Hopp til innhold

Politiet meiner obduksjonsrapporten styrker drapsmistanken

Hovudskadane på Renate Strand Normann (42) kan ikkje stamma frå eit fall, meiner politiet.

Renate Strand Normann under 17. mai-feiring på Husnes i 2012.

DØYDDE: Renate Strand Normann lèt etter seg ein vaksen son. Her frå 17. mai-feiringa på Husnes i Kvinnherad i 2012.

Foto: Privat

Det skriv politiet i ei pressemelding om dødsfallet på Varaldsøy i Kvinnherad førre veke.

– Den førebelse obduksjonsrapporten styrker politiet sin mistanke om at Renate Normann vart utsett for dødeleg vald, heiter det i pressemeldinga frå Vest politidistrikt.

Det var torsdag kveld førre veke at 42 år gamle Renate Strand Normann vart funnen død på ein veg på øya i Hardangerfjorden.

– Skuldast ikkje fall

Ein mann i 40-åra vart pågripen og er varetektsfengsla, sikta for drap på Normann. Han nektar straffskuld og har forklart politiet at han meiner skadane hennar skuldast eit fall.

– Han har forklart at han snur seg, og ser at ho ligg på asfalten. Då tenker han at skadene ho er påført skuldast eit fall, sa forsvarar Jørgen Riple til NRK etter fengslingsmøtet i helga.

– Dei påviste skadane er ikkje forenelige med eitt fall, skriv politiet i dag, som likevel ikkje vil gi fleire detaljar om innhaldet i rapporten før dei har varsla pårørande og sikta.

Etter det NRK kjenner til, skal Normann ha hatt omfattande hovudskadar då ho vart funnen av forbipasserande.

Bistandsadvokat Bjarte Aarlie representerer den 22 år gamle sonen til avdøydde.

– Eg er ikkje så veldig overraska over at politiet meiner dette. Min klient fulgte også fengslingsmøtet førre helg, og meiner forklaringa til sikta var merkeleg, seier Aarlie til NRK.

NRK har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå advokat Jørgen Riple, som forsvarar den drapssikta.

Krimteknikere undersøker åsted Varaldsøy drap

FUNNEN DØD: Torsdag 22. april vart den 42 år gamle kvinna funnen på ein veg på Varaldsøy i Kvinnherad. Ein mann i 40-åra er sikta for drap.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Vil ikkje seie meir om gjenstand

Politiet har også gjort beslag av ein gjenstand dei meiner kan knytast til drapshandlinga, men dei vil ikkje seie meir om kva type gjenstand det er.

Politiet vil ikkje påverke vitner og vil også gjera nytt avhøyr av sikta før dei går ut med meir informasjon om gjenstanden.

NRK har tidlegare fått opplyst at denne gjenstanden vart funnen av krimteknikarar fredag 23. april, dagen etter dødsfallet. Gjenstanden vart funnen utandørs i nær tilknyting til åstaden.

Politiet opplyser at etterforskinga pågår for fullt og at dei er i ferd med å danne seg ein god oversikt over kva som har skjedd.

Når eitt nytt avhøyr blir gjort med sikta er ikkje avklart.

Politiet søker med hund etter drap Varaldsøy Kvinnherad

FANN GJENSTAND: Krimteknikarar søkte mellom anna med hund ved og rundt åstaden på Varaldsøy. Fredag 23. april fann dei ein gjenstand dei meiner kan knytast til drapshandlinga.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Tidlegare politimeld for vald

Politiet seier også at dei har etterforska fleire meldingar om at sikta tidlegare har utøvd vald mot sin ekssambuar.

– Den siste saka vart politimeld i april 2020 og er koda som familievald. Fornærma forklarte i politimeldinga om fleire alvorlege vald- og trugselhendingar. Saka vart etterforska, men bevissituasjonen gjorde at saka vart lagt vekk av politiet på bevisets stilling i august 2020, skriv politiet i pressemeldinga.