Soldat drepen på grensa til Transnistria
Ein moldovsk soldat som tenestegjorde ved grensa til utbrytarregionen Transnistria blei drepen torsdag. Omstende det skjedde under, er uklare.
– Soldaten døydde som fylgje av eit skot frå våpenet han disponerte i tenesta, seier forsvarsdepartementet i ei fråsegn.
Politi og krimteknikarar etterforskar no hendinga. Sist ein soldat døydde der var i 2022.
Soldatar frå både Moldova og Transnistria er stasjonert langs grensa. I tillegg har det vore russiske såkalla fredsbevarande styrkar til stades der sidan 1992.
Moldova står fast ved at dei ynskjer å gjenopprette kontroll over heile den russiskvennlege utbrytarregionen.