22. april: Klokken 20.40 fikk politiet melding om at 42 år gamle Renate Strand Normann var funnet død utendørs på Varaldsøy i Kvinnherad. En 47 år gammel mann ble samme kveld siktet for drap og varetektsfengslet i fire uker.
Forsvararen til den 48 år gamle mannen som er dømt til 15,5 års fengsel for drapet på Varaldsøy, Jørgen Riple, seier dei mest sannynleg kjem til å anke. Mannen har ikkje erkjent straffskuld for drapet, og seier dei hadde håpt på rundt seks års fengsel-
Ein mann er dømt til 15,5 års fengsel for drapet på Varaldsøy, skriv Bergens Tidende. Den 48 år gamle mannen er dømt for drapet på 42 år gamle Renate. Mannen har erkjent straffskuld for grov kroppsskade, men ikkje for drap.
Bjarte Aarlie, som er bistandsadvokat for familien til avdøde Renate Strand Normann, sa i sin prosedyre at familien reagerer på det tiltalte har sagt i retten. Han har mellom anna sagt at han handla i naudverje, og at offeret var rusa.
– Dei opplever at tiltalte stikker frå ansvaret sitt, sa Aarlie.
Han meinte at retten måtte tilkjenna tre pårørande oppreisingserstatning på til saman 1.050.000 kroner. Også den tidlegare sambuaren til tiltalte har reagert på korleis han står fram i retten.
Aktor ber om forvaring i 16 år: – Eit angrep i avsindig sinne
Benedikte Høgseth, aktor i rettssaka etter drapet på Renate Strand Normann, har lagt ned påstand om at ein 48 år gammal mann må dømmast til forvaring i 16 år, med ei minstetid på ti og eit halvt år. Både for drapet på Normann, men også for vald og truslar mot sin tidlegare sambuar.
Aktor meinte at det ikkje var noko fornuftig grunn til at 48-åringen skulle angripa Normann med ein trestokk og slå ho i hel. Høgseth understreka kor brutalt drapet var.
– Dette minner ikkje om naudverje, men eit angrep i avsindig sinne, sa ho.
Aktor la til at tiltalte hadde prøvd å bortforklara hendinga, og at han også har prøvd å sverta avdøde Normann. Vidare sa aktor at tiltalte hadde få utsikter til å forbetra seg.
Drapsofferet Renate Strand Normann ringde ein kjenning rett før ho vart slegen i hel. Det forklarte eit vitne under drapssaka i Haugaland og Sunnhordland tingrett torsdag.
– Ho ringde meg i panikk. Eg høyrer tumultar, så eit hyl. Deretter vart det stille. Resten er berre uforklarlege lydar, forklarte vitnet.
Vitnet ringde rett etterpå til nokon i det frivillige brannvesenet på Varaldsøy, og sa at han frykta 42-åringen var drepen.