Hopp til innhold

Tvungen lønnsnemnd i lærarstreiken: – Utfordrar streikeretten til lærarane

I kveld blei partane kalla inn på teppet av arbeidsministeren. Det blir tvungen lønnsnemnd for å avslutte lærarstreiken.

TVUNGEN LØNNSNEMND i lærerstreiken : Steffen Handal, Marte Mjøs Persen, Helle Christin Nyhuus og Tor Arne Gangstø utanfor Arbeidsdepartementet.

TVUNGEN LØNNSNEMND: Steffen Handal, Marte Mjøs Persen, Helle Christin Nyhuus og Tor Arne Gangstø utanfor Arbeidsdepartementet.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Det blir tvungen lønnsnemnd i lærarstreiken opplyser regjeringa.

Streiken er dermed stoppa og elevane kan kome tilbake til skulen.

– Når konflikten ser ut til å vere heilt fastlåst og streiken har alvorlege, samfunnsmessige konsekvensar, ser eg meg nøydd til å gripe inn, seier arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) utanfor Arbeidsdepartementet.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen kalla partane i lærarstreiken inn på teppet tysdag kveld.

Arbeids- og inkluderingsministeren seier at avgjerda om tvungen lønnsnemnd kjem etter ei heilskapleg vurdering.

Ho seier det er krevjande å få fullstendig oversikt over streikens konkrete konsekvensar for enkeltelevar.

– Men basert på rapporteringane vi har motatt per i dag, så er det likevel inga tvil om at streiken har alvorlege, samfunnsmessige konsekvensar der opplæringstilbodet til elevane, deira psykososiale miljø og psykiske helse er viktige element.

– Ein mørk dag

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal er skuffa.

– Dette er ein mørk dag. Skulen tapte og KS vann. No er streiken stoppa, men konflikten er forsterka.

– Ein byggjer ikkje tillit med tvang. Ein løyser ikkje lærarmangelen ved tvungen lønnsnemnd. Ein vil halde fram med å ha lærarar som blir hengande etter, seier Handal.

Steffen Handal

Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet. Til venstre Helle Christin Nyhuus i Norsk Lektorlag og Mette Johnsen Walker i Skolenes landsforbund.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Mette Johnsen Walker i Skolenes landsforbund seier ho er stolt over medlemmane som har stått i denne konflikten. Samstundes seier ho at ho har stor forståing for skuffelsen blant medlemmane.

– Tvungen lønnsnemnd – vi kan forstå det, men det utfordrar streikeretten til lærarane, seier ho.

Skolenes landsforbund vil no debattere om staten skal ta over for forhandlingsretten.

– No håpar eg debatten om å ta forhandlingsretten tilbake til staten kjem, konstanterer Walker.

Mette Johnsen Walker, Skolenes landsforbund.

Mette Johnsen Walker, Skolenes landsforbund.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Leiar i Norsk Lektorlag Helle Christin Nyhus er samd med Handal at det er ein mørk dag.

– Eg vil også seie at eg både er sint og skuffa. Det er faktisk ikkje mogleg å vera noko anna på vegner av alle dei lektormedlemmane og den fellesskulen som dei kjempar for. Tvungen lønnsnemnd er inga løysing på denne konflikten, seier ho.

KS-leiar Tor Arne Gangstø seier at han tykkjer det er leit at det ikkje har vore mogleg å kome fram til ei løysing med lærarorganisasjonane.

– Men vi er svært glade for at 150.000 born og unge som er råka av streiken, no kan kome tilbake på skulen, seier Gangsø.

Tor Arne Gangsø i KS

Tor Arne Gangstø i KS.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

– Framleis mykje att av skuleåret

Også kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) er glad for at elevane kan kome tilbake til skulen.

– Det har store konsekvensar for liva til born og unge når rammene skulen gjev forsvinn og når opplæringstilbodet ikkjer er det, det skal vere, seier ho.

Ho seier at det framleis er lang tid igjen av skuleåret og håpar at skulane vil bruke denne tida godt.

Kunnskapsminister Tonje Brenna.

Kunnskapsminister Tonje Brenna.

Foto: Javad Parsa / NTB

– No har både kommunane og fylkeskommunane spara ein del pengar då lærarane ikkje har fått løn under streiken. Mi første oppmoding er at ein bruker dei pengane på elevane og sørgjer for at ein tar igjen det som kan takast igjen, seier ho.

– Og så må alle skular gjera grundige vurderingar av kva for nokre behov einskilde elevar har, kva for nokre behov det er på skulen totalt sett og gjere det dei kan for å få mest mogleg utav det som er igjen av skuleåret, legg ho til.

Brenna ber elles føresette og elevar om å følgja med på beskjedar frå eigen skule om år dei kan møta opp att til vanleg skulekvardag.

Les også: Nå må hun blidgjøre 190.000 rasende lærere

Lærerstreik
Lærerstreik

Har streika sidan juni

Lærarane har streika sidan juni, i det som har vore den lengste lærarstreiken nokosinne.

Krava om at regjeringa må gripe inn og avslutte streiken har kome frå mange hald.

lærerstreiken

Lærarane demonstrerte framfor Stortinget 12. september.

Foto: Håkon Mosvold Lar

Seinast i dag kom ordførar i Porsgrunn Robin Koss med beskjed om han meiner det er nok.

Både Barneombodet, Foreldreutvalet og Rådet for psykisk helse har gitt uttrykk for at streiken må ta slutt.

Det er 8.150 lærarar som har vore i streik.

Opposisjonspartia er kritiske

– SV støttar ikkje bruken av tvungen lønnsnemnd. Når døra no blir opna for streikeforbod for lærarane er det fare for at terskelen for tvungen lønnsnemnd blir endå lågare neste gong, seier SVs Freddy André Øvstegård i ein e-post til NRK.

Han seier han er uroa for born og unge i den fastlåste situasjonen, men seier samstundes at ein er nøydd til å gjera meir for å halda og rekruttera fleire lærarar i skulen om elevane skal lukkast.

– Eg er redd for at ein konflikt som no endar med tvungen lønnsnemnd berre vil gjera den jobben vanskelegare, seier han.

Abid Raja

Abid Raja, Venstres utdanningspolitiske talsperson.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Også Abid Raja, Venstres utdanningspolitiske talsperson, er overraska over avgjerda til regjeringa.

– Eg er overraska over at regjeringa har gått til tvungen lønnsnemnd på det som for meg står fram som eit tynt grunnlag, seier han.

– Sjølv om eg er glad for at elevane no får kome tilbake på skulen, er eg samstundes uroa for at mange lærarar no kan føle på låg motivasjon for å returnere til klasserommet på grunn av regjeringas dårlege handtering av streiken. Det er heller ikkje bra for elevane, legg Raja til.

Les også: Støre ønsket riksmekleren på banen i lærerstreiken

Lyspunkt

AKTUELT NÅ