SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Ulukker i Vik

I dette oversynet er berre større og spesielle hendingar tekne med:

Publisert 25.07.2002 13:10. Oppdatert 12.01.2007 10:52.

1500-talet

Den første kjende skredulukka i Vik er frå 1500-talet då eit snøras frå fjellet Sopa ved Geithus mellom Arnafjorden og Finnafjorden råka ein robåt slik at mannen ombord drukna.

I 1707

omkom mann og kone då garden Øvstedal vart teken av skred. Borna deira overlevde.

1746

I 1746 omkom ein mann frå Risløv i Ovrisdalen då han vart teken av eit snøskred.

I 1761

omkom tre menneske på Vetløyri i eit jord- og steinskred.

Skredulukker på Bruavoll

I 1775 raserte eit jordskred det meste av åkerlandet på garden Bruavoll. Også i 1880 gjekk det skred som øydela to hus på Bruavoll. I 1931 omkom eit eldre ektepar då eit snøskred tok bustadhuset på Bruavoll. Fem andre som sov i huset, overlevde.

I 1777

omkom eit ektepar og dei to borna deira i eit skred på garden Hola. Dei frykta skred denne uvêrsnatta og flytta frå stovehuset og ut i eit utløe. Men så vart det utløa som vart råka av skredet.

I april 1780

omkom sju personar etter at dei hadde vore på skjenkestova på Vikøyri: Ein mann gjekk utfor brua og drukna i Vikja, og fem menn og ei kvinne drukna i fjorden.

Skredet i 1811 tok 45 menneskeliv

Utanom dei store rasulukkene i Lodalen i 1905 og 1936, er skredulukka på garden Nese i Arnafjorden den 2. desember 1811 ei av dei største naturkatastrofene i Noreg i nyare tid.

I 1829

øydela eit skred 13 hus på garden Øvstedal. Folket hadde frykta skred, og hadde evakuert husa. Dei tok med seg hestane, men resten av bølingen vart att, og strauk med.

I 1830

vart mest alle hus og mykje av jorda på Nedre Hatlelid i Fresvik øydelagd av eit jordskred. Folket berga seg, men dei fleste husdyra vart drepne.

Brannen på Vikøyri 1838

Brannen er ein av dei største i Noreg i nyare tid. På 4 timar var ialt 294 hus lagde i oske.

I 1840

drukna tre menn frå Arnafjord på veg til Bergen.

Skreda i Fresvik i 1847

omkom eit ektepar og dottera deira då eit skred tok garden Høgheim i Fresvik.

I 1843

drukna to gutar frå Valsvik. Omstenda er ukjende.

I 1869

fraus ein mann frå Vangsnes i hel under vinterfiske i Gulen. Ein annan ombord vart såvidt berga.

Skredskadar på Lee

På Lee-gardane ved Arnafjorden har ras gjort mykje skade fram gjennom tida.

Ni menneske omkom i Fresvik

I 1882 omkom ni menneske i eit jordskred på to gardar på Hov i Fresvik. Av desse var seks frå same huslyden. Dei tre andre var tenestefolk.

I 1897

vart ei budeie stanga i hel av ein framand okse på stølen i Grøndalen på Vikafjellet.

I 1914

omkom far og son då dei vart tekne av snøskred ved Klepp i Fresvik. Skavlen som losna og drap dei to har sidan vorte kalla Hermundskavlen etter bonden som vart drepen. Ein minnestein er reist på staden der ulukka hende.

Brannen på Vikøyri i 1922

Den 20. januar 1922 vart 39 hus på Vikøyri totalskadde av brann, og fleire hus fekk store brannskader. Ingen personar vart skadde i brannen.

I 1921

omkom ein ung mann i uver på Vikafjellet. Han var gymnasiast på Voss, og skulle gå på ski heim til Framfjorden då uveret tok han.

I 1929

omkom ein ung mann då han vart teken av snøras i Bøadalen.

1931

I 1931 omkom eit ektepar på ein gard i Seljedalen då eit jord- og steinskred knuste husa på garden.

I 1936

druka to menn frå Fresvik då robåten som dei hadde lasta med ved, gjekk rundt i austakulingen på Sognefjorden.

I 1950

sopte ein stort steinras ei løe, naust og ei bryggje på fjorden i Fresvik.

I 1963

omkom flygaren og fotografen då eit fly frå Widerøes Flyveselskap som var ute på foto-oppdrag, styrta i Vik. Flyet støytte mot ein løypestreng.

I 1965

drukna to menn under dykking utanfor Ligtvor.

1979

I 1979 omkom ein seks år gamal gut då oppstillingsplassen på ferjeleiet på Vangsnes seig ut, og guten fylgde bilen han sat i i fjorden.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ
Siste saker:
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no