|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Eid: EkspressbussarAlt i juni 1975 starta Nordfjord og Sunnmøre Billag i samarbeid med Ottadalen Kommunale Billag og NSB den første ekspressbussruta frå Nordfjord til Oslo. Publisert 15.03.2007 15:03. Inntil den nye heilårsvegen over Strynefjellet vart opna i 1978 vart ruta berre trafikkert i sommarhalvåret fram til 30. september. Turen tok den gongen 12 timar. I Stryn var det korrespondanse med buss til og frå Sandane. Ruta gjekk med buss berre til Otta, der det var omstiging til tog. Grunnen til dette var at Stortinget den gongen var sterkt opptekne av å skjerme NSB – Norges Statsbaner – mot konkurrerande parallellkøyring med rutebussar der NSB trafikkerte. På 1980-talet endra synet på slik konkurranse seg, og ekspressbussane frå Nordfjord har sidan køyrt heilt fram til Oslo.
Norway bussekspressNordfjord og Sunnmøre Billag har sidan 1988 vore tilslutta trafikksamarbeidet Norway Bussekspress. Ekspressbussruta Bergen-Førde-Nordfjordeid-Ålesund – ”Vestlandsbussen” - vart starta i 1990 som eit samarbeidsprosjekt mellom fleire trafikkselskap i landsdelen. Den første som hadde prøvd seg på ei sør- og nordgåande ekspressbussrute på Vestlandet, var ein tidlegare drosjesjåfør frå Kristiansund som heitte Harald Kaald, men denne ”Kaald-ruta” som starta i 1984, fekk berre kort levetid.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|