Hopp til innhold
TVUNGEN LØNNSNEMND i lærerstreiken : Steffen Handal, Marte Mjøs Persen, Helle Christin Nyhuus og Tor Arne Gangstø utanfor Arbeidsdepartementet.
Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Lærerstreiken

Oppsummert

Over 8000 lærere fra Utdanningsforbundet, Skolenes Landsforbund og Norsk lektorlag streiket i nesten 14 uker, før regjeringen 27. september grep inn med tvungen lønnsnemnd.

  • Lærarar kan få 50 000 i lønnstillegg

    Tal frå Utdanningsforbundet og Lektorlaget viser at lærarar med lektorutdanning og lang fartstid kan få 50.000 kroner i lønnstillegg etter streiken, melder VG.

    Dette er etter eit av tidenes beste lønnsoppgjer for lærarar.

    Tal frå Utdanningsnytt viser at lektorar med lang fartstid kan få opp mot 50 000 ekstra i lønn 2023, medan adjunktar med tillegg kan bikke 40 000 kr i lønnstillegg.

  • KS vil ikkje styra bruken av oppsparte lærarmillionar

    Kommunane har spart 520 millionar kroner på at lærarar ikkje fekk lønsauke frå 1. juni, men frå 27. september då streiken vart avslutta. Så lenge det ikkje bryt med hovudtariffavtalen, står kommunane fritt i disponeringa av pengane dei sparte på den historisk lange streiken. Fleire kommunepolitikarar har ønskt å gi den halve milliarden tilbake til lærarane, og Utdanningsforbundet har uttrykt glede over desse utspela:

    – Det er veldig bra at kommunepolitikarar viser at dei faktisk bryr seg om at det er lærarutdanna folk som jobbar i skular og barnehagar, seier Aina Skjefstad Andersen, forhandlingssjef i Utdanningsforbundet. Ho meiner det viser at dei tek rolla som arbeidsgivar på alvor.

    Bruken av dei oppsparte lærarmillionane har ført til forvirring i fleire kommunar, men både KS og Utdanningsforbundet understrekar at det er fullt mogeleg å gje lokale tillegg, i tråd med hovudtariffavtalen. Utdanningsforbundets forståing av den er rett, seier Hege Mygland, direktør i KS’ forhandlingsavdeling:

    – Det blir slått fast at avtalen ikkje gir moglegheit for å endre verknadstidspunktet for sentralt bestemte tillegg, men den inneheld vedtekter om lokale forhandlingar. Dette har ikkje noko med streiken eller Rikslønsnemndas avgjerd å gjera, seier ho.

  • Lærerne vant ikke fram med streiken i Rikslønnsnemnda

    Lærerne har nå fått avgjørelsen etter fjorårets langvarige streik, som ble stanset av regjeringen. De har ikke fått medhold i sine krav.

    – Hovedtariffavtalen i KS-tariffområde mellom KS og de øvrige arbeidstakerorganisasjonene i Unio gjøres gjeldende fra 27. september 2022 til 30. april 2024, heter det i avgjørelsen fra Rikslønnsnemnda.

    Det betyr at lærerne får den tariffavtalen de streiket mot.

    Lærerstreiken pågikk i nesten fire måneder, før regjeringen satte ned foten og sendte den til tvungen lønnsnemnd. Det betyr at lønnen avgjøres av Rikslønnsnemnda.

    Lærerne har overfor nemnda krevd at lønnsoppgjøret skulle få virkning fra 1. juni i fjor, men nemnda har bestemt å følge prinsippet om at det gjelder fra streiken ble avsluttet 27. september.

  • Ingen planar om å utsette eksamen

    Kunnskapsdepartementet har ingen planar om å avlyse eksamen for dei elevane som blei råka av lærarstreiken i år. Det kjem fram i eit brev frå departementet til kommunesektorens organisasjon (KS).

    Elevar ved Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen starta tidlegare i haust ein underskriftskampanje for å få avlyst eksamenar i fag der dei ikkje hadde fått nok undervisning på grunn av streiken.

    KS sende difor eit brev til kunnskapsdepartementet der dei blant anna bad departementet klargjere situasjonen. Svaret er at eksamen vil gå som normalt og at kommunane må sjølv bruke midlar for å gje elevane den støtta dei treng før eksamen.

  • Sparte penger på lærerstreiken

    Gjøvik kommune sparte 2000 dagsverk under lærerstreiken, melder Oppland Arbeiderblad.

    Skolesjefen sier at de innsparte pengene skal brukes på tiltak som skal rette opp den manglende undervisningen under streiken.

    Dette kan være bedre bemanning, to lærere i klasserommet og kurs for elevene i skoletida.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no