Fram til 1565 var heile Sogn samla i eitt len - dvs. den tids "fylke". Men dette året skilde den dansk-norske kongen ut Dale prestegjeld i Luster som eige len - med eigen lensherre.
Dei gamle kommuneeiningane:
Hafslo-bygda vart frå gamalt av kalla "Folk" - seinare "Fylkesbygda", og kommunesenteret i denne kommunen var ved storgarden Mo ved Hafslovatnet. Første ordførar i Hafslo kommune i 1838 var Ola Trondson Lid (1788-1853).
Ved skipinga av kommunen i 1837 vart Kinsedal og Ornes sokn overførte frå Årdal/Lærdal prestegjeld til Hafslo.
Den gamle Hafslo kommune omfatta såleis på austsida av Lustrafjorden: Ytre Kroken, Ornes og Kinsedal. På vestsida av fjorden: Solvorn, Ytre Hafslo, Veitastrond, og Molland, Fet, Joranger, Marifjøra, som utgjer Indre Hafslo - og grenda Eikum ved Lustrafjorden.
Ved Marifjøra grensa Hafslo kommune mot Luster kommune i Røneidsberget.
Fram til 1875 heldt kommunestyret møta sine i ei lite stove på prestegarden. I 1875 bygde Hafslo kommune eige kommunehus på"Hauståkrane". Hafslo bygde nytt kommunehus i 1955.
Luster kommune
Luster kommune hadde kommunesenteret sitt i Luster-bygda.
Melchior Schelderup Olsson Fuhr vart første ordførar i 1838.
På austsida av Lustrafjorden gjekk grensa mot Hafslo kommune mellom Indre og Ytre Kroken, og på vestsida mellom Marifjøra og Gaupne ved Røneidsberget.
Mot Jostedal kommune gjekk grensa mellom Alsmo og Myklemyr. Vigdal på "Jostedal-sida" av fjellet høyrde også inn under gamle Luster kommune.
Dei første åra vart kommunestyremøta haldne i høvelege privathus i Luster - frå 1847 hjå Tomas Klingenberg. Men i 1849 sto den nye fastskulen ferdig på Bringebakkane i Luster (sjå:
Fastskular i Luster), og frå då av vart denne nytta til kommunale møte. Kommunestyremøte vart også haldne i den gamle Tingstova på Døsen - sjå:
Handelsstaden Døsen.
Luster Sparebank bygde eige hus i Luster i 1900. Men bygget brann i 1912, og i nybygget som stod ferdig på Fuhr i 1913, fekk kommunen kontor. Der heldt administrasjonen i Luster kommune til fram til kommunesamanslåinga i 1965.
Jostedal kommune
var ein av dei minste kommunane i fylket med under 1.000 innbyggjarar då den gjekk inn i storkommunen Luster i 1965.
Den grensa mot Luster kommune sør for Myklemyr, men sidedalen Vigdal høyrde til gamle Luster kommune. Jostedal kommune var den siste kommunen i fylket som var utan elektrisk straum, og fekk ikkje kraftforsyning før i 1958.
Jostedal kommune nytta frå 1885 skulehuset på Bjørk som "kommunehus" fram til 1907, då kommunen kjøpte eit hus på Bruvoll som Christoffer Kronen hadde nytta som handelsbu. I huset var det plass til kommunestyresal, kontor for sparebanken, og ei folkeboksamling. Nytt kommunehus vart bygt like ved i 1949. Dette huset vart etter kommunesamanslåinga i 1965 nytta som skulehus fram til 1968 for folkeskulen og framhaldsskulen. Dessutan var det banklokale for Jostedal Sparebank- og legekontor fram til 2000, då det var selt til privatbustad.
Storkommunen Luster
vart skipa ved den store kommunereguleringa i 1965. Rådhuset i Gaupne vart bygt i 1968.
 |
Rådhuset i Luster. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
Målforma i kommunane
Nynorsk vart teke i bruk som administrasjonsmål i Luster og Hafslo kommunar i 1911, og i Jostedal i 1923.