|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Gaular: Planar for Ålfoten, Gaula og LærdalFylket la storfelte planar, men nedgangstidene gjorde at korkje Gaula eller Lærdalselvi vart bygd ut. I Ålfoten vart eit stort linenett bygd ut, men ingen kraftstasjon, og selskapet havarerte med botnlaus gjeld. Publisert 26.04.2002 14:41. Oppdatert 10.05.2002 10:04.I nedgangsåra etter 1. verdskrig fall botnen ut av marknaden for det nybygde aluminiumsverket i Høyanger. Høyangfallene, som hadde bygd ut kraftstasjonane der,
kom med tilbod til Gaulasamskipnaden om at deira distrikt kunne få kjøpe kraft frå Høyanger.
NACO vil selje straumI forhandlingane som fylgde, prøvde Norsk Aluminium CO - NACO å få i stand ein leigeavtale for kraft frå Høyanger etter modell av den avtalen som Ålfotselskapet hadde gjort med kraftverket i Svelgen, og som seinare førde til så store problem:
NACO kravde å få leige ut minst 10.000 Hk. for ei fast årleg leige på minst 420.000 kroner i 10 år. Gaulasamskipnaden skulle sjølv syte for bygging av leidningsnett for 10 millionar kroner.
Både fastpris og investeringar ville blitt langt større enn i Ålfot-prosjektet. Hadde krafthandelen blitt gjennomført, kunne Gaulasamskipnaden fått langt større problem enn Ålfot-selskapet fekk.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|