SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Stryn

Skulefritidsoprdninga på Tonning skule. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Skulefritidsoprdninga på Tonning skule. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Publisert 18.03.2002 10:26. Oppdatert 14.02.2007 08:09.

TIDLEGARE SKULAR I STRYN:

Privatskule på prestegarden

Presten Eilert Patric Juul dreiv privatskule for unge gutar i prestegarden i Stryn på 1870-80-talet. Skuleforma var forløparen til dei kristelege folkehøgskulane. Då han seinare flytta til Aurland, starta han skule også der (sjå "Skular i Aurland").

Første skule i Innvik

Første faste skulebygning i Innvik vart bygd 1846 av lærar Ola Arneson Drageset.

Første framhaldsskulen

Arne Larsson Skarsten f. 1824 i Innvik, var den første som starta framhaldsskule i Nordfjord. Han heldt også førebuande kurs for ungdom som ville gå lærarseminaret eller underoffiserskule. Kursa heldt han i Innvik, der han var kyrkjesongar.

Amtsskulen i Fjordane

heldt frå 1886 til i Innvik nokre år. Skulen starta som Amtsskulen på Apalset i Gloppen 1876, men etter nokre år vart konservative krefter redde for den radikaliseringa som skulen førde med seg, og kutta driftstilskotet frå kommunen. Dermed vart skulen ”pressa” bort og hamna i Innvik nokre år. I den tida amtsskulen låg i Innvik, heldt skulen til i stova på Persbruket på Skåden. Den spesielle bustaden ”Minde” nede ved sjøen vart nytta som rektorbustad. Minde var ei avkorting for ”J.S. Cammermeyers Minde” fordi sokneprest Cammermeyer kring 1815 bygde hus og ein uvanleg hage med springvatn og eksotiske vekstar der. Minde vart i 1892 kjøpt av grunnleggjaren av Indvikens Uldvarefabrik, Wald P. Skaaden , og har sidan vorte nytta som bustad av Skaaden-slekta.
Ein annen kjend skulemann som fylgde med til Innvik, var mållagsmannen Elias Melvær Kjende personar i Askvoll fødde år 1800-1900. Han budde på Bechvoll Krigshistoria i Stryn.
I 1900 kom amtsskulen, eller ”fylkesskulen” til Nordfjordeid, der den seinare vart heitande Fjordane folkehøgskule.

Skulemålet

Stryn kommune var den første i Sogn og Fjordane som tok nynorsk i bruk både i skulane og kyrkja. Like etter at Stortinget i 1892 vedtok at nynorsk kunne vere hovudmål i skulen, vart det innført i Stryn (sjå elles Jon Fridtun).

Husmorskulen i Stryn

I 1912 kom husmorskulen i gang, med Malene Sandved som første styrar. Fylket kjøpte i 1914 Hotell Central frå Peter Tenden som skulebygning.

Mindresunde og Langvin jordbruksskular

I 1944 kjøpte fylket den store prestegarden Langvin i Innvik, og flytta jordbruksskulen dit i 1950.

Snikkarskule

Elias Matiasson Sølvberg dreiv frå 1925 til 1939 privat snikkarskule i eit eldre hus i Utvik sentrum. Frå 1939 dreiv Innvik kommune skulen.

Kunstskule

I mellomkrigstida dreiv den nederlandske venen til millionæren William Henry Singer jr. i Olden, Jaap Doijward, privat kunstskule for unge målartalent. Mellom dei som har studert hos Doijward er Harry Botn frå Stårheim, og Kåre Sunde frå Innvik.

Stryn realskule

vart starta i 1937 av Sjur Skare, og driven som privatskule heilt til Stryn kommune gjennomførte obligatorisk ungdomsskule i 1956.

Ungdomsskulen.

Ni-årig grunnskule

Stryn starta 9-årig skule i 1956 i skulen på Bø. Stryn var ein av dei første kommunane i landet som innførde den nye grunnskuleordninga.

Stryn vidaregåande skule

Gymnasundervisning vart drive i regi av friundervisninga frå 1970, til den gjekk inn i Stryn vidaregåande skule i 1972.

Private barneskular i Stryn

Privatskular på barneskuletrinnet som protest mot skulesentraliseringar har det vorte drive ved to høve i Stryn kommune.

Flo Fotballskule

Det sterke fotballmiljøet i Stryn med Flo-karane i spissen la i 1999 grunnlaget for Flo Fotballskule, som sommarstida held fotballkurs for unge fotballtalent mellom 7 og 14 år.

Norskundervisning

I samband med asylmottaket i Stryn er det sett i gang organisert undervisning i norsk for innvandrarar og asylsøkjarar.

DAGENS SKULAR I STRYN (2002):
Loen skule. (Privat foto)

Stryn vidaregåande skule, Stryn.

Frå toppen: Storesunde skule, Tonning skule og Blakset skule.

Kommunale skular:

Hjelle skule: 1.-7. klasse 37 elevar.

Storesunde skule: 1.-7. klasse 41 elevar.

Tonning skule: 1.-7. klasse 270 elevar.

Stryn ungdomsskule: 8.-10. klasse 183 elevar.

Loen skule: 1.-7. klasse 68 elevar.

Utvik skule: 1.-4. klasse 11 elevar.

Innvik skule: 1.-7. klasse 70 elevar.

Nordside skule 1.-7. klasse 42 elevar. - Bygget rommar også barnehage.

Rand skule: 1.-7. klasse 17 elevar.

Oldedalen skule: 1.-7. klasse 17 elevar.

Olden barne- og u.-skule: 1.-10. klasse 200 elevar.

MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no