|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Vik: Per Hovland | Per Hovland. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane |
Per Torson Hovland (1870-1957) frå Vangsnes. Bonde, frakteskipper og Høgre-, seinare Bondeparti-politikar, m.a. ordførar i Balestrand 1923-1925. Publisert 29.07.2002 11:26. Oppdatert 20.11.2006 08:48.Gjekk folkehøgskulen i Sogndal 1890-1891 og tok over farsgarden i 1894.
JektebyggarVed sida av bondeyrket, var han jektebyggjar og jekte/fraktebåtskipper som eigde jekta "Britannia" og skyss- og slepebåten "Fridtjof". Han dreiv også eit lite skipsbyggeri på Vangsnes.
Gav ut "Sognevarden"Hovland hadde tillitsverv i kristelege lag i Sogn og gav ut bladet "Sognevarden" saman med andre. Han sat 1904-1925 i Balestrand kommunestyre, 18 år av desse som varaordførar og 1923-1925 som ordførar. Han var også medlem av skulestyret.
Ekskludert for nynorsksympatiStortingsrepresentant for Høgre 1919-1921, då han vart ekskludert frå partiet på grunn av sine sympatiar for nynorsk og fråhaldssak. Melde seg seinare inn i Bondepartiet, og vart stortingsrepresentant for Bondepartiet 1934-1936.
Far til Per P. Hovland (f. 1900).
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|