Ein 48 år gammal mann forklarte seg i Haugaland og Sunnhordland tingrett i dag. Han er tiltalt for å ha slege 42 år gamle Renate Strand Normann på Varaldsøy til døde med ein trestokk. Han nektar straffskuld.
– Det er svært sjeldan me ser så omfattande skader i ein valdssak.
Det sa kriminalteknikar Kjell Erik Bjørvik då han forklarte seg for retten.
Då hadde han lagt fram obduksjonsrapporten av offeret for retten. Den konkluderte med at 42-åringen døydde av omfattande skadar i hovudet.
– Denne type skader ser me som regel i saker med høg energi, som trafikkulukker, sa krimteknikarane vidare.
Fann trestokk med blod
Det var om kvelden, 22. april 2021, at politiet vart varsla om at ei kvinne låg på ein veg på øya Varaldsøy i Kvinnherad. Livreddande førstehjelp vart gjeve, men livet stod ikkje til å redda.
Ein lege frå luftambulansen konstaterte på staden same kveld at kvinna hadde store hovudskadar, og det vart slege drapsalarm.
I nærleiken av funnstaden vart det også funne ein trestokk i fleire bitar, og kriminalteknikarar mistenkte tidleg at dette hadde noko med drapet å gjera.
VÅPEN: Denne trestokken, som var knekt i fire bitar etter drapet, er brukt til å drepa Renate Strand Normann. Han vart lagt fram i retten.
Foto: Olav Røli / NRKAlle dei fire bitane av trestokken vart lagt fram som bevis på første dagen av rettssaka. På delane vart det mellom anna funne blod frå både tiltalte og avdøde, hår frå drapsofferet, og biologiske spor frå tiltalte.
Kriminalteknikarane var tydelege på at dei meiner dette er drapsvåpenet, og at 48-åringen hadde brukt stokken for å drepa Renate.
Fleire vitne skal også ha observert deler av drapshandlinga.
Kasta ho ut av huset
Då tiltalte fekk spørsmål om han erkjente straffskuld, svara han nei. Han har tidlegare forklart at dødsfallet til Renate skuldast ein ulukke.
I retten forklarte han detaljert om kva som skjedde i timane før drapet. At han hadde vore hos tannlegen i kommunesenteret Husnes, at han og Renate hadde teke ferja til øya Varaldsøy. Der budde dei to i kvar sine hus. Vidare at dei hadde gått saman frå ferjekaien og opp til tiltaltes hus.
DØD: Det var på denne vegen at den 42 år gamle kvinna vart funnen død. Dette er rett på sida av huset som tiltalte budde i på drapstidspunktet.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRKTiltalte var trøytt og sliten etter ein tur hos tannlegen. Renate var rusa og klar for ein fest, sa han i retten. Dette skal ha ført til at skal stemninga mellom dei to snudde, og tiltalte skal ha kasta offeret ut av huset.
Rett etterpå høyrde han Renate stå og snakka på utsida, om at han skulle slå i hjel hunden hennar. Så gjekk han ut frå huset, og mot området der Renate vart funnen drepen.
– Før eg veit ordet av det får eg eit slag med ein pinne, forklarte tiltalte.
Tiltalte: Handla i naudverje
Deretter snakka han om at alt nærmast vart svart. Han såg berre det som skjedde i horisonten, ikkje det som skjedde rett føre auga.
– Eg ser ein refleksjon og ser Renate røra på seg. Og eg fryktar ho har ein kniv. Då vart eg livredd, forklarte han.
Etter dette skal han slått ho fleire gonger.
– Min klient meiner han har vore i ein naudverje-situasjon. Så er det eit spørsmål om han har gått for langt, seier mannen sin forsvarar, advokat Jørgen Riple.
Påtalemakta meiner det ikkje er haldepunkt for naudverje i denne saka.
IKKJE NAUDVERJE: Statsadvokat Benedikte Høgseth meiner det ikkje er snakk om naudverje for ein drapstiltalt mann. Her saman med bistandsadvokat Bjarte Aarlie.
Foto: Olav Røli / NRKVil sjå alt
Frå tilhøyrarplass følgde familien til Renate Strand Normann saka. Dei gjekk ikkje ut då bileta frå åstaden og frå obduksjonen vart viste.
– Eg ville sjå kva han har gjort med ho, seier sonen Patrick Normann.
Det er sett av ni dagar til saka. Tiltalte risikerer forvaringsstraff om han vert dømt.
VIL FØLGJA SAKA: Patrick Normann, som her har sitt yngste barn på fanget, følgjer rettssaka mot mannen som er tiltalt for å ha drepe mora.
Foto: Olav Røli / NRK