Hopp til innhold

Lærarstreiken: Frykta 14.000 elevar fekk forverra psykiske utfordringar

Uro for vektnedgang, sjølvskading, einsemd og sjølvmord stoppa lærarstreiken. I dag fekk kunnskapsministeren kritikk for å ha hatt for dårleg oversikt over konsekvensane.

Appell til streikende lærere på Sam Eydes plass i Arendal sentrum.

OMFATTANDE: Lærarstreiken berørte meir enn 70.000 elevar til slutt. FHI anslo at 14.000 av desse elevane hadde psykiske utfordringar som sto i fare for å bli forverra. Bildet er frå ei streikemarkering i Arendal.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Bekymringane som til slutt stoppa streiken kom fram i ei rekke rapportar som vart leverte til regjeringa den siste veka før streiken vart avblåst.

Blant rapportane var ein frå FHI som sa at 14.000 elevar risikerte forverring av psykiske utfordringar.

  • Denne artikkelen vart publisert onsdag morgon, den er oppdatert onsdag ettermiddag etter diskusjonen i Stortingets spørjetime. Du kan lese nederst i saka om stortingsdebatten.

– Tynt

På kvelden 27. september stoppa regjeringa lærarstreiken med tvungen lønsnemnd. Då hadde lærarstreiken vart sidan juni.

Men var konsekvensane så store og samanhengane så tydelege at det var nok til å stoppe streiken? Og hadde regjeringa god nok oversikt? Det kjem til å bli diskutert vidare.

For no har regjeringa offentleggjort lovforslaget dei må legge fram etter å ha varsla tvungen lønsnemnd.

NRK har også gått gjennom rapportane som var grunnlaget for regjeringa si avgjerd. Der blir det uttrykt stor uro. Men både lærarane og politiske motstandarar av regjeringa meiner grunnlaget ser vagt og tynt ut.

Frafall i videregående opplæring øker.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken 27/9

Streik er arbeidstakarar sitt våpen for å kjempe fram betre løn. Men dersom streiken har alvorlege samfunnsmessige konsekvensar kan regjeringa avblåse han. Rikslønsnemnda bestemmer då kva løna blir til slutt etter at Stortinget formelt har vedteke tvungen lønsnemnd.

Difor er spørsmålet om grunnlaget for å avblåse streiken viktig.

TVUNGEN LØNNSNEMND i lærerstreiken : Steffen Handal, Marte Mjøs Persen, Helle Christin Nyhuus og Tor Arne Gangstø utanfor Arbeidsdepartementet.

LØNSNEMND: Etter møte med partane kunngjorde arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) at lærarstreiken vart avblåst 27. september.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

LES MEIR: Sparkar lønsnemnd bein på streikevåpenet?

Bekymringsrapportar

Det kom bekymringsmeldingar frå både foreldre, elevar, helsepersonell og skuleleiarar rundt om i landet medan streiken pågjekk.

Det er kommet henvendelser som dreier seg om salg av rusmidler og bruk av disse. Dette er ikke uvanlig men det er mange flere bekymringsmeldinger nå.

Helsesjukepleiar ved vidaregåande skule 7/9

Men først etter midten av september, vart det rapportert inn systematisk til regjeringa frå blant anna statsforvaltarane, og ordbruken i desse rapportane vart etter kvart meir alvorstung.

Fredag 16. september fortalde NRK at ingen på det tidspunktet hadde fått i oppdrag å rapportere om konsekvensane av streiken.

Kunnskapsminister Tonje Brenna har skrive til Stortinget at regjeringa følgde med heile vegen. Men den første streikekonsekvens-rapporten frå Utdanningsdirektoratet som regjeringa omtalar i lovforslaget, er frå nettopp 16. september.

Akkurat den rapporten er på berre ei A4-side.

LES: Utdanningsdirektoratets rapport 16/9

Men så vart rapporteringa trappa grundig opp. Blant dei viktigaste dokumenta var desse:

  • Statsforvaltarane sende rapportar om konsekvensar til Utdanningsdirektoratet med frist 20. september
  • Dei sende nye rapportar om same tema med frist 27. september
  • Folkehelseinstituttet vart bede om å oppsummere kunnskap om skulestenging og psykisk helse, notatet vart levert 22. september
  • I tillegg bad Helsedirektoratet om rapport om helsekonsekvensane 26. september

I pressemeldinga frå regjeringa på kvelden 27. september forklarte arbeidsminister Marte Mjøs Persen lønsnemnda med at det no var alvorlege samfunnsmessige konsekvensar for barn og unge. Ho var spesielt bekymra for opplæringa til elevane, for utsette barn og unge, og deira psykiske helse.

Dersom ein les rapportane som kom inn til regjeringa, kan det sjå ut til at arbeidsministeren hadde god grunn til å gripe inn.

Dette betyr at minst 14.000 elever har utfordringer mens streiken pågår. Så selv om flertallet klarer seg bra, har et veldig stort mindretall betydelige utfordringer og risikerer forverring jo lenger streiken varer.

Folkehelseinstituttet / FHI i notat om lærarstreiken til HOD 22. september 2022

Eksempler på forverringer vi har konkrete opplysninger om er økte suicidaltanker, vektnedgang og emosjonelle svingninger som i verste fall kan føre til impulsive handlinger.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 26/9

I tillegg mottar vi nå konkrete bekymringsmeldinger om barn i vår region, hvor fravær av ordinær skole åpenbart er årsak til forverring av barnas helsetilstand.

Kommuneoverlegar i Vestland, brev til Statsforvaltar 26/9

Vi får informasjon fra kommunene om at elevene har betydelig økte problemer med psykisk helse, spiseforstyrrelser, utenforskap, problemer med selvbilde og selvfølelse, vansker med sosiale relasjoner og vennskap.

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark 27/9

Lærarane reagerte skarpt mot bruken av tvungen lønsnemnd då den kom.

– Det er skuffande og vil nok tvinge fram ein debatt om maktbalansen i norsk arbeidsliv sa Steffen Handal 27. september.

Og trass rapportar med alvorlege formuleringar, er ikkje Handal mildare stemt i dag etter at han har lese lovforslaget frå regjeringa.

Han meiner regjeringa ikkje har lagt fram dokumenterte årsakssamanhengar mellom streiken og unges helse.

– Dette er tynt og generelt, seier han til NRK.

Eg synest forklaringa frå regjeringa er av veldig generell karakter. Det blir peika på grupper av elevar som uansett vil ha utfordringar. Viss dette skal vere grunngjevinga for å avslutte ein streik, har ein avgrensa streikeretten for lærarar i Noreg.

– Men pliktar ikkje ei regjering å reagere på slike alvorlege bekymringsmeldingar som kjem her?

Jo, dei må reagere, men dei burde vurdert og sett inn kompenserande tiltak. Og det burde vore søkt om dispensasjon frå streiken i ein del av tilfella. Ei generell bekymring kan ikkje vere nok til å stoppe ein streik.

Dette er alvorleg. Elevane som har vært ramma sidan skulestart har gått glipp av så mykje opplæring at det vil være vanskeleg eller umogleg å ta igjen denne opplæringa.

Statsforvaltaren i Vestland 27/9

Såg til pandemien

I rapporten Folkehelseinstituttet sende regjeringa 22. september handla det viktigaste om bortfallet av sosiale møteplassar, seier Heidi Aase, som er avdelingsdirektør i avdeling for barns helse og utvikling på FHI.

Erfaringane frå pandemien vog tungt i rapporten.

– Det med at ein sosial arena er borte er ei relevant samanlikning. Skulen skaper møteplassar for barn og unge som kanskje ikkje elles blir valt eller er føretrekt på fritida, seier ho til NRK.

– Det å møtast på skulen er ei anledning til å treffe andre.

Ho forklarar likevel at FHI ikkje har kunnskap til å påvise nokon direkte årsakssamanheng mellom streiken og psykisk vanhelse blant barn og unge. Men ho seier kunnskapen frå liknande situasjonar er sikker nok til å seie at risikoen for mange norske elevar var stor.

