1756
I 1756 omkom fire tenestedrengar på handelsstaden Moldøen.
1760
I 1760 drukna to gardbrukarar frå Brubakke på Bryggja under vinterfisket.
1766
I 1766 drukna tre menn frå Almenning og Falkevik på fiske då båten deira kantra.
1778
I 1778 omkom tre fiskarar frå Måløy og Deknepollen.
1786
I 1786 omkom seks fiskarar frå Nord-Vågsøy på vinterfiske.
1790
I 1790 berga folk på ytre Vågsøy den skotske sluppen Elisabeth, som dei oppdaga drivande med rivne segl ute i havet. I ein sundslegen livbåt låg ein død matros. Resten av mannskapet hadde også omkome.
1794
I mai 1794 omkom seks fiskarar frå Vågsøya og Saltkjel.
1795
I 1795 omkom tre fiskarar frå Kvalheim og Kråkenes på vinterfiske.
1808
I 1808 drukna ein far og son frå Seternes under fiske.
1817
I 1817 omkom fire menn, to frå Kvalheim og to frå Kjølsdalen, då to fiskebåtar kolliderte og sokk ved Skongsneset.
1822
I 1822 omkom sju fiskarar i ulukker i mars og august.
1829
I februar 1829 omkom fem fiskarar frå Nord-Vågsøy i ein storstorm, og same året i november omkom fem mann frå Kråkenes i uver ved Vågsberget.
1831
I juli 1831 omkom fire fiskarar frå Måløy vest for Vågsøy. Den femte vart berga etter fire døgn på båtkvelvet.
1835
I 1835 omkom fem menneske då dei kollsiglde i orkan på veg frå Osmundsvåg til Raudeberg. Om redningsråden til Ole Hansson Trollebøe og mannskapet hans i 1835 – sjå
Ole Hansson Trollebøe .
1838
I 1838 omkom tre drengar på Vågsberget på fiske.
1843
I juli 1843 omkom i alt ni mann frå Måløy og Raudeberg på fiske.
1847
vart eit stort ulukkesår: I januar omkom seks sildefiskarar frå Våge, i februar fire mann frå Refvik på garnfiske, i april tre fiskarar frå Vedvik og Hagevik.
1848
I desember 1848 omkom fire mann frå Blålid då ein sekskeiping kollsigla ved neset Helen ved Hornelen. Dei hadde vore på seifiske ved Bremanger. Ei minnetavle om ulukka er sett opp ved kyrkja i Måløy.
1852
I 1852 omkom seks mann frå Gotteberg på seifiske ved Bremanger.
1854
I 1854 drukna far og son frå garden Husevåg på Husevågøya.
1862
I 1862 omkom den vidgjetne losen Velom i Sildene og fem andre då dei skulle berge den stormslitne skonnerten ”Marie” ved Silda.
1864
I 1864 vart soldaten Peder Jakobsen Husvåg frå Husvågøy ihelstukken under ei militærøving på Ulven ved Bergen.
1872
I 1872 brann 86 hus i gardstunet i Refvik. (Sjå "
Storbrannen i Refvik").
1876
I 1876 drukna sju menneske frå Bryggja - fire menn, tre kvinner og eit spebarn - då båten deira kollsiglde på veg til barnedåp i Rugsundkyrkja. Dei omkomne kom frå frå Totland og Brubakke (ektebaret på Brubakke kom opphaveleg frå Stårheim). Ein mann, ein jente og ein gut berga seg på kvelvet.
1880
I 1880 drukna to unge menn frå Gotteberg då fiskebåten deira vart kvelvd av ein kval.
1901
I 1901 omkom fire fiskarar frå Refvik.
1903
I 1903 drukna farc og tre søner frå garden Husevåg på Husevågøy under fiske.
1906
I 1906 drukna fem mann frå Nord-Vågsøy på linefiske ved Kråkenes.
I 1913 drukna fire mann frå Hunskår, ein mann frå Kvalheim på Vågsøy og ein mann frå Randabygda i Stryn då motorbåten ”Signal” kom bort under fiske ved Kråkenes den 14. februar.
1931
I 1931 forliste den engelske trålaren Venus ved Hendaneset. Fem mann omkom. Dette var i ”forbodstida”, og trålaren hadde minst 18.000 liter smuglarsprit ombord. Mykje av dette vart berga av bygdefolket, som hadde smuglarprit for mange år frametter! To av mannskapet på Venus overlevde. Dei vart førde til Kristiansund og dømde av norske styresmakter for storsmugling.
1951
Fire menneske omkom då eit bustadhus i Holvik i Vågsøy brann ned i 1951.
2. januar 1971
gjekk linebåten ”Seilfjell” frå Silda ned i storm på Vikingbanken. Ni mann omkom – seks av dei frå den vesle øya Silda, og alle i familie med kvarandre.