I 1845 vart Stryn delt i to kommunar – Stryn og Innvik:
Stryn kommune omfatta i hovudsak bygdene i Strynedalen og Loen.
Innvik kommune var "delt" av fjorden: På Nordsida grensa kommunen mot Gloppen ved Hopland, og mot Stryn kommune ved Faleide. Nordover i Markane strekte Innvik kommune seg til Sindre. På sørsida av Nordfjord gjekk grensa mot Stryn mellom Loen og Olden, og mot Breim og Gloppen på Utvikfjellet og ved Moldreim.
Fleire gonger i mellomkrigstida fremja ei aksjonsgruppe i Olden framlegg om at Olden skulle skiljast ut frå Innvik kommune som eigen Olden kommune. Innvik kommunestyre gjekk i 1932 med 18 mot 6 røyster inn for deling, men fekk ikkje medhald frå sentralt hald.
Fram til 1848 høyrde dei to øvste gardane i Frøysadalen i Sunnylven; Nordbrekke og Vollset, til Flo-bygda i Oppstryn. Ved ein kongeleg resolusjon i 1848 vart dei overførde frå Stryn kommune til Sunnmørs-kommunen Sunnylven.
Økonomisk katastrofe
Bygging av kommunalt kraftverk i 1920 i Markane vart ein økonomisk katastrofe for Stryn kommune og Stryn Sparebank. Dyrtid og nedgangstider gjorde at både kommunen og banken vart sette under administrasjon av staten, og først ved akkord i 1937 kom dei seg ut av vanskane.
Samanslåing
Ved kommunereguleringa i 1965 vart Innvik, Stryn og storparten av Hornindal slegne saman til storkommunen Stryn. Første ordførar i storkommunen var
Knut Mork. Honndølene var sterkt misnøgde med å hamne i storkommunen, og fekk i 1977 Stortinget til å skilje Hornindal ut att som eigen kommune (sjå "
Kommunehistoria i Hornindal").
Kommunegrenser
I dag grensar Stryn mot kommunane Stranda på Sunnmøre og Skjåk i Oppland ved fylkesgrensa, mot kommunane Luster og Jølster oppe på Jostedalsbreen, mot Gloppen kommune på Utvikfjellet og ved Moldreim, mot Eid kommune ved Hopland og Holmøyane, og mot Hornindal kommune i Markane ved garden Sindre.
Kommunale bygg
I Stryn sentrum vart kommunehuset sterkt skadd etter bombing i 1940. Nytt rådhus stod ferdig på Tonning i 1943.
Stryn kommune var ei av dei første i landet som innførte 9-årig ungdomsskule i 1956. Den var også den første som tilsette kommunal tiltakssekretær (1967) og reiselivssjef (1978) i Sogn og Fjordane. Kommunen bygde kulturhus i 1971, som m.a. husar ei av landets eldste folkeboksamlingar (gjeven av Jakob Tonning i 1797), og ei kunstsamling etter Ansgar Leiten. Huset brann i 1985, men vart bygd opp att, ferdig 1991. Kommunen bygde symjehall 1973, og bygde fylkets første storhall for idrett – Strynehallen - i 1987.
|
Gamle brannstasjonen bygd i 1926 |