Lensmannskontor i Engerdal får 5 årsverk
Engerdal får 5 nye årsverk knytt til lensmannskontoret som skal gjenopnast. Regjeringa hadde i utangspunktet satt av 75 millionar kroner ekstra til å opne fleire lensmannskontor rundt i landet. Men i revidert nasjonalbudsjett er det satt av ytterlegare 400 millionar. Dette for å bidra til gode polititenester nært der folk bur. I eit tildelingsbrev som vart sendt ut før helga, skriv Justis- og beredskapsdepartementet at 5 av kontora dermed får midlar til 5 årsverk kvar. Og at dei skal opnast seinast 1. oktober.