|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Vik: Skredet i 1811 tok 45 menneskeliv | Nese i Arnafjorden. foto: Ottar Starheim |
Utanom Lodals-ulukkene - dei store rasulukkene i Lodalen i 1905 og 1936, er skredulukka på garden Nese i Arnafjorden den 2. desember 1811 ei av dei største naturkatastrofane i Noreg i nyare tid. Publisert 01.08.2002 14:46. Oppdatert 18.03.2008 09:31.Etter dagevis med striregn, tok det ved totida om natta til å rase i fjellet ovanfor tunet der det budde kring 60 menneske. Lengst oppe var det små mengder som losna, men det drog med seg stein, jord og snøsørpe nedover som med ofseleg kraft råka husa og førde alt 600-700 meter ned til sjøen. Berre eit par hus i det gamle klyngetunet stod att.
Borna flaut oppå skredetBerre 11 av dei 45 som omkom vart attfunne og gravlagde. Mellom dei som vart berga var det mange barn. Dette kom truleg av at dei sov på kovelemmen høgt oppe i huset, og såleis flaut meir oppå når husa vart førde bort med skredet.
Fjøsvegg med ku over fjordenVrakdelar og innbu flaut over store delar av Sognefjorden. Ein fjøsvegg vart funnen att på andre sida av fjorden, med kua framleis hengande fast i spilltauet.
Mange flyttaPå Nese vart husa flytta til tryggare stad etter ulukka. Mange av dei overlevande bygde ikkje nytt, men flytta bort frå bygda.
Same natta som storskreda øydela på Nese, gjekk det eit 400 meter breiyt skred ved garden Refsdal i Vik.
SE OGSÅ
Siste saker:
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|