppslaga kommunen fekk.

Foto: Frank Nygård / NRK

Overraska av resultatet

– Det var ikkje i tankane mine at det kunne skje. Vi var eigentleg innstilt på å ha rekorden saman med nokon, seier ordførar i Nesbyen Tore Haraldset.

– Men det er jo alltid best å ha ein rekord åleine.

Neste år skal kommunen faktisk feire at dei har hatt Noregsrekorden på varme i femti år.

Tore Haraldset

Ordførar i rekordkommunen seier dagane mellom beskjeden om temperaturtangeringa kom og den endelege beskjeden frå Meteorologane har vore særs spanande.

Foto: Christian Hellumsand / NRK

– Vi hadde eigentleg tenkt at vi måtte invitere Grane kommune, men no må vi feire åleine, seier Haraldset.

Bygdeliste-ordføraren seier det er stort engasjement for varmemålingane i kommunen.

– Folk i bygda er veldig oppteken av dette, so det vert nok god stemning her no!

Rekordar vert knust fleire stadar

Også i Europa har det vore varmt dei siste dagane. I den belgiske byen Begijnendijk var det torsdag 41,8 grader. Det var tredje dag på rad nye varmerekordar vart sett i landet.

Talskvinne for Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) Clare Nullis sa tidlegare i veka til Reuters at dei var uroa for målingane på kontinentet.

– Det vi har sett denne gongen er at temperaturrekordar ikkje berre er blitt brotne, dei er blitt knust, sa Nullis.

Talskvinna er uroa for at varmebølgja vil valde stor skade over Grønland når den kjem dit. Øya opplevde allereie i vår dramatisk smelting av innlandsisen.

Hunder trekker slede gjennom overvann på Grønland

Dramatisk issmelting på Grønland i vår forskarane aldri har sett maken til. Varmebølgja som skylla over Noreg førre helg vil valde endå meir skade, fryktar Clare Nullis.

Foto: STEFFEN OLSEN / AFP