Etter ein hard vinter la det seg tjukk is på Jølstravatnet. Eit hardt stormver braut isen opp, og pressa is i store mengder ned elva, der den demde opp fleire stader og tok nye far:
Første området der elva braut nytt far, var på garden Mo (seinare jordbruksskule), der Moøyra vart skild frå hovudbruket.
På Vie gjekk Jølstra før elvebrotet i ein sving oppunder der Vievegen og sentralsjukehuset ligg idag. Garden til Adolf Indrebø har difor bruksnummer under Hafstad framleis. Her braut elva nytt far nærmare Hafstad, og neset på Indrebøs gard vert difor kalla Nyeneset den dag idag.
Men størst endringar gjorde likevel elva i noverande Førde sentrum. Her gjorde den ”gamle” elva ein stor boge frå Sagelva og opp i Sjøahola ved kyrkja på Skei. I 1780 demde isen i denne svingen ved Sagelva, og elva tok nytt far over Øyrane, som tilhøyrde gardane på Halbrend på sørsida av dalen. Det var såleis Halbrends-gardane som åtte det meste av Øyrane fram til SIVA fekk hand om Øyrane som industriområde på 1960-talet. Det gamle elveløpet gjennom Løken og Sjøahola viser framleis tydeleg i landskapet – særleg på flo sjø.
Dette elvebrotet gjorde at den gamle handelsstaden i Sjøahola kom i bakevja – ei utvikling som vart forsterka då Den Trondhjemske Postvei kom i 1785, og Hafstad vart
skysstasjon.
|
Flaumen i 1922 tok bruka over Jølstra. Foto: O. Fauske |
Hindra nytt elvebrot
Under ein langvarig regnværsperiode kring 1880 truga Jølstra på nytt med å bryte nytt løp gjennom Førde sentrum, denne gongen frå området ved Førdehuset og i eit gamalt elvefar i Storehagen der Sunnfjord Hotell og rutebilstasjonen no ligg. Ei rask elveforbyggjing hindra Jølstra å bryte seg nytt far.
Elva Jølstra endra seg mykje i Førde sentrum etter graving av nytt elvelaup for elva Anga i Angedalen på 1960-talet. Lausmasse derfrå grunna ut Jølstra kring elvosen på
Steinen og oppover til Førdehuset. Før dette kunne mindre båtar lett ta seg opp til sjøbuer kring Førde Hotell.
Frå gamal tid finn ein ved Hafstad v.g. skule framleis restar etter ei kai og stadnamnet ”Landabryggja”, der ein la til med båtar som vart dregne opp elva.