SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Stryn:

Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik

Sentrum i Utvik. (Foto: NRK)
Sentrum i Utvik. (Foto: NRK)
I tettstaden Utvik har det vore gjestgjevarstad og handel heilt frå tidleg 1600-talet. T.d. hadde Kristen K. Busch kongebrev på handel her i 1710.

Publisert 09.04.2002 09:43. Oppdatert 30.11.2006 10:32.
Handelsstaden Rugsund i Bremanger var eigd av Thomas Friis. Han eigde også deler av Myklebust - den eldste storgarden på Eid, og var mellom andre eigar av handelsstaden Utvik frå 1774.

Då Den Trondhjemske Postvei vart opna i 1795, låg skysstasjonen for ferga over fjorden i Utvik.

Handelsmennene i Utvik låg støtt i strid med dei mektige kremmarane på Tonning i Stryn og retten til handel i Indre Nordfjord. I 1856 fekk Den Trondhjemske Postvei i Stryn frå Haus i Hordaland skøyte på handelsstaden.

Nye båtruter og ny veg

I 1856 fekk Jacob Neumann Hammer skøyte på handelsstaden. I 1858 skapte Amtsbaat-rutene nye reisemønster i Nordfjord, og betre vart det ikkje for Hammer i Utvik då vegen vart bygd mellom Breim og Sandane. Dermed hadde nord-sør-ruta på Den Trondhjemske Postvei i Stryn utspelt sin rolle, og kjøpmann Hammer vart tvinga til å selje i Utvik. Han kompenserte tapet ved å byggje nye hotell på Reedbakken på Re i Breim og på Skei i Jølster - Skei Hotell. Hammer gav seg ei stund etter med hotelldrift, og reiste til Amerika.

Johan Loen tok over i Utvik, og bygde Hotel Britannia i 1890. Dette eksisterer framleis, og vart ei tid drive under namnet Gjestgivergården.
Johan Loen bygde Hotel Britannia. (Foto: Arild Nybø, NRK)


Industrieventyr

Langs den vesle elva som renn i fjorden ved kyrkja grodde det opp eit lite ”sunnmørs-eventyr” med småindustri og handverksbedrifter. Dei første fekk drivkrafta frå vasshjul, men frå 1913 hadde Utvik eige bygdekraftverk.
Ei av dei største bedriftene nede på elveøyra var Hammerstad hesteskofabrikk, starta i 1898. Også Jon M. Bergset dreiv ei tid hesteskofabrikk og handel i Utvik. Fabrikkbygningane til Hammerstad hesteskofabrikk står framleis ved riksvegen. Det gjer også Utviken Kloggfabrikk, grunnlagt 1917 av Peder Elais Olson Verlo. Fabrikken laga tresko, og brukte også bastatog for fletting av sko ei tid (laga av lokal bast frå lindetre).
Langs elva låg m.a. Utviken Trevarefabrikk, starta av Peder Pederson Verlo og Abraham Kårstad, seinare drive av Jens Myklebust og Anders T. Valaker. Dei laga pinnestolar. Vidare nedover: Utvik Tøndefabrikk og Utvik Elektriske Sagbruk og Høvleri.
Utvik Mek. Verksted vart starta i 1930 av Marius K. Verlo og laga m.a. hydrauliske biltippar og sakbruksutstyr, og smeden Leif Berge laga landbruksutstyr, møbelbeslag. og produserte bordflaggstenger i messing. Ragnvald Bergset starta Bergset Skifabrikk i Utvik i 1933 og dreiv den nokre år.

I eit eldre hus ved sentrum starta Elias M. Sølvberg i 1925 privat snikkarskule, som kommunen overtok i 1939 og dreiv vidare, og kring vegkrysset og dampskipskaia starta E.A. Sølvberg landhandel i 1874, og fleire fylgde etter.
Moelven Bruk si Vestlands-avdeling starta i Utvik i 1947, og har etter kvart under namnet Fjordtre Produkter A/S og seinare Dooria vakse seg til ein av dei største produsentane i landet av dører med avdeling i Årdal og i utlandet og med ei årsomsetning på fleire hundre millionar. Bygdefolk i Utvik eig dei fleste aksjane framleis.

I 1960 starta Reidar Olav V. Hage ein liten sementsteinsfabrikk i Utvik.

Frå ”små-industribygda” Utvik kom også Anders Hansen, som grunnla Evebøfoss Fabrikker på Sandane i 1907, og brørne som grunnla slipp- og skipshandelfirmaet Verlo AS i Vågsøy kommune.


På Sjøbua i Utvik er det både kafé og daglegvarehandel. (Foto: Arild Nybø, NRK)


Sjå og Handel og gjestgjeveri i Utvik


MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no