SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Selje kommune:

Ulukker i Selje

I kystkommunen Selje er drukningsulukkene tallause. Stadhavet er eitt av dei mest frykta havstykka på Norskekysten. Stadhavet har fram gjennom hundreåra kravd hundretals menneskeliv. Særleg ille gjekk det då eit stort tal nordlandsjekter forliste i stormar på Stadhavet i åra 1594, 1692 og 1763.

Publisert 06.03.2001 15:18. Oppdatert 12.01.2007 11:57.

Bygdebøkene fortel at mest kvart hus i Selje har folk som har kome bort på sjøen. Oversynet nedanfor tek berre med ulukker med fleire omkomne, og ulukker under særskilde omstende.

Tragedien på Stadhavet 1594

Måleri av Isak Refsnæs. (Foto utlånt av Rune Anda).
Presten og historikaren Absalon Pedersøn Beyer fortel om truleg den største skipskatastrofen som har hendt på Norskekysten i fredstid:
I 1594 skal 15 skip og jekter ha forlist i same stormen på Stadhavet. 20 til 40 menneske på kvart skip omkom, d.v.s. at mellom 300 og 600 menneske miste livet. Grunnen til det store talet omkomne, var at nordlendingar tok med seg både kvinner og born frå huslyden når dei reiste med frakter til Bergen.

1692

I 1692 forliste 16 nordlandsjekter på Stadhavet på veg til Bergen med last. Ein stor del av mannskapet omkom. Diktarpresten Petter Dass var ein av dei som miste jekta i denne stormen, og han har skildra hendinga i dikt.

1728

I 1728 forliste ei jekt frå Sunnmøre utanfor Stad. Tre omkom. 12 vart berga.

1763

I 1763 fortel Alb. Dass at 14 nordlands-jekter forliste, og mellom 15 og 20 menneske omkom.

1788

I 1788 drukna to menn frå garden Ferstad då båten deira gjekk rundt i samband med frakting av geiter til ein beiteplass ved Ervika.

1790

Ca. 1790 omkom faren og to døtre på garden Slettebakken i eit snøskred.

1801

I 1801 forliste seglskuta ”Jomfru Elisabeth” utanfor Ervik, og mannskapet vart berga av folk frå Ervik.

1849

I 1849 omkom fire menn frå Honningsvåg ved flua Stålet på Stadhavet. Dei fire var rorskarar til losen som gjekk ut frå Honningsvåg under ein storm for å assistere eit seglskip.

1860

I 1860 drukna to menn frå Kråkenes då dei rodde på ei flu og drukna etter eit ærend i Osmundsvåg.

1862

I 1862 dreiv jekta ”Alpha” inn på Ervik, forlist og utan mannskap.

I 1862forliste skonnerten ”Marie” ved Venøytangane. fem av mannskapet omkom, og losen, som var frå Silda.

1868

I 1868 drukna losen og rorsdrengen hans då båten deira kvelvde ved flua Stålet. To andre ombord berga seg.

1869

I februar 1869 omkom mange fiskarar i ein orkan som rasa over Stad og Sunnmøre i tre dagar. Fire mann frå Selje omkom.

I 1869 omkom tre fiskarar frå Sjåstad utanfor Refvik i Nord-Vågsøy.

1875

I mars 1875 omkom åtte mann i ein storm utanfor Ervik på Stad.

1882

I 1882 brann det kombinerte skulehuset og klokkargarden i Selje ned. Tre av klokkarborna brann inne.

1897

I 1897 omkom ei kvinne frå Leikanger i eit snøskred.

1899

I mars 1899 omkom fire mann frå Stad. Dei kollsiglde på veg til lands etter garnsetjing.

1920

Ved Ervik-ulukka omkom åtte fiskarar frå Ervik og Morkadalen i ein storm på Stadhavet. Denne dagen låg 30 færingar med 60 mann på fiske utanfor Ervik, då ein sterk storm kom som kasta på dei. Dei fleste båtane kvelva, og takka vere ein stor innsats frå redningsmannskap vart dei fleste berga.

1940-1945 - Forlis under 2. verdskrig

Sjå:

· Krigshistoria i Selje
· Sanct Svithun-forliset


1944

Fiskeskøyta ”Flyvefisken” gjekk ned med fire mann på hålinefiske utanfor Stad. Truleg gjekk den på ei mine.

1945

I 1945 omkom ein mann frå Beitveit i eit snøskred.

1953

I januar 1953 vart fiskebåten "Stavnes" frå Stadlandet pårent bakfrå av ein lastebåt mellom Haugsholmen og Åramsundet nord for Stad. Alle dei åtte ombord på "Stavnes" omkom. Fiskebåten var på veg heim etter å ha lossa sild i Sandshamn då ulukka hende.

"Brenning". Fotoet er henta frå boka til Leo Oterhals om Rokta-forliset.

Brenning-forliset

i 1956 kravde 19 menneskeliv på Stadhavet. Fiskebåten Brenning frå Sørfold i Nordland gjekk rundt, og redningsmannskap kunne høyre bankesigsnala frå overlevande inne i vraket, utan å kunne hjelpe. Båten sokk før dei nådde land.







1971

Linebåten ”Seilfjell” frå Silda (sjå Vågsøy kommune) forliste 2. januar på Vikingbanken. Ni mann omkom, tre av dei frå Rundereim i Selje.

1976

I 1976 omkom to av mannskapet då det kjende forskingsskipet "Helland Hansen" forliste og sokk ved Svinøy like nord for Stad.

1983

I 1983 miste ein mann livet då trålaren "Kågtind" kolliderte og sokk utanfor Selje.

1983

I 1983 omkom fire mann då tørrlasteskipet "Raunefjord" forliste og sokk utanfor Selje.

1984

I 1984 omkom to personar då tørrlasteskipet "Sun Coast" forliste og sokk utanfor Selje.

2003

Hurtigruteskipet "Midtnatsol" (bygd 2003) med 161 passasjerar og mannskap ombord var 150 meter frå å drive på grunn på skjera Bukketjuvane ved Stadlandet då skipet den 14. desember 2003 fekk motorstopp. Det bles full storm, og ankera tok feste i siste liten.

Hurtigruta "Midnatsol" i drift i full storm ved Stad. (Foto: Redningsselskapet)


Sjå elles:

· Sanct Svithun-forliset
· Samferdsle i Selje



MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no