Hopp til innhold

133 kommunar vil ikkje ha eige politikontor

Regjeringa har investert politisk kapital i å reversere politireforma. Men berre 32 kommunar ønskjer å få att sitt gamle politikontor.

Få nyfødde i 2021 i Hyllestad

HYLLESTAD: Her finst ikkje politikontoret lenger. Og det er like greitt, seier ordførar i kommunen, som tidlegare var politibetjent.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var ganske mykje uro i byrjinga. Men i etterkant har det gått seg til, seier Kaare Songstad, som er politimeister i Vest politidistrikt.

Ein ringerunde i Vest politidistrikt viser at berre éin kommune (Årdal) ynskjer å gjenopprette det gamle politikontoret frå tida før politireforma.

Ordførar i Hyllestad, Kjell Eide (Ap), var tidlegare politibetjent på politikontoret i Hyllestad, ytst i Sognefjorden. Eit politikontor som ikkje finst lenger.

– Eg vil ikkje tilbake til den tida då me gjekk helgevakter åleine, seier han til NRK.

Same mønster teiknar seg på nasjonalt nivå.

I ein høyringsrunde som regjeringa har initiert svarer 133 kommunar at dei ikkje vil ha eige politikontor.

32 kommunar svarer at dei ønskjer sitt eige politikontor.

122 kontor stengde dørene

Då nærpolitireforma vart innført i 2015, var det 122 kontor som stengde dørene.

Og i 2020 sa ein evaluering frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) at «Nærpolitireforma har gått ut over lokalpolitiet».

Fleire har difor ynskja å reversere politireforma, og under regjeringsforhandlingane på Hurdal i fjor haust fekk Senterpartiet med seg Arbeidarpartiet på eit løfte om å gjenopprette 20 politipostar.

Men til kva for ein pris? Og akkurat kva kontor?

Her har debatten gått høgt, og tidlegare i november avslørte VG at regjeringa bad Politidirektoratet (POD) om å greie ut moglegheita for å flytte politiressursar frå byane til distrikta.

Etter stort press og «brann i Ap» over «den politiske bomba» trakk Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) bestillinga attende allereie same kveld som ho kom allmenta for øyre.

– Vi ønskjer ikkje å gå vidare med det fordi vi ser at det har skapt stor uro, forklarte ho.

Blant dei som reagerte var Politiets Fellesforbund:

– Å spreie beredskapen endå tynnare ut er verken økonomisk eller tryggingsmessig forsvarleg, sa Unn Alma Skatvold, leiar i Politiets Fellesforbund.

20 nye tenestestader til 174 millionar kroner

Same forbund har rekna på prisen på å opprette 20 nye tenestestader med ein minimumsbemanning på 5 årsverk, altså fem personar på jobb.

Prisen? 174 millionar kroner.

– Vi går imot å opprette nye tenestestadar per no, seier Unn Alma Skatvold, leiar i Politiets Fellesforbund.

Ho legg til:

– Det er viktigare med fleire tilsetje, enn at du har eit bygg som kanskje ikkje kan vere ope meir enn ein dag eller to i veka.

I budsjettframlegget frå oktober foreslår regjeringa å bruke 75 millionar kroner av budsjettet til politiet til tiltak som fører politiet nærare folk.

– Det kan bety fleire polititilsette, nye tenestestader eller andre tiltak som det lokale politiet kjem fram til i samråd med kommunen, kommenterte justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Emilie Enger Mehl

Tidlegare i november avslørte VG at regjeringa bad Politidirektoratet (POD) om å greie ut moglegheita for å flytte politiressursar frå byane til distrikta. Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) trakk bestillinga etter stort press.

Foto: Javad Parsa / Javad Parsa

– Har vorte færre politifolk

Om fleire kommunar har forsona seg med politireforma, er det også framleis sterk motstand:

– Vi ser at etter politireforma har det ikkje vorte fleire, men færre politifolk hos oss. Vi er på det vi meiner er eit absolutt minimum, seier Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang (Ap).

Hilmar Høl (Ap) er ordførar i Årdal, den einaste kommunen i Vest politidistrikt som tydeleg ber om å få tildelt ein av dei 20 nye tenestestadane.

I eit brev til departementet beskriv ordføraren korleis tenestetilbodet ved kontoret gradvis har vorte redusert, og at innbyggarane i større grad må reise til nabokommunen (Lærdal) for å få hjelp.

– Det synest ikkje kommunestyret er greitt!, skriv han.

Ein oversikt i Politforum viser at 14 av kommunane som ønskjer seg ein ny tenestestad vert leda av ordførarar frå Senterpartiet.

12 av kommunane har ordførarar frå Arbeidarpartiet.

Årdal kommune sende brev til departementet med ønsket om å få tilbake politistasjonen.

KJEMPER FRAMLEIS: Det bør ikkje kome som ei bombe på nokon at me kjempar for å få lensmannskontor, seier Årdalsordføraren.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK