Hopp til innhold

Ingen planar om å utsette eksamen

Kunnskapsdepartementet har ingen planar om å avlyse eksamen for dei elevane som blei råka av lærarstreiken i år. Det kjem fram i eit brev frå departementet til kommunesektorens organisasjon (KS).

Elevar ved Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen starta tidlegare i haust ein underskriftskampanje for å få avlyst eksamenar i fag der dei ikkje hadde fått nok undervisning på grunn av streiken.

KS sende difor eit brev til kunnskapsdepartementet der dei blant anna bad departementet klargjere situasjonen. Svaret er at eksamen vil gå som normalt og at kommunane må sjølv bruke midlar for å gje elevane den støtta dei treng før eksamen.