|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Luster: Drapet på driftekar Erik HøyheimDriftekarane var kjende for å vere stinne av pengar når dei vende heim etter å ha fått oppgjer på Austlandet. Det enda tragisk for driftekar Erik Høyheim. Publisert 23.06.2003 14:36. Oppdatert 10.11.2003 10:15.I 1817 var driftekaren Erik Høyheim frå Luster på veg heim att med ei velfødd lommebok. Han hadde overnatta hjå Botolv Johannesson i Nondalen i Årdal før han om morgonen la over fjellet mot Krokadalen. Men husverten Botolv lurte seg etter Erik til fjells.
Kasta i jøletFør han drog heimefrå hadde Botolv sagt til drengen at han skulle til skogs på lauving, og dersom drengen høyrde noko, så skulle han ikkje bry seg. Etter denne dagen vart driftekar Erik Høyheim søkk borte, sjølv om leitemannskapa saumfor fjellet. Men ei stund seinare fortalde budeier frå Krokadalen at dei hadde sett ein kar som hadde kome berande på ein tilsynelatande livlaus kropp. Liket hadde han kasta ned i eit gjøl.
Smurde sorenskrivarenNo vart liket av Høyheim funne, og Botolv Johannessen vart kalla inn til forhøyr. Men så vert det hevda at han kjøpte seg unna straff ved å bestikke sorenskrivar Irgens i Solvorn med eit feitt okseslakt!
Alle fekk straffEtter segna gjekk det ille med alle som skulle kjenne løyndomen kring det som truleg var eit drap:
- Nokre år seinare vart Nondals-bonden Botolv drepen av ei helle som losna frå fjellet. Segna seier at han freista å røma unna steinhella, men ho fylgde jamvel etter han i motbakke, gjorde eit brått kast til sides og slo han i hel.
- Også den svikefulle sorenskrivaren gjekk det ille: Då han låg som lik, kom ein mann som skulle vere gjenferda etter den drepne driftekaren Høyheim og vreid hovudet av liket.
- Drengen på garden i Årdal kjende nok også til sanninga kring mordet, og løyndomen vart så tung å bere at han miste vetet.
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|