SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Balestrand:

Naturskader og ulukker i Vetlefjorden

Raset i Vetlefjorden i 1994. (Foto © Olav L. Ulvestad)
Raset i Vetlefjorden i 1994. (Foto © Olav L. Ulvestad)
Fleire gardar i Vetlefjorden har gjennom tidene vorte hardt råka av snøskred og flaum. M.a. vart det gjort stor skade på gardane i bygda i 1659 og 1670.

Publisert 11.06.2002 19:31. Oppdatert 16.01.2004 12:05.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Skaskrida i 1659

I 1659 fall eit breras ned og demde ei elv høgt til fjells. Etter ei veke losna demninga, og flaumen reiv med seg mykje av den beste jorda på dei flate gardane. På ein gard på Feten vart både husa og det meste av jorda feia på fjorden. Sidan har dalen der demninga låg, vorte kalla Skadalen.
Feten vart hardt råka av ein sommarflaum i elva i 1670.

Skaskrida tok alt

Elles går det segner om at det i eldre tid på Feten låg ein plass der det no heiter "Skaskrida" (skade-skreda). Her drap fonna alle på garden med unntak av ei lita jente. Småjenta kom seg halvnaken fram til Ulvestad, der dei trudde det var ei hulder, og ville jage henne bort. Men gardkona på Ulvestad kjende att eit fletteband som jenta hadde i håret, og tok seg av henne. Seinare er det funne restar av kokeutstyr og never i jorda ved Skaskrida som kan tyde på at soga om denne skredulukka er sann.

Eiken-skredet tok seks menneske

I 1718 miste to kvinner og fire menn livet på garden Eiken i Vetlefjorden då gardshusa vart tekne av snøskred.

Flaum i Vetlefjordelva

Etter sterk nedbør, fløymde Vetlefjordselva den 18. og 19. juni i 1820 på nytt ut over markene og øydela for store verdiar, og fjorden var full av rekved frå skog som vart sopa bort. Store jordvidder på Rendedal, Feten, Meland og Eiken vart lagde aude. Ei mengd husdyr strauk med. Også i 1847 gjorde det såkalla "Vetlaraset" stor skade i Rendedal.

Ulukkesvinteren 1868

I uvêrsåret 1868 tok eit nytt skred på nytt liv på Eiken, då ein tenestedreng som sov på fjøslemmen vart teken av snøras. Skredet slo over dalen og gjorde også skade på hus på Ulvestad.

Stort ras i 1877

Både raset i 1868 og eit ras i 1877 gjorde stor skade og tok all buskapen på Eiken. Etter dette vart tunet flytta.
Eit ras i 1994 tok med seg bygningar på fjorden. (Foto: NRK)
Skredet i 1877 var 400 meter breidt. Det seier litt om naturkreftene i eit snøras når det vert fortalt at ein kjempestor stein som låg ved skredfoten i 1877 vart flytta over 200 meter over dalen og opp bakkane på Ulvestad på andre sida. Då den vart minert, køyrde bonden bort 84 sledelass med stein!
I Vetlefjorden er det reist to minnesteinar om desse store ulukkene.

I 1918 vart fleire hus på Langeteig øydelagde av Breiskreda, og ein hest drepen.

Etter eit skred i 1983 var det bygd ein 100 meter lang vernevoll på garden mot skred frå Oreskregrovi.

I 1994 gjekk dette raset i Vetlefjorden. Ingen omkom, men ein del bygningar rauk med. Sjå video. (Foto: NRK)


MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no