På Ulvedal ved Blakset står framleis den gamle vetestova, der mennene som vakta Ulvedalsveten søkte ly. Den vesle bygningen er restaurert, og har bygningelement som truleg skriv seg tilbake til mellomalderen.
Til soldaten Absalon Bentson Drageset (1691–1754) i Innvik knyter det seg ei grufull soge frå 10-årskrigen mot svenskane tidleg på 1700-talet:
Den gamle eksersisplassen
Nordfjordske Nationale Musketér Compagnie, også kalla Strynske Compagnie, leigde frå 1837 eksersisplass på garden Tonning. Frå 1791 vart storgarden Mindresunde sjefsgard for Stryne-kompaniet, men mange offiserar fann det mest praktisk å bu på Årnes og Visnes. Fleire kompanisjefar, m.a. major Fredrick von Meidel, budde på Verlo i Utvik 1748–1776. Andre offiserar valde å bu i Innvik.
Tidleg på 1700-talet vart også Loøyra i Loen nytta som eksersisplass for kompaniet. Dette hadde samanheng med at fleire av offiserane på den tida budde i Loen.
Garden Skåden i Innvik vart på 1600-talet og til slutten av 1700-talet nytta som klokkargard og som såkalla ”enkjesete” for presteenkjer i bygda. I 1800 vart garden kjøpt av kaptein Dominikus Nagel Bech.
I Utvik budde det fleire offiserar på 1700-talet. Dei tenestegjorde som kommandantar og befal for dei lokale militærkompania i indre Nordfjord.
Ei historie om nokre soldatar frå Olden som kryssa breen på veg heim frå krigsteneste ved svenskegrensa, skriv seg frå 1815.
2. VERDSKRIG:
frå Stryn vart ein av dei norske militære frontfigurane ved krigsutbrotet 9. april 1940.
Bombinga av Stryn 1940
Stryn vart bomba 24. april 1940. Fleire tyske bombefly slepte store mengder sprengbomber og brannbomber over sentrum, men trefte dårleg. Dei skaut også på bygdefolk som rømde til skogs, men som ved eit mirakel vart ingen drepne eller såra. Fleire hus i Stryn sentrum vart sterkt skadde, eitt av dei var kommunehuset. Også på Hjelle og i Tunoldsvik i Oppstryn vart det sleppt bomber.
 |
Det gamle skulehuset/kommunehuset vart skadd i bombeåtaket. Foto: Martha Aarnes |
Dei allierte ville opne Strynefjellet
I aprildagane 1940 hadde dei allierte planar om å setje i land britiske soldatar som skulle ta seg over Strynefjellet og setjast inn i kampen mot dei tyske soldatane ved Otta i Gudbrandsdalen. Kring 400 nordmenn vart i all hast mobiliserte for å måke opp Strynefjellsvegen slik at britane kunne kome seg over fjellet. Snøryddinga stod på ei vekes tid før den vart stogga. Då hadde tyskarane nådd så langt med hærtoget opp Gudbrandsdalen at det ville vere fåfengt å sende forsterkingar til Otta.
27. april 1940 var ein tysk Heinkel 111 H-1 på bombetokt i Romsdal då det kom i kamp med to engelske Blackburn Skua kampfly.
Britiske rømlingar i Stryn
På same vis som i Årdal - freista britiske soldatar som flykta frå kampane i Gudbrandsdalen og ta seg ut til kysten gjennom Stryn. Ei gruppe på 29 britar gjekk over Strynefjellet til fots. Lastebilsjåfør Kristian Egge og eit par hjelpesmenn skyssa dei britiske soldatane til Nordfjordeid. Der overtok Ingebrigt Naustdal (
Naustdal Auto A/S) og Osvald Botn og fekk britane utover mot kysten. Der vart dei henta av britiske krigsskip.
Tyskarane bygde ein av sine største militærleirar i Sogn og Fjordane i Stryn. Den viktigaste grunnen var vern av den strategisk viktige Strynefjellsvegen i tilfelle ein alliert invasjon.
 |
Stor tysk militærparade gjennom Stryn sentrum. Frå boka "Stryn under mhakekorsflagget". |
Okkupantane rekvirerte ei mengd private bygningar og hotell.
Plan om leir for krigsfangar
Tyskarane førebudde i 1942 ein leir for russiske krigsfangar på Bø, men leiren vart ikkje noko av.
På Skjolden bygde tyskarane ei høg radiomast og innstallerte ein radiostasjon som hadde direkte kontakt med hovudkommandoen i Berlin.
Fem nordfjordingar – fire frå Vågsøy og ein frå Innvik – vart drepne då frakteskuta «Store Bill» frå Måløy vart bomba.
Siste fase av krigen
Milorggruppa "Snowflake" etablerte seg i Ålfot-fjella vinteren 1945, og då skulle ei av hovudoppgåvene vere å sikre at tyskarane ikkje øydela den særs viktige rikstelefonsentralen i Stryn. Seinare lensmann Sigmund Årnes var sjef for Heimestyrkane i Stryn.