– Kvifor er 14.000 eit relevant tal i denne samanhengen?

– Det er eit anslag. Om lag 20 prosent av barn og unge har definerte psykiske vanskar eller plager, seier ho og nemner lærevanskar, spiseforstyrring og vanskeleg heimesituasjon som eksempel.

– 14.000 elevar er eit relevant tal fordi det er spørsmål om korleis barn og unge blir råka. Då har vi teke utgangspunkt i korleis dei som allereie er sårbare blir råka.

Thomas Norvoll (Ap), statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

SAMLA VURDERING: Regjeringa vurderte både FHIs berekningar og ei rekke andre rapportar, seier statssekretær Thomas Norvoll (Ap).

Foto: regjeringen.no

– FHI si berekning var ein del av grunnlaget, seier Thomas Norvoll, som er statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, der dei tok avgjerda om tvungen lønsnemnd.

– Men det var ei samla vurdering, for vi fekk også ei rekke andre bekymringsmeldingar. Det var den samla tilbakemeldinga som gjorde at avgjerda vart som den vart.

Men meiner regjeringa det er dokumentert at streiken førte til fare for unges helse?

– Det vi fekk her, var ei veldig tydeleg tilbakemelding frå statsforvaltarane og fagdepartementa om at vi var komne til eit punkt der det ikkje lenger var forsvarleg å la streiken gå.

Han viser til at det vart rapportert om alvorlege helsekonsekvensar for ei rekke enkeltelevar og at det vart rapportert om auka pågang på helsetenester for barn og unge.

– Det var ingen tvil om at streiken hadde nådd eit punkt der den hadde alvorlege konsekvensar for barn og unges psykiske helse, seier Norvoll.

Stortingsmotstand

Abid Raja

KRITISK: Venstres Abid Raja.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Men regjeringa si avgjerd og avgjerdsgrunnlag møter motstand på Stortinget.

Venstres Abid Raja meiner regjeringa ikkje skaffa seg oversikt over konsekvensane før rundt 100 dagar ut i streiken, og at vegen mot lønsnemnd deretter vart heseblesande.

I Stortingets spørjetime i dag tok han opp dette:

– Kunnskapsministeren kunne ikkje vise til ein einaste rapport ho hadde fått etter tre månader med streik. Det var uklart kva ho faktisk visste om korleis det gjekk med elevane, sa Raja som ville vite om konsekvensrapportane vart bestilt først etter at NRK sette lys på mangelen på rapportar.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) aksepterte ikkje Rajas premiss.

– Statsforvaltarane følgjer med sjølv om dei ikkje får ein eksplisitt beskjed av meg, sa ho, og sa seg også fornøgd med at regjeringa på eit tidspunkt då lærarstreiken vart kraftig opptrappa faktisk bestilte meir konkret rapportering om konsekvensane.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i den muntlige spørjetimen onsdag 19. oktober 2022.

SVAR: Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) måtte svare i Stortinget onsdag.

Foto: Annika Byrde / NTB

Til NRK seier Brenna etter spørjetimen likevel at det kanskje er noko å lære til neste gong.

– Ein kvar streik gir oss lærdom, det kan godt hende at vi skal gjere meir neste gong for å sikre oss at desse systema fungerer, men statsforvaltarane har ståande ordre om å følgje med og eg opplever at dei gjer det.

– Eg er glad for at vi henta inn den informasjonen vi gjorde, legg Brenna til.

Raja seier Stortinget har tradisjon for å støtte eit forslag frå regjeringa om tvungen lønsnemnd, men at Venstre no vil vurdere kva dei skal gjere.

Raudt har allereie erklært at partiet kjem til å stemme mot tvungen lønsnemnd.

– Dette er eit veldig svakt grunnlag. Det er ikkje skikkeleg dokumentert at skulestreiken bidrog til psykisk vanhelse slik regjeringa gjekk ut frå, seier Mímir Kristjánsson.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger