SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Når naturen herjar med oss

Ramnefjellet etter ulukka i 1936
Ramnefjellet etter ulukka i 1936
Snøskred, rekordnedbør, jordskred og flaum har mang ein gong sett ein støkk i folk dei siste åra. Men skadane har heldigvis vore små i høve til dei verkelege katastrofane.

Publisert 15.09.2005 13:30. Oppdatert 28.04.2006 11:25.
Av: Vidar Vie

Skadeomfanget var likevel lite i høve til dei verkelege katastrofane. Eit av dei verste eksempela er Ulukkesvinteren 1868 då 150 menneske mista livet på vestlandet. Katastrofalt gjekk det også i Arnafjorden då Skredet som tok 45 liv kom farande. Sjå også dei andre Skredskadene i Vik og Ulukkesdagane i 1928.

Båt på land etter ras i Årdal.

Gale gjekk det også då 14 omkom i Hornindal medan dei aller verste var Lodals-ulukkene tidleg på 1900-talet. Andre eksempel er Rasa i Vetlefjorden og Rasa i Holsen. Det har også vore mange av Ulukkene i Jølster, medan Flodbølgja i Årdalsfjorden er eitt av eksempela i nyare tid.

Farlege elvar

Også elvane har skapt store problem. Ikkje minst då Storflaumen i Jostedalen i 1979 slo til. I Førde er det framleis spor etter Det store elvebrotet i 1780. Folket i Høyanger hugsar godt Skadeflaumen i Daleelva, og Lærdalselvi har ført med seg meir enn store laksar: Ras og elveskader i Lærdal.

Når naturen slår seg verkeleg vrang kan den også gje konsekvensar som Den vesle istida.

Stormar på kysten

På kysten har utallige stormar krevd menneskeliv på havet gjennom tidene. Knapt ei grend langs kysten vår har gått fri. Her finn du mange eksempel:
Ulukker i Gulen
Ulukker i Solund
Ulukker i Askvoll
Ulukker i Bremanger
Ulukker i Vågsøy
Ulukker i Selje

LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no