|
Ekspedisjonsbygget på Sogndal kai. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Sogndalsfjøra vart stoppestad for Fylkesbaatane frå ruteselskapet vart skipa i 1858. Sogndal vart endestoppestad for ekspressbåten Sogn-Bergen frå 1996.
Dampskipsekspeditøren i Sogndal bygde ei låst grind i bakken som gjekk ned til kaia, og folk som ville sjå på "dampen" måtte løyse billett!
Amla fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1862. I 1897 søkte godseigar Knagenhjelm og andre oppsitjarar på vestsida av bukta om at rutestoppen vart flytta frå Amla og over til dei på vestsida. Men direksjonen i Fylkesbaatane avslo. Først i 1915 fekk Knagenhjelm oppfylt ynskjet om rutestopp.
Fjærland fekk sporadiske anløp av Fylkesbaatane alt i 1861, men fast rutebåt ein gong i månaden frå 1862.
Fardal
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877. Frå 1924 til 1927 sløyfa Fylkesbaatane Fardal som stoppestad fordi dei fekk sterk konkurranse av private rutebåtar som trafikkerte bygda. Sjå meir om dette under Slinde kai:
Lunden første stoppestad.
Jordal
på vestsida av Fjærlandsfjorden var i gamal tid eit senter for grendene langs fjorden, og fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1884.
Kaupanger vart tidleg ein av dei viktigaste ferjestadane i Sogn og Fjordane.
I 1939 vart det sett opp ei ny ferje mellom Kaupanger og Lærdal, samstundes som det vart starta ferjerute Lærdal-Gudvangen. Etter at tunnelsystema opna, vert Kaupanger berre nytta som ferjeplass i sommarhalvåret, då Fylkesbaatane set opp ei turistrute Lærdal–Kaupanger–Gudvangen.
Mellom Kaupanger og Årdal vart det sett opp bilferje frå 1957.
Ekspressbåten på Sogn
starta rutene i 1971. Den hadde Årdalstangen som endestopp, og gjekk opp under Kaupanger fram til 1996. Då gjorde dei nye veg- og ferjesambanda over Manheller-Fodnes at Sogneruta vart avkorta, slik at Sogndal sidan har vore endestopp.
Fjærland fekk ferjesamband med dåverande kommunesenter Balestrand i 1974. Etter hard kappestrid med dei som arbeidde for at tverrsambandet i Sogn og Fjordane skulle gå via Høyanger, vart Fjærlandstunnelen (6.397 meter) opna i 1994. Samstundes vart det starta riksvegferje mellom Mundal i Fjærland og Hella på austsida av munningen til Fjærlandsfjorden.
Loftenesferja
- sjå:
Ferje og bru over Loftesnessundet.