·
Meieria i Luster
·
Landhandlar i Luster
·
Reiselivsverksemder i Luster
ANDRE VERKSEMDER:
Fehandel og driftekarar
På 1700- og 1800-talet var det mange driftekarar i Jostedal, Luster og Hafslo som vart rike på fehandel til Austlandet. Les meir:
·
Krøterdrifter over Jostedalsbreen og Sognefjellet
·
Drapet på driftekar Erik Høyheim
fargeri og fargeproduksjon i Marifjøra vart starta av Andreas Beheim i 1872.
Thoralf Holene starta som lastebilsjåfør heime i Valdres i 1936, og flytta verksemda til Hafslo i 1940.
Marheim & Raaum utstyrsforretning
vart starta i 1948 i Marifjøra av N. Marheim og S. Raaum. Dette var ei spesialforretning som selde elektriske artiklar, kjøkenutstyr, sportsartiklar og jernvarer.
Fuhr fargehandel
Nils Fuhr dreiv i ein kort periode på 1950-talet ein fargehandel i Luster. Butikken låg like ved Luster Mekaniske verksted.
Starta som ei dyrkareigd verksemd i 1958, og bygde eit anlegg på kring 1.000 kvadratmeter i Høyheimsvik.
Hillestad Traktorservice AS
på Galden i Hafslo vart starta i 1969 av Johannes Hillestad. Verksemda driv reparasjon og sal av landbruksmaskiner, og har i 2006 fem tilsette.
Det første handelssenteret i Sogn og Fjordane vart bygt i Gaupne i 1985. Forretningar og servicekontor ligg rundt eit overbygt torg som har ein spiss takkontruksjon i glas.
Luster Fjordhytter
- sjå
Næss sine verksemder i Høyheimsvik.
Luster arbeids- og treningssenter
vart starta på Grandane i Gaupne i 1991. Her driv ein m.a. med vedproduksjon. Sidan 1992 har ein også drive og vaskeri og postrute m.a. til 20 statlege og kommunale etatar i Gaupne. Senteret har også ansvaret for drifta av kantina i rådhuset (2003).
|
Fjordstova i Skjolden. (Foto: Ottar Starheim, NRK) |
Fjordstova AS
i Skjolden vart bygt i 1994. Den inneheld turistinformasjon, samfunnshusfunksjonar, badeland, klatrevegg, husflidutsal, biliotekfilial og kafé.
Fjordfilm
vart starta på Hafslo i 1996 av Johnny Flaten. Han driv film- og videoproduksjon m.a. for utanlandske reklameselskap.
Luster Arbeidssenter AS
i Gaupne vart starta i 1998 som eit prøveprosjekt for "Arbeid med bistand", støtta av Arbeidsdirektoratet. Ved senteret er det eit mål at yrkeshemma ved tilrettelegging av oppgåvene kan haldast aktive i arbeidslivet.
Luster Grønt AS
skipa 1998 – sjå
Luster Frukt- og potetlager.
|
Sognefjord.net i Veitastrond. (Foto: Randi Indrebø, NRK) |
Sognefjord.net
Reklamebyrå starta i 1999 i Veitastrond med Bjørn Skovly i spissen. Produserer reklamemateriell. Hadde fire medarbeidarar i 2003. Held til over Matkroken, nærbutikken på Veitastrond.
Lustrafjorden Kro AS
- sjå
Næss sine verksemder i Høyheimsvik.
MNP - Multi Net Partner AS
- vart starta i 2001 i Gaupne. Ein av grunnleggjarane var Steinar Alvær. Verksemda er eit servicesenter som nyttar telefon og internett for kontakt mellom ulike produsentar av varer og tenester og aktuelle kundar for desse. Frå starten hadde verksemda 12 fast tilsette og fire på deltid. Verksemda har avdelingar også andre stader i Noreg.
I 2004 starta Odd John Bugge og Svein R. Wergeland ein av dei første hjortefarmane i Sogn Fjordane på Ornes.
Næringstun i Kroken
I 2006 bygde Sørsida Eigedom AS eit lite industribygg i Kroken der småbedrifter på sørsida av Lustrafjorden kan leige lokale. Bygget husar m.a. små verksemder for vidareforedling av frukt, bær, kjøt og fisk, samt husflid. Varene vert selde gjennom eit felles salsapparat.
Lustramat BA
vart skipa i 2006 og er eit firma som organiserer omsetninga for produsentar av lokal mat og drikke. Produkta vert selde frå eigne hyller i daglegvarebutikkar kringom i kommunen